Hemsingfestivalen 2023

Torsdag

Dag 2, 23. februar

Onsdag

feb

22

Torsdag

feb

23

Fredag

feb

24

Laurdag

feb

25

Søndag

feb

26

 
 
Workshop-FRIKAR
feb
23

Workshop med FRIKAR for festivalens talentprogram

11:00
Lukka arrangement

 
Workshop-Granli
feb
23

Workshop med Jan Beitohaugen Granli for festivalens talentprogram

12:15
Lukka arrangement

 
Lunsj på Noraker
feb
23

Rakfisk, Forte Fortissimo, konsert og lunsj på Noraker

12:00 / 2,75 t
750,-
Kjøp billett

Konsert og lunsj på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikare bidreg med musikalske godsakar. Etter dette kan ein gi seg hen til Noraker Gård sine mange rettar og variantar.

Trykk her for program

Programleiar: Erling Dahl Jr

Program med flygel:
Konserten startar kl 12:00, og blir etterfulgt av lunsj.

♫ Paganini: sonata + romance
Thibaut Garcia, Eldbjørg Hemsing

♫ Thibaut Garcia solo

♫ Schnittke: String Quartet No. 3
Goldmund Quartet

 

Meistermøte
feb
23

Meistermøte folkemusikk, ope meisterklasse med læremeister Jan Beitohaugen Granli i "Speilsalen" i Frikar-Smia

14:00 / 1,5 time
200,-
Kjøp billett

FRAMR for klassisk musikk og folkemusikk er Hemsingfestivalens eige talentprogram. FRAMR rettar seg mot unge talent der dei møter utøvarar frå begge sjangrar og får innsikt i kva rolle folkemusikken har for den klassiske musikken og omvendt. Hovudelementa er: Audition, seminar om og med klassisk musikk og folkemusikk og danserytmar i folkemusikken, ope meisterklassar med instruktør, deltaking som musikarar i utvalde verk på konsertar.

FRAMR er det einaste og fyrste programmet i sitt slag som omfattar talent både innanfor klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein ope audition-runde. Fem unge talent er invitert til festivalen i 2023. Og tilbodet er gratis for deltakarane.

Talent: Frida Leanne Rogn (cello), Bjørg Pas (fiolin), Ane Stakston Aasen (fele), Andreas Grimstad (Bratsj) og Ragna Valde Sletten (flatfele).

Meistermøtet er ope for publikum.

 
Kurs i valdresspringar og halling
feb
23

Kurs i Valdresspringar ved Hallgrim Hansegård frå FRIKAR

16:00 / 1 time
200,-
Kjøp billett

Kjenn folketonane gi deg rørsle i heile kroppen - den ultimate festivalopplevinga for deg som vil spele på alle sansane for å oppleva kultur, dans og musikk.

Kle deg i noko laust og ledig og ta på deg gode dansesko!

 
Igloo-konsert
feb
23

Iskonsert, "Ein hyllest til naturen" med Terje Isungset ved Frikar-Smia (konsert nr. 1)

16:30 / 0,5 time
250,-
Kjøp billett

Ein hyllest til naturen! Ein stillferdig meditasjon der både konsertarenaen og alle instrumenta er laga av verdas viktigaste ressurs.

Ein intimkonsert. Me anbefalar varme klede sjølv om atmosfæra vert varm.

Isbar med sal av drikkevarer vert å finne ute.

foto: Knut Bry


Trykk her for meir info

Denne konserten skulle vere ein iglokonsert, men på grunn av mildvêr er det diverre no ikkje mogleg å byggje iglo. Difor blir igloen erstatta av ein jurt, som er eit mongolsk telt. Konserten er framleis utandørs ved Frikar-Smia, og konsertprogrammet med is-instrument er uendra.

Terje Isungset: Isofon, istrommer, ishorn, og isperkusjon. Terje Isungset sitt nyaste solo album ‘Glacial Poetry’ kom ut i 2022. Innspelinga vart gjort i ein iglo! Sjekk ut musikken her: Spotify

 
Igloo-konsert
feb
23

Iskonsert, "Ein hyllest til naturen" med Terje Isungset ved Frikar-Smia (konsert nr. 2)

20:00 / 0,5 time
250,-
Kjøp billett

Ein hyllest til naturen! Ein stillferdig meditasjon der både konsertarenaen og alle instrumenta er laga av verdas viktigaste ressurs.

Ein intimkonsert. Me anbefalar varme klede sjølv om atmosfæra vert varm.

Isbar med sal av drikkevarer utanfor igloen.

foto: Knut Bry


Trykk her for meir info

Denne konserten skulle vere ein iglokonsert,men på grunn av mildvêr er det diverre no ikkje mogleg å byggje iglo. Difor blir igloen erstatta av ein jurt, som er eit mongolsk telt. Konserten er framleis utandørs ved Frikar-Smia, og konsertprogrammet med is-instrument er uendra.

Terje Isungset: Isofon, istrommer, ishorn, og isperkusjon. Terje Isungset sitt nyaste solo album ‘Glacial Poetry’ kom ut i 2022. Innspelinga vart gjort i ein iglo! Sjekk ut musikken her: Spotify

 
peer-gynt
feb
23

PEER GYNT
Konsert med Marja Mortensson, Ragnhild Hemsing og TrondheimSolistene i Aurdal kyrkje

18:00 / 1,5 time
490,-
Kjøp billett

Om konserten
Programleiar: Erling Dahl jr.

