Hemsingfestivalen 2023

Søndag

Dag 5, 26. februar

Onsdag

feb

22

Torsdag

feb

23

Fredag

feb

24

Laurdag

feb

25

Søndag

feb

26

 
Avslutningskonsert
feb
26

Folkemusikkmesse i Aurdal kirke

11:00 / 1t
Gratis / fri inngang
Registrer deg her

Dette er ei gudsteneste der alle dei liturgiske ledda er komponerte i folkemusikktradisjon av Jo Asgeir Lie. Salmane som skal syngast, har norske folketonar.

Ål i Hallingdal har slike gudsteneste med jamne mellomrom. Dei som har opplevd folkemusikkmessa, fortel om glede og ei god oppleving av gudstenesta. Folkemusikken bidreg til ei spennande fornying. Prosten gler seg til samarbeidet med dei dyktige musikarane som skal vere med under gudstenesta. Han håpar mange finn vegen til Aurdal kyrkje denne søndagsformiddagen.

Folkemusikkmessa er eit samarbeid mellom kyrkja og Hemsingfestivalen. Med prost Carl Philip Weisser og prest Kristine Inderhaug Fosheim.

Trykk her for program

Musikarar: Gjermund Larsen, Einar Olav Larsen, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing (fele og hardingfele), Jo Asgeir Lie (trekkspel), Monica Korsli Solberg (orgel)

Prestar: Prost Carl Philip Weisser og sokneprest Kristine Inderhaug

Kyrkjekaffi: Etter messa i Menighetshuset fram til avslutningskonserten for Hemsingfestivalen i Aurdal kyrkje kl. 13.00

 
Avslutningskonsert
feb
26

Avslutningskonsert i Aurdal kirke

13:00 / 1t 30min
490,-
Kjøp billett

Denne konserten set punktum for Hemsingfestivalen 2023. Me takkar for stor innsats frå utøvarar som er komne frå fjern og nær, for uvurderleg støtte og hjelp frå frivillige støttespelarar – enten dei har brukt hender eller gitt pengar, frå publikum og andre som har framsnakka festivalen.

Konserten her blir eit verdig punktum og ein hjarteleg invitasjon til neste års festival.

Trykk her for program

♫ Grieg: Fiolinsonate No 2 i G Dur.
Eldbjørg Hemsing, Anna Fedorova

♫ - solo -
Thibaut Garcia

♫ Granados: short pieces, 5 min | Marais: «Les voix humaines»
Thibaut Garcia, Jonathan Roozeman

♫ Vaughan Williams: Piano Kvintett i C moll.
Ragnhild Hemsing, Adrien La Marca, Andreas Brantelid, Nicholas Schwartz, Anna Fedorova

Forrige dag

feb

25