Hemsingfestivalen 2025

Fredag

Dag 2, 21. februar

Torsdag

feb

20

Fredag

feb

21

Laurdag

feb

22

Sundag

feb

23

 
 
Morgonstemning
feb
21

Frukostkonsert på Nythun
Breakfast concert at Nythun

09:00
600,-

Programleiar/host: Tor Espen Aspaas

Ei morgonstund med gull i munn. Minikonsert med artistar på festivalen.

Om
Velkomen til ei morgonstund som korkje har ull eller tull i munn, men pure gull. Musikken blir presentert og servert av Tor Espen Aspaas (klaver), Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), Jadran Duncumb (lutt) og talent frå FRAMR. Om du allereie har booka rom på Nythun denne helga, så er frukost og frukostkonsert inkludert i pakketilbodet deira.

About
Start off your day bright and early with magical music to wake-up by and a scrumptious traditional Norwegian breakfast. Join wonderful musicians such as Tor Espen Aspaas, Ragnhild Hemsing, Jadran Duncumb and participants from the festival talent program, FRAMR. If you have already booked a room at Nythun this weekend, breakfast and breakfast concert are included in their package deal.



Program
Rakhmaninov: Prelude for solo klaver i giss-moll opus 32 nr. 12
Tor Espen Aspaas (klaver)

Corbetta: «Caprice de Chaconne»
Jadran Duncumb (barokkgitar)

Ole Bull: Seterjentens Søndag, arr. hardingfele og klaver
Ragnhild Hemsing (hardingfele), Tor Espen Aspaas (klaver)

Franske airs de cour; «j’avais crû» og «pourquoi doux rossignol»
Ragnhild Hemsing (fiolin), Jadran Duncumb (lutt)

Innslag med talentar frå FRAMR klassisk og folkemusikk (med Tor Espen Aspaas på akkompagnement)

 
Workshop-Granli
feb
21

Guida skitur, 13 km, i samarbeid med DNT
Guided ski tour (appr. 13 km)

10:30
Gratis

Registrer her / Register here

Dette er ein flott skitur frå Nythun til Aurdal Fjellkirke, der ein kan delta på konserten Musikksporet i regi av Hemsingfestivalen kl. 13.00.
Turen startar ved Nythun kl. 10.30 og går i oppkøyrde løyper. Turen er ca. 13 km éin veg og tek 2–2,5 time. Løypa er småkupert og går gjennom fjellbjørkeskog og opne myrar. Undervegs passerer vi fleire stølslag og hytteområde. Vi passerer også Smørlitoppen og Binnhovdknatten.
Det er bakeriutsal ved fjellkyrkja frå kl. 12.
Turen passar for deg som har gått noko på ski. Turleiaren vil gjere turen så trygg som mogleg. Du går på eige ansvar. Hugs å ha med drikke, vindtette klede, solkrem og solbriller.

Turen er eit samarbeid mellom DNT Valdres og Hemsingfestivalen.

Parkering ved Nythun mot avgift. Skituren blir avslutta ved Aurdal fjellkirke. Det blir sett opp minibuss for dei som ønskjer skyss tilbake til Nythun etter konserten i fjellkyrkja. Avgang ca. kl. 15.20. Prisen er kr 100 pr. person. Du betaler ved bussen. Det må vere minst fem personar som ønskjer dette, for at det skal bli sett opp buss. Ønskjer du buss tilbake til Nythun, skriv du dette i kommentarfeltet i påmeldingsskjemaet. Dette er då bindande.

Guided skiingtour, appr. 13 km from Nythun Høyfjellstue to Aurdal Mountain Church. Concert in the church at 13 p.m. Mountain Top Concert
The trip starts at Nythun Høyfjellstue at 10.30 and follows groomed trails. The trip is about 13 kilometers one way and takes about 2-2.5 hours. The trail is slightly hilly and goes through mountain birch forest and open marshes. Along the way, we pass several mountain pasture farms and cabin areas. We also pass Smørlitoppen and Binnhovdknatten.
There is a bakery sale by the mountain church from 12 noon.
The trip is suitable for those who have done some skiing before. The tour leader will make it as safe as possible. You’re responsible for your own safety.