Ikkje noko namn,nokon tekst eller nokon musikk har gått inn i det felles vokabularet vårt som Ibsens og Griegs Peer Gynt. Mange versjonar er laga og produserte over denne mangefasetterte personlegheita, og me får høyre korleis Ragnhild Hemsing handterer dette materialet. Me får også høyre Marja Mortensson framføre musikken sin på eigenarta vis, saman med TrondheimSolistene. Saman har dei òg utfordra og bestilt eit verk av komponisten Ørjan Matre, eit verk som skal få si urframføring her i kveld.

Festivalen anbefalar middag på Aurdalsstua i Aurdal eller på Danebu Kongsgaard.

Trykk her for program og for å lese om PEER GYNT-prosjektet til Ragnhild Hemsing og TrondheimSolistene

Program

♫ AAREHGÏJRE – “Tidleg vår” – ved
Marja Mortensson, TrondheimSolistene


♫ «Gaavnedien» - me to møtast, eit bestillingsverk av Ørjan Matre for Marja Mortensson, Ragnhild Hemsing og TrondheimSolistene (bestilt av Hemsingfestivalen)

♫ PEER GYNT, frå scenemusikken til Edvard Grieg op. 23
Ragnhild Hemsing og TrondheimSolisteneMusikk ved Marja Mortensson og TrondheimSolistene

Om PEER GYNT, frå Ragnhild

Edvard Grieg har sjølv sagt at Peer Gynt-musikken hans er inspirert av norsk folkemusikk. Med det i tankane har ønsket mitt med dette prosjektet vore å trenge djupare inn i lydverda til Peer Gynt-musikken og utforske det spennande skjeringspunktet mellom folkemusikk og klassisk musikk.

Eg har spelt folkemusikk parallelt med klassisk musikk gjennom oppveksten, og eg har alltid vore fascinert av både likskapane og kontrastane mellom dei to tradisjonane, når det gjeld spelestil og lydbilde. For meg berikar desse instrumenta og dei to sjangrane først og fremst kvarandre, når dei blir knytte til kvarandre. Faktisk har kombinasjonen av desse sjangrane vorte den musikalske identiteten min.

Eg synest det er veldig interessant å sette saman eit repertoar av verk av ein komponist som er inspirert av folkemusikken og folketradisjonane i sitt eige land. Musikkstykke i eit sliktrepertoar kan nokre gonger sitte naturleg og behageleg saman, men dei kan også innehalde kontrasterande element som skjerpar samanstillinga. Dette er innslaget – kontrasten – som opnar vegen for hardingfela, med slektskap til den klassiske fiolinen og folkemusikk-DNA-et den har. Det er ingen motsetningar i å ha begge instrumenta i same program, eller spele same musikk. For meg er det alltid viktig å vere open for påverknad utanfrå, og eg synest det er fantastisk at komponistar i dag ofte bruker folkemusikk på det musikalske språket sitt.

Scenemusikken til Peer Gynt kan no høyrast i ny kledning og lyd, arrangert av Tormod Tvete Vik. Eg har hatt ein idé og visjon rundt dette prosjektet i mange år og har alltid trudd at delar av musikken ville passe perfekt på hardingfela i kombinasjon med solofiolin og strykeorkester. Eg ønskte å dykke ned i stoffet i djupare musikalsk forstand, svært medviten om at folkemusikken og hardingfela var inspirasjonskjelda bak. Og eg er alltid open og klar for å bli overraska og utfordra undervegs i prosessen.

På fleire av dei nyarrangerte Peer Gynt-stykka improviserer eg på hardingfela. Med folkemusikk-røtene mine er det noko eg finn naturleg, og det er ein måte å svare på fridommen eg kjenner i musikken og på tradisjonen som eg ønskjer å bringe til den klassiske sjangeren.

Dette prosjektet er altså eit forsøk på å utforske samanhengen mellom norsk folkemusikk og klassisk musikk ved å gjenopplive folkerøtene til Griegs Peer Gynt-musikk. Det har vore spennande og givande å jobbe med arrangøren Tormod Tvete Vik i denne utforskingsprosessen med. Eg er også veldig takksam for samarbeidet med TrondheimSolistene om dette prosjektet, eit eminent strykarensemble som eg har likt å spele med fleire gonger tidlegare.

 
 
Kammerkonsert
feb
23

Late Night, i Aurdal kirke

21:00 / 1t 30min
450
Kjøp billett

Dette er ein konsert der rommet vert fyllt av enrgi , og kor stemninga går til topps!

Før konserten vert avslutta med Cesar Franks store Piano Kvintett har våre musikare grave i musikklitteraturen og funne stykkjer for ulike små besetningar. Me møter òg dansare frå FRIKAR X og årets musikare frå talentprogrammet FRAMR.

Trykk her for program

Programleiar: Erling Dahl jr.

♫ Schubert: Ständchen | Piazzolla: Grand tango
Anna Fedorova, Nicholas Schwartz, Andreas Brantelid

♫ Innslag med dans og musikk, talent frå FRAMR og FRIKAR X.
FRAMR: Frida Leanne Rogn (cello), Bjørg Pas (fiolin), Ane Stakston Aasen (fele), Andreas Grimstad (Bratsj) og Ragna Valde Sletten (flatfele).
FRIKAR X: Marnie Josefine Fiebig

♫ Lindemann-nedteiknigar, arr.
Terje Isungset, Ragnhild Hemsing

♫ Franck: Piano Quintet
Goldmund Quartet, Martin Stadtfeld

 

Forrige dag

feb

22

Neste dag

feb

24