Hemsingfestivalen 2025
Laurdag
Dag 3, 22. februar
Vandre-konsert på museet
Om
Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Møt opp ved bygningen du kjøper billett til. Der blir du møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl. 12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet.
Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901 og er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet. Det er konsolidert med to mindre museum, og saman utgjer dei Valdresmusea, som vart kåra til årets museum i Noreg i 2022. Valdresmusea forvaltar store samlingar og arkiv og samarbeider med alt frå forskingssektoren og frivilligheita til musikk- og kulturlivet om konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde er folkemusikk og folkedans. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum i Valdres.
Program
Konsert 1, Festsalen. Klassiske tonar med Tor Espen Aspaas og Eldbjørg Hemsing
Lengde: 20 min
Franck: Sonata for violin and piano in A major, 1. mov
Lili Boulanger: Nocturne and Cortège
Debussy/Heifetz: Beau Soir
Franck: Sonate Sonata for violin and piano, 4. sats
Konsert 2, Rognebygningen. Folkemusikk ved langeleikspelar Ingrid Lingaas Fossum
Lengde: 20 min
På denne konserten får vi høyre glimt frå den lange og rike langeleikhistoria, som strekk seg fleire hundre år attende i tid. Vi får høyre om nokre sentrale utøvarar gjennom langeleikhistoria, som har vore med på å gje Ingrid L. Fossum dei verdiane ho har som musikar i dag. Under konserten vil ho spele på ulike langeleikar med ulik tonalitet, som representerer tida og menneska ho fortel om.
Konsert 3, Slidrehuset. Tonar frå barokken ved Thibaut Garcia og Adrien La Marca
Lengde: 20 min
Heime hjå Line og Tor-Evert i Øvre Brekkebakkadn
Om
Velkomen til konsert på Øvre Brekkebakkadn. I låven har det budd dyr i mange år, og i nyare tid vart dette ein liten heim for nokre optimistiske innflyttarar til bygda. Den tyske cellisten Benedict Kloeckner er ein fantastisk musikar i verdsklasse som kjem og set tonar til eit rom med mange kjensler oppe på garden. Tor-Evert Grøndal les opp nokre tekststykke frå boka Småbruksdraumen. Velkomen til ein lun og personleg konsert på ein høgdegard i Valdres.
About
Welcome to the concert in the barn at Øvre Brekkebakkadn. Where animals once dwelled, Line and Tor-Evert restored the entire farm and created an idyllic home. Benedict Kloeckner (cello) is an extraordinary musicians who, inspired by the pastoral setting, will take you on a memorable journey. Tor-Evert Grøndal will read passages from the book Småbruksdraumen, written by Line and Tor-Evert about their experience creating their dream.
Welcome to a warm and personal concert at a farm high up in the mountains in Valdres.
Heime hjå Hemsing
Home Concert at the Hemsing Ballroom
Om
Ragnhild Hemsing opnar heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.
Velkomen til ein times konsert med ....
About
Ragnhild Hemsing and family opens their 19th century home (Sorenskrivargarden) in Aurdal and its exquisite newly restored Ballroom.
Welcome to a one-hour concert of ....
Program (60 min)
Liszt: Étude d’excécution transcendante no. 8 «Wilde Jagd»
Tor Espen Aspaas
Telemann: Bratsjkonsert i G-dur, TWV 51:G9
Adrien La Marca, Barokkanerne
Langeleikslåttar, trad.
Ingrid Lingaas Fossum
Trad. slåttar for langeleik med strykearrangement
Ingrid Lingaas Fossum, Eldbjørg Hemsing, Adrien La Marca
H.I.F Biber: Sonata IV
Kinga Ujszaszi, Barokkanerne
Bach: Fiolinkonsert i E-dur
Eldbjørg Hemsing, Barokkanerne
Mange synest at musikk er best når musikarane er heilt tett på publikum, og når noko av det formelle med konsertsituasjonen blir borte. Dei intime kvalitetane i musikken blir framheva, og musikarane kan spele på ein annan måte enn i ein stor konsertsal. Det kan gi ein ei kjensle av å vere med på noko heilt spesielt. Dessutan er musikken ofte blitt til i slike settingar.