Remember to bring something to drink, preferably water, windproof clothing, sunscreen, and sunglasses.

The trip is arranged in collaboration with DNT Valdres and Hemsingfestivalen.

Paid parking at Nythun. The trip ends at the mountain Church. A minibus will be set up for those who want a ride back to Nytun after the concert in the mountain church. Departure at approximately 15.20. The price is NOK 100. per person and to be paid at the bus. There must be at least 5 people who want this for a bus to be set up. If you want a bus back to Nytun, write this in the comment field in the registration form. This is then binding.

 
Lunsj på Noraker
feb
21

Guida skitur frå Fjellkirka, 6,5 km, i samarbeid med DNT
Guided ski tour with DNT Valdres (appr. 6.5 km)

10:00
Gratis
Registrer her / Register here



Bli med på ein lett skitur før konserten i Aurdal fjellkyrkje eit samarbeid med Hemsingfestivalen fredag 21. februar
Dette er ein lett skitur på 6,5 km og er eit samarbeid mellom Hemsingfestivalen og DNT Valdres. Den går i flott natur før konserten i Aurdal fjellkyrkje kl. 13.00. Her kan du møta andre skiglade musikkelskarar frå inn- og utland. Eller kanskje du berre ønskjer ein lett skitur. Heile familien kan delta.

Korleis finna fram: Ta av ved Aurdal kyrkje opp Danebuvegen. Bomveg. Oppe ved det første vatnet (Damtjednet), ein knapp km frå bommen, følgjer du vegen til venstre mot Aurdal fjellkyrkje til parkeringsplassen like før kyrkja. Sjå etter DNT-flagget. Frammøte på parkeringsplassen kl. 10.00.

Vi går i oppkøyrd skiløype mot Beitostølen nordover til krysset ved Binnhøvd. Derfrå følgjer vi tidlegløypa vestover til vi ser fjella i Vestre Slidre. Retur same vegen. Det er ingen svært bratte utforbakkar.

Vi går i samla flokk med ein turleiar fremt og ein turleiar bak. Turen eignar seg for alle, men barn må vera så gode på ski at dei greier å gå heile distansen på den tida som er sett. Du går på eige ansvar, men vi skal gjera turen så trygg som mogeleg. Etter turen sel Bakeriet i Valdres bakst ved fjellkyrkja. Ta likevel gjerne med litt mat og drikke. Sjølv om turen for det meste går i skogsterreng, kan det blåsa kaldt. Kle dykk difor godt med lue skjerf, vottar og varme klede elles.



Guided skiingtour 6,5 km in the district north of Aurdal Mountain Church at 13 p.m. Mountain Top Consert
The skiingtour starts at the parking space near the church. Follow the road from the Aurdal church down in the valley up the hill nearely to Danebu. When you have passed the bar across the road, look for the DNT banner og drive to the left. The trip starts 10.30. You have to be at the parking space at 10.00.

This trip is 6,5 km long and follows groomed trails.The trail is easy and goes though spruse forest an open marshes.The trip is a family tour, but children must be able to go the whole distanse. There is a bakery sale by the mountain church from 12 noon. Remember to bring something to drink, preferably water, windproof clothing and sunglasses. The tour leaders will make the trip as safe as possible. You are respsonsible for your own safety. The trip is arranged in collaboration with DNT Valdres and Hemsingfestivalen.

 
Sal av mat
feb
21

Utsal av bakevarer ved Bakeriet i Valdres utanfor fjellkyrkja

Frå kl. 12:00

Her kan du få gode bakevarer frå Bakeriet i Valdres og noko varmt i koppen.

