Hemsingfestivalen

Konsertserie

sep
27

Smak av haust med Ragnhild Hemsing

18:00


Velkomen til ein intim og variert konsert der me får høyre både Ragnhild Hemsing og ungdomar frå Hemsingfestivalens talentprogram FRAMR, som formidlar både klassiske perler og folkemusikalske skattar på høgt nivå.

Namn på ungdomane er:
 - Bård Elias Nystøyl, song
 - Hilda Beskow, fiolin
 - Aurora Haagenrud Fladmoe, fiolin
 - Randi Winnem Tvedt, cello
 - Frøydis Olhans, fiolin
 - Jens Svenkerud, fiolin, hardingfele - akkompagnert av Vadim Borodin, klaver

Musikk av mellom andre Bach, Halvorsen, Cleve, Grieg og Milhaud – i tillegg til norsk folkemusikk!

Pris:
 - Utsøkt 5-rettars sesongbasert meny og konsert gjennom kvelden: kr 2050,-

 - Overnatting med stor frukost frå fredag til sundag: kr 2050,- per person

 - 3-rettars middag fredag kveld: kr 750,- per person


Billettar og booking via e-post til Nythun: post@nythun.com

sep
28

Huskonsert i Ballsalen

12:00
300,-
Barn/student: 150,-

dec
22

Klassiske førjulstonar

18:00

For åttande gong inviterer Valdres sommarsymfoni og Hemsingfestivalen til ei stemningsfull julekonsert i Trykkeriet kulturarena.
Dei kunstnariske leiarane – Eldbjørg og Ragnhild Hemsing frå Hemsingfestivalen og Guro Kleven Hagen frå Valdres sommarsymfoni – tek med seg gode musikalske vener og sørgjer for ei kveld med varme, nærleik og julestemning frå første tone.

Sidan 2017 har dette vore ein kjær tradisjon – og vi gledar oss til å dele førjulstida med deg igjen!

Billettar!