Når Hemsingfestivalen lagar konsert i ballsalen i sorenskrivargarden heime hos Hemsing, er musikken likevel stort anlagd. Franz Liszt var ein av dei aller mest virtuose pianistane på 1800-talet og i musikkhistoria, og ein spennande komponist som skreiv innanfor ei rekkje stilartar, former og sjangrar. Tor Espen Aspaas har valt ut eit vilt og veldig stykke av Liszt. «Transcendentale etydar» vart publiserte i 1852, men går tilbake til 1826, då den 15-årige Liszt skreiv noko han kalla «studiar i 12 øvingar». Etyde nr. 8 er som dei andre i samlinga tileigna Liszts lærar, Carl Czerny, og har undertittelen «Wilde Jagd» – vill jakt. Stykket er både veldig og vilt og svært virtuost. Her skulle den 15-årige pianisten vise kva han kunne.
Frå vill og virtuos klavermusikk til ein av dei få bratsjkonsertane frå barokken: Telemann spelte sjølv mange instrument og blir rekna som ein av dei mest produktive komponistane i barokken i det lange virket som komponist av instrumentalmusikk, opera og kyrkjemusikk. Meir enn 2300 verk finst bevarte. Telemann levde fram til 1767, men bratsjkonserten er frå perioden 1716–1721 og er ein av dei tidlegaste konsertane vi kjenner til for bratsj og orkester. På denne tida var bratsjen først og fremst eit ensemble- og orkesterinstrument, men Telemann utnyttar det sonore alt-registeret til bratsjen. Det begynner i det mørke og beveger seg langsamt oppover i oktavane. Konserten er i den gamle «sonata da chiesa-forma» og har fire satsar: langsamt–hurtig – langsamt – med ein avsluttande rask presto.
Etter dei klassiske innslaga får vi ei avdeling folkemusikk på langeleik med Ingrid Lingaas Fossum, før ho får selskap av Eldbjørg Hemsing og gitarist Adrien la Marca i nye arrangement av langeleik-låttar.
Frå folkemusikk skal vi til barokken og året 1681. Då gav fiolin-virtuosen Heinrich Ignaz Franz von Biber ut ei samling med fiolinsonatar som til då var noko av den mest avanserte og virtuose fiolinmusikken som var skriven. Her nyttar han seg av fiolinistisk pyroteknikk som raske løp og dobbeltgrep og ei rekke ornament. Kinga Ujszászi har spesialisert seg på denne musikken og gitt ut fleire plater med fiolinsonatar og konsertar frå manuskript frå 16-og 1700-talet.
Til slutt i konserten får vi det desidert mest berømte verket i denne konserten, nemleg fiolinkonsert i E-dur av Johann Sebastian Bach. Bach skreiv nok mange fiolinkonsertar, men vi har berre to solokonsertar for fiolin og orkester som er bevarte. E-dur-konserten er eit meisterverk med den rytmiske og oppstemte opninga, der temaet vandrar mellom solisten og orkesteret og mellom forskjellige toneartar. Andresatsen er trist, mollstemt og mediterande før den avsluttande tredjesatsen vender tilbake til E-dur og eit hurtig og energisk tema. Vi veit ikkje sikkert når Bach skreiv denne konserten, men kanskje var han sjølv solist i konserten i perioden som hoffkomponist og leiar av ensemblet i Köthen mellom 1717 og 1723? I denne versjonen vi får høyre, er det berre eitt instrument på kvar stemme, slik at dei intime kvalitetane i Bachs musikk verkeleg kan høyrast. Velkomen på konsert i sorenskrivargarden!