From 12.00 - Sale of baked goods at the Bakery in Valdres outside the mountain church

 
Kurs i valdresspringar og halling
feb
21

Konsertforedrag med Tor Espen Aspaas

11:00 / 1 t
380,-
Barn/student: 150,-

Om
Clara og Robert – tidenes musikalske kjærleikssaga
Robert Schumann (1810–1856) var sjølve inkarnasjonen av den tidleg-romantiske perioden i vestleg musikk: genial og stormande intens, lidenskapeleg på leit etter det skjønne og sanne, men også sårbar og fortapt når alvorleg psykisk sjukdom i ulike periodar greip inn i livet hans. Tor Espen Aspaas vil fortelje om Schumanns korte, men sterkt brennande og produktive liv, og ikkje minst om kjærleiken til kona Clara Wieck (ei av Europas aller fremste pianistar og sjølv komponist) og den felles, intense vennskapen med det unge geniet Johannes Brahms. Alt er sjølvsagt betrakta gjennom framføringar av Roberts Schumanns musikk som var komponert omkring året 1839, deriblant dei vidgjetne Kinderszenen («Barndomsbilde»), Arabeske – og meisterverket Fantasi i C-dur.

This lecture recital will be given in Norwegian.

 
kammerkonsert
feb
21

Musikksporet Mountain Top Concert

13:00 / 1 t 15 min
550,-

Frå kl. 12.00 blir det sal av bakevarer frå Bakeriet i Valdres utanfor fjellkyrkja.
Om
Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte ein time med klassisk musikk før du tek på deg skia og held fram med skituren.

About
Always one of the highlights of the Hemsing Festival, experience the unique feeling of skiing to and from your afternoon concert.

This unique concert at Aurdal Mountain Church, can be reached on skis or by car. For skiers, this is a unique opportunity to experience classical music together with the amazing outdoors of the region and a magnificent view of the snowy mountains of Valdres. Ski up to the beautiful church, enjoy 1 hour of memorable classical music and then put your skis back on to continue your ski trip back down the mountain.

Prior to the concert, starting at 12.00 there will be a sale of baked goods from the Bakery in Valdres outside the mountain church.

Artistar
Eldbjørg Hemsing (fiolin)
Christian Kjos (cembalo)
Benedict Kloeckner (cello)

Program:
Bach transcription (BWV 972) based on Vivaldi's violin concerto in D-major, op. 3 no. 9 (RV 230)
Christian Kjos (cembalo)

Bach: Sonate i A-dur BWV 1015
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Christian Kjos (cembalo)

Vivaldi: Cello Sonata e minor
Benedict Klöckner (cello), Christian Kjos (cembalo)

 
Sal av mat
feb
21

Meistermøte FRAMR klassisk
FRAMR (“Forward” program) Masterclass

15:00, 1 t 30 min
250,-
Barn/student: 150,-


Open meisterklasse med Adrien La Marca (bratsj), og Benedict Kloeckner (cello) for talent i FRAMR klassisk
FRAMR for klassisk musikk og folkemusikk er Hemsingfestivalens eige talentprogram. FRAMR rettar seg mot unge talent der dei møter utøvarar frå begge sjangrar og får innsikt i kva rolle folkemusikken har for den klassiske musikken, og omvendt. Hovudelementa er: audition, seminar om og med klassisk musikk og folkemusikk og danserytmar i folkemusikken, opne meisterklassar med instruktør, deltaking som musikarar i utvalde verk på konsertar.

FRAMR er det første programmet i sitt slag som omfattar talent både innanfor klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein open audition-runde. Fem unge talent er inviterte til festivalen i 2025, og tilbodet er gratis for deltakarane.

Open master class with Adrien La Marca and Benedict Kloeckner in The Ballroom in Sorenskrivargarden in Aurdal
FRAMR (“Forward”) is Hemsing Festival’s exciting talent programme. FRAMR is a unique discovery programme for young musicians from both classical and folk music aimed at giving them insight into the role of folk music in classical music and vice versa. The objective is for the young students selected to experience classical music and folk music together as well as how to incorporate dance rhythms in folk music. Participants experience open master classes with instructors, and participate in concerts.

