Hemsingfestivalen 2023

Fredag

Dag 3, 24. februar

Onsdag

feb

22

Torsdag

feb

23

Fredag

feb

24

Laurdag

feb

25

Søndag

feb

26

 
 
Lunsj på Noraker
feb
24

Rakfisk, Forte Fortississimo, konsert og lunsj på Noraker

12:00 / 2,75 t
750,-
Kjøp billett

Konsert og lunsj på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikare bidreg med musikalske godsakar. Etter dette kan ein gi seg hen til Noraker Gård sine mange rettar og variantar.

Trykk her for program

Programleiar: Erling Dahl jr.

Program:

♫ Konsert ved Anna Fedorova, Ragnhild Hemsing, Andreas Brantelid og talentar frå FRAMR, klassisk

♫ Skoryk: Melody for violin and piano
Anna Fedorova, Ragnhild Hemsing

♫ Talent frå FRAMR

♫ Grieg: Utdrag frå “Lyriske Stykker” for solo klaver
Anna Fedorova

♫ Brahms: Cello sonata in E minor, 1st movement

Andreas Brantelid, Anna Fedorova

 

Meistermøte
feb
24

Meistermøte klassisk, med Andreas Brantelid og Ragnhild Hemsing. Ope meisterklasse i Frikar-Smia

14:30 / 1,5 time
200,-
Kjøp billett

FRAMR for klassisk musikk og folkemusikk er Hemsingfestivalens eige talentprogram. FRAMR rettar seg mot unge talent der dei møter utøvarar frå begge sjangrar og får innsikt i kva rolle folkemusikken har for den klassiske musikken og omvendt. Hovudelementa er: Audition, seminar om og med klassisk musikk og folkemusikk og danserytmar i folkemusikken, ope meisterklassar med instruktør, deltaking som musikarar i utvalde verk på konsertar.

FRAMR er det einaste og fyrste programmet i sitt slag som omfattar talent både innanfor klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein ope audition-runde. Fem unge talent er invitert til festivalen i 2023. Og tilbodet er gratis for deltakarane.

Akkompagnement på klaver: Anna Fedorova

Talent: Frida Leanne Rogn (cello), Bjørg Pas (fiolin), Ane Stakston Aasen (fele), Andreas Grimstad (Bratsj) og Ragna Valde Sletten (flatfele).

Meistermøtet er ope for publikum.

Festivalens kafé er open frå 13.30 for enkel servering.

 
Konsert på Frydenlund
feb
24

Musikkapperitiff: Galskapens historie i Valdres og Hallingdal
-ein dansekonsert med Jan Beitohaugen Granli og Hallgrim Hansegård

16:00 / 1t
350,-
Kjøp billett

Dei gamle frikarane var godt kjende for dansen og karstykkjene sine, men gjorde seg også bemerka gjennom livsføring og nevebruk. FRIKAR-gründer Hallgrim Hansegård samlar på historier og rørslekultur frå den norske kulturarven. Her presenterer han i lag med spelmann Jan Beitohaugen Granli historiar, karstykkje og låttar frå ein særleg livatt del av norsk folkemusikk. Gå ikkje glipp av dette nære møtet! Her er ein video av duoen: https://youtu.be/jxhNWYTUiQQ

Sal av varm mat (majel), rakfisklefse frå Noraker og drikkevarer.

Trykk her for program

♫ Folkemusikk med Jan Beitohaugen Granli og dans med Hallgrim Hansegård


Skysstasjonen frå 1801 var ein mykje besøkt turiststad på 1800-talet, og har både vore landhandel, postopneri, telegraf, skysstasjon og hotell. Mykje kjentfolk overnatta her, mellom anna Ludvig Mathias Lindeman, Nina og Edvard Grieg, Ivar Aasen, Gerhard Munthe, Bjørnstjerne Bjørnson og ikkje minst Knut Hamsun.

Knut Hamsun budde her i lengre periodar, og skreiv mellom anna Victoria i Aurdal.

 
Igloo-konsert
feb
24

Iskonsert, "Vintersongar" med Terje Isungset og Karoline Wallace ved Frikar-Smia (konsert nr. 1)

17:00 / 0,5 time
250,-
Kjøp billett

Denne konserten baserar seg på Isungset sine komposisjonar kombinert med tradisjonelle songar, alle relatert til vinter. Karoline Wallace på vokal og Terje Isungset på sine is-instrument.

-Ein intimkonsert. Me anbefalar varme klede sjølv om atmosfæra vert varm. Isbar med sal av drikkevarer ute.

Denne konserten skulle vere ein iglokonsert,menp å grunn av mildvêr er det diverre no ikkje mogleg å byggje iglo. Difor blir igloen erstatta av ein jurt, som er eit mongolsk telt. Konserten er framleis utandørs ved Frikar-Smia, og konsertprogrammet med is-instrument er uendra.

foto: Knut Bry

 
Kammerkonsert
feb
24

Forklåra natt, klassisk kammerkonsert i Aurdal kirke

18:00 / 1t 30min
450
Kjøp billett

Med kammermusikk tenkjer me gjerne på strykekvartettar. I kveldens konsert er Goldmund-kvartetten sentral. Me får høyre musikk av to meistrar innanfor sjangeren som ikkje figurerer så ofte i programma. Luigi Boccherini var ein meister ved det spanske hoffet samtidig med Haydn, og han inkluderte ofte det spanske nasjonalinstrumentet – gitaren – i komposisjonane sine. Arvo Pärt kjem frå ein heilt annan tradisjon, og med si inderlege og enkle stemme er han blitt ein av dei mest framførte og populære komponistar i vår tid.
Eit bestillingsverk for kvartett kjem også, men her er det fire feler som spelar opp. Søskenpara Hemsing og Larsen spelar eit stykke komponert av Gjermund Larsen.