Eventyrdag for heile familien
Adventure day for the whole family
Om
Hemsingfestivalen ynskjer å formidle musikkopplevingar også for dei yngste, og igjen inviterer me til ein eventyrdag for heile familien i Aurdal! Det blir uteaktivitetar i samarbeid med Aurdal IF og Barnas Turlag, og konsert inne i Aurdal kirke med Barokkanerne, Valdresstrykerne, Veslefrikk og Ragnhild Hemsing,
Program
Del 1
Kl. 12.00 “Vivaldi frå Valdres”, familiekonsert i Aurdal kirke
About
Hemsingfestivalen for the youngest too! We invite you to an adventure day for the whole family in Aurdal! There will be myriad outdoor activities organized with the Aurdal sports club and Barnas Turlag (children’s club). The family day begins with a family concert, “Vivaldi from Valdres” with Barokkanerne, Valdresstrykerne (Valdres chamber orchestra) and Ragnhild Hemsing.
Anne Sofie von Otter med band
Om
Å vere på konsert med superstjerna Anne Sofie von Otter er å vere med på det uventa: klassiske lieder, kabaretmusikk, opera, folkemusikk og popmusikk i ei salig blanding. Kanskje er det denne evna til å nå fram i så mange sjangrar og stilartar som har gjort Anne Sofie til ein av dei største songarane i Norden nokosinne. Internasjonalt nyt ho ein enorm respekt for det lange virket sitt og for å vere så dedikert til musikken. Dei mange cd-innspelingane hennar blir ofte trekte fram som referansar. Der finn ein musikk av Bach og Händel, Brahms og Schumann, Brecht og Eisler og opera av Mozart og Bizet, for å nemne eit fåtal av dei melodiane ho har spelt inn på plate.
Me er stolte av å ha fått sjansen til å bringe Anne Sofie von Otter med eige band til Hemsingfestivalen. For besetninga med trekkspel, gitar og klaver lèt seg ikkje så lett setje i bås. Kva seier du om franske songar, klassiske romansar, svensk folkemusikk og slagerar, leikne, kabaretaktige songar frå Tyskland, før me avsluttar med franske songar, eller svenske folkesongar frå Dalarna?
Den som kjem på konserten, får sjå og høyre. Konsertprogrammet speglar musikken utanfor allfarveg i karrieren til Anne Sofie von Otter. Ein spesialitet har vore å la det «høgkulturelle» og «folkelege» gå hand i hand. For kva er eigentleg kunstmusikk, og kva er folkemusikk? Det er få songarar som har evna til å tolke Abba-songar eller nyskrivne songar av rockaren Elvis Costello i den eine augneblinken, for så å bryte ut i fransk impresjonisme i det neste. Og dette utan å blunke.
Det er i det heile veldig vanskeleg og kanskje heller ikkje ønskjeleg å kategorisere Anne Sofie von Otter etter sjanger, men heller etter om musikken når fram til publikum eller ikkje. Ho syng òg i alt frå altregisteret via mezzo til sopran. Vi veit ikkje alt om kva vi får høyre på denne konserten, men stikkord er franske chansonar av Barbara, Trenet og Moustaki, klassiske romansar av Chaminade og Hahn, svensk folkemusikk og slagerar og tyske songar av Hollaender, Spoliansky og Eister og mykje anna. Antakeleg blir du overraska over korleis dette læt.
Kviss med tonar Quiz with tones
Programleiarar og kvissleiarar / hosts and quiz masters: Bente Hemsing og Tor Espen Aspaas
Om
Tradisjonen tru avsluttar me laurdagskvelden med ein uformell kviss. Konsertkviss er ei gyllen anledning for deg til å bli kjend med musikarane frå ei anna side. Bente Hemsing og Tor Espen Aspaas leiar kvissen, og festivalartistane opptrer. Innimellom musikkinnslaga blir det varierte spørsmål som publikum kan svare på enkeltvis eller i grupper. Og om du berre vil nyte musikkinnslaga, er du velkomen til det.
Artistar som opptrer:
Adrien La Marca
Ragnhild Hemsing
Eldbjørg Hemsing
Tor Espen Aspaas
Ingrid Fossum
Barokkanerne
FRAMR folkemusikk og klassisk
About
True to our long-standing tradition, we end Friday evening with an informal quiz. Concert quiz is a golden opportunity for you to get to know the musicians from another perspective. Bente Hemsing and Tor Espen Aspaas lead the quiz, and the festival's artists perform. In between the music, there will be questions that the audience can answer individually or in groups.