FRAMR is the first and only program of its kind that includes talent in both classical music and folk music. Following a national, audition-based selection open to anyone, five young musicians have been invited to the festival in 2025.

 
Sal av mat
feb
21

Dansekurs i springar i Ballsalen
Dance class in springar, a traditional dance

16:30, 50 min
250,-
Barn/student: 150,-

Om
Kjenn folketonane gi deg rørsle i heile kroppen – den ultimate festivalopplevinga for deg som vil spele på alle sansane for å oppleve kultur, dans og musikk.
Kle deg i noko laust og ledig, og ta på deg gode dansesko!

About
Dance the afternoon away as the great Valdres folk tunes sweep you off your feet - the ultimate festival experience for those who want to experience culture, dance and music first-hand.
Dress to dance! (loose and casual, with good shoes to dance in)

 
quiz
feb
21

Frå Versailles til Valdres
From Versailles to Valdres

18:00 / 1 t 30 min
550,-
Barn/student: kr 150,-

Programleiar/host: Tor Espen Aspaas

Program
Vivaldi: Konsert i G-dur for to mandoliner
Thibaut Garcia, Jadran Duncumb, Barokkanerne

Vivaldi: Agitata da due venti
Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne

Dario Castello: Sonata X
Barokkanerne

Händel: Amarti si vorrei ra Teseo HWV 9
BS/Falkinger: Colpirmi ancor
Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne

Agnes Ida Pettersen: «Springar», for hardingfele og barokkensemble. Urframføring
Ragnhild Hemsing, Barokkanerne

Suite Mosaique “Valdres møter Versailles”: Marais, Couperin og folkemusikk
Ragnhild Hemsing, Barokkanerne

Vivaldi: Sovente il sole
Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne

Vivaldi: Frå dei norske årstider, «Sommer», arr. hardingfele
Ragnhild Hemsing, Barokkanerne


Om
Ordet barokk kan omsetjast med «forvridd perle». Heile perioden frå 1600 til 1750 står for skjønnheit og kontrastar og ønsket om å uttrykke dei sterkaste kjenslene i musikken, såkalla affektar. I kammerkonserten «Frå Valdres til Versailles» får du mange perler frå noko av det beste vokale og instrumentale repertoaret frå denne perioden. Hoffmusikk og opera alternerer med dansegolvet. Ser vi på den franske barokkmusikken, er det mange likskapar med folkemusikken i Valdres når det gjelder forsiringar i musikken eller ornament som trillar, forslag, løp og krullar. Dette har ført til det lange samarbeidet mellom Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, som har resultert i konsertar i mange land og ei plateinnspeling med Vivaldis fire årstider på hardingfele blanda med folkemusikk frå Valdres og til og med nyskriven musikk for denne besetninga.

Det austerrikske stjerneskotet Johanna Falkinger er sopran og vann Aria Borealis’ songkonkurranse i 2022 i Bodø. No er ho ein ettertrakta solist i opera, oratorium og andre samanhengar på store scener over heile Europa. I Aurdal kirke skal ho synge både fort og sterkt, svakt og trist og lykkeleg og overstrøymande.

Vivaldi kom frå Venezia og skreiv for alle tenkelege instrument. Mandolinane var populære i Venezia, og konserten i G-dur for to mandolinar er av det lykkelege slaget med ei svingande innleiing som glir over i ein mollstemt andre sats før avslutninga er svingande, virtuos og oppløftande. Den påfølgjande arien «Agitata da due venti» frå operaen Adelaide (1735) var eit bravurnummer for ein berømt sopran som Vivaldi brukte fleire gonger, blant anna i operaen Griselda. Dei to vindane det blir referert til i arien, er kjenslelivet, stadig på flukt og i endring.