Til slutt i konserten kjem eit av dei mest sentrale verka i kammermusikklitteraturen, Arnold Schönbergs «Verklärte Nacht» («Forklåra natt») for sekstett. Det bygger på eit dikt av Richard Dehmel som gjenspeglar korleis mennesket gjennom kjærleik kan forvandle seg.

Me inviterer vidare til Konsertkviss kl. 21.00 i Frikar-Smia. Der er det mogleg med kjøp av varm mat og drikkevarer frå kl. 20.00.

Trykk her for program

Program
Programleiar: Per Christian Ellefsen

♫ Boccherini: Guitar Quintet No 4 in F Major "Fandango"
Thibaut Garcia, Goldmund Quartet

♫ Pärt: Da Pacem Domine:
Goldmund Quartet

♫ Bestillingsverk av Gjermund Larsen for Hemsing & Larsen.
Ragnhild Hemsing, Eldbjørg Hemsing, Gjermund Larsen, Einar Olav Larsen

- framføring av diktet Forklåra natt, omsatt av Aud Søyland. Framført av Per Christian Ellefsen

♫ Schoenberg: Verklärte Nacht
Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Adrien La Marca, Christoph Vandory, Jonathan Roozeman, Andreas Brantelid


Forklåra natt

To saman går i nakne, kalde lund, og månen vandrar med ei stund. Han vandrar over høge eiker. D’er inga sky på himmelkvelv dit spisse, svarte greiner peiker. Ei kvinnestemme lyder, skjelv:

«Eg ber eit barn, det er ‘kje ditt, ja, det er syndefallet mitt. For mot meg sjølv eg slik fór ille. Eg leit ‘kje meir på lukka stor, men sterkt og inderleg eg ville få livsinnhald, få vera mor

med alt som følgjer: lykke, kav, og difor, skjelvande, eg gav meg sjølv til ein eg ikkje kjende, og følte meg velsigna då. Men livsens hemn seg mot meg vende, for deg, ja deg har eg møtt nå.

Ho stumlar fram med ustø steg. Ho ser at månen lyser veg, i lyset druknar blikket seg, Då seier mannen: «Ikkje treg; la ikkje barnet som du ber, bli bør for sjela der du fer. Å, sjå, det vakre rommet skimrar! Det er ein glans kvar enn vi dreg, du fer på kalde hav med meg, og lell ein eigen varme flimrar frå deg i meg, frå meg i deg.

Den varmen dette barn forklårar, av meg det kjem, av mine årar. Ein glans du gjev i meg, så radt eg kjenner meg som barnet att.» Om hofta hennar legg han armen, dei kjenner anden tung i barmen. To saman går i høge, lyse natt.

Tysk original: Richard Dehmel (1865–1920)
Gjendikta til norsk av Aud Søyland

 
 
Igloo-konsert
feb
24

Iskonsert, "Vintersongar" med Terje Isungset og Karoline Wallace ved Frikar-Smia (konsert nr. 2)

20:15 / 0,5 time
250,-
Kjøp billett

Denne konserten baserar seg på Isungset sine komposisjonar kombinert med tradisjonelle songar, alle relatert til vinter. Karoline Wallace på vokal og Terje Isungset på sine is-instrument.

-Ein intimkonsert. Me anbefalar varme klede sjølv om atmosfæra vert varm. Det vert isbar med sal av drikkevarer ute.

Denne konserten skulle vere ein iglokonsert,menp å grunn av mildvêr er det diverre no ikkje mogleg å byggje iglo. Difor blir igloen erstatta av ein jurt, som er eit mongolsk telt. Konserten er framleis utandørs ved Frikar-Smia, og konsertprogrammet med is-instrument er uendra.

foto: Knut Bry

 
Sal av mat konsertkviss
feb
24

Sal av mat og drikke i Frikar-Smia i Aurdal før Konsertkviss kl. 21.00

Frå kl. 20:00
-


Varm mat (majel) frå Fagernes Landhandel, rakfisklefser frå Noraker Gård og bakevarer frå Bakeriet i Valdres. Drikkevarer m.a frå Små Vesen - med og utan alkohol.

 
Konsertkviss
feb
24

Konsertkviss i Frikar-Smia

21:00 / 2,5 t
350,-
Kjøp billett

Tradisjonen tru avsluttar me fredagskvelden med ein uformell kviss. Konsertkviss er ei gyllen anledning for deg til å bli kjend med musikarane frå ei annan side. Bente Hemsing og Erling Dahl jr. leiar kvissen, og festivalens artistar opptrer. Innimellom musikkinnslaga blir det varierte spørsmål som publikum kan svare på enkeltvis eller i gruppe.

Sal av lokalmat og drikkevarer frå kl. 20.00. Varm mat (majel) frå Fagernes Landhandel, rakfisklefser frå Noraker Gård og bakevarer frå Bakeriet i Valdres. Drikkevarer m.a frå Små Vesen - med og utan alkohol.

Trykk her for program

Programleiarar: Bente Hemsing og Erling Dahl jr.

Program

♫ Musikkinnslag frå alle artistane på festivalen. Programmet vert sjølvsagt ikkje lansert før kvissen - då dette nett er ein kviss.

Forrige dag

feb

23

Neste dag

feb

25