Dario Castello verka i første halvdel av 1600-talet, før instrumentalmusikken hadde fått så faste former, i motsetning til seinare i barokken. I Sonata X er det mange fantasifulle innfall som går over i kontrasterande og langsame parti og passasjar som spinn vidare i rasande fart.

Händels opera Teseo (1713) var den tredje operaen Händel skreiv i London. Den vart ein stor suksess med heile 13 framsyningar og ville fått fleire om ikkje billettseljaren hadde stukke av med heile kassabehaldninga. Operaen er seriøs og inneheld store kjensler som lengsel og uoppnådd kjærleik, noko vi ikkje minst høyrer i arien «Amarti si vorrei ra Teseo». Opphavleg vart arien sungen av ein kastrert sopran, men i dag får vi ta til takke med Johanna Falkinger. «Den harde lagnaden min tilseier at eg blir utru mot deg, og berre for å redde deg skjuler eg medynken.» Det er definitivt likskapar mellom dagens popmusikk og barokkens slagerar. Konserten byr også på ein smakebit av det slaget.

Den norske komponisten Agnes Ida Pettersen har allereie skrive eit verk for Ragnhild Hemsing og Barokkanerne med tittelen «Fantasi». Verket har blitt spelt på festivalar i Noreg, Tyskland og Canada og har slått godt an hos publikum og ikkje minst hos solist Ragnhild. Her blir moderne klangar foreinte med tradisjonell musikk og teknikkar for hardingfele, og det oppstår noko nytt som ikkje så lett lèt seg beskrive. No har Ragnhild og Hemsingfestivalen bestilt eit nytt verk av Pettersen, og vi gleder oss til å høyre «Springar» for første gong på denne konserten.

Kva trur du hadde skjedd om ein tok ein av dei beste hardingfelespelarane frå Valdres på 1700-talet, kledde henne opp i pudderparykk og knebukser og plasserte henne saman med andre musikarar ved Solkongens hoff i Versailles? I «Suite Mosaique» har Ragnhild Hemsing og Jadran Duncumb laga eit slikt eksperiment der folkemusikken blir akkompagnert av barokkinstrument, og der hardingfela ofte tek solostemma i fleire utdrag frå operaer og ballettar av hoffkomponistane Marin Marais og Francois Couperin.

Arien «Sovente il sole» har ein vakker fiolinsolo før songen set inn. Denne fiolinsoloen var visstnok den siste Vivaldi spelte offentleg, som solist i verket «Andromeda liberata». Teksten beskriv korleis den skinande sola kan formørkast, og at det stille havet blåser opp til storm i løpet av eit augeblikk. Så også med sjela.

Vi lova ei perlerekke med barokk-hittar i denne konserten. Til slutt får du oppleve ein av dei aller største, nemleg «Sommaren» av Vivaldi frå Dei fire årstidene på Valdres-manér. Og då blir det med hardingfele. Våren 2024 vart dette verket spelt inn på plate av Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, og heile albumet vart sleppt på hausten i fjor. Så langt er det blitt framført på fleire festivalar, som på Festspillene i Bergen og på Glogerfestspillene på Kongsberg. No serverer vi det i Aurdal. Ver så god!

 
 
vinsmaking24
feb
21

Ølsmaking, skjemt og musikk hjå Små Vesen

20:00 / 1 t 30 min
795,-


Om
Velkomen inn til oss hjå Små Vesen! Me ryddar plass på lageret og ber inn til ei konsertoppleving blant øltankar og lagerreolar, heilt utanom det vanlege. Du vil få smake på fleire av produkta våre, og få servert nokre skrøner og litt skjemt frå bryggarane Espen og Kristian. Dette blir intimt og godt – ein retteleg flott lagerfest!

Hemsingfestivalen står for musikken denne festkvelden. Det blir klassiske perler og virtuos musikk med humør som tango av Piazzolla og fransk barokkmusikk med verdensstjernene Thibaut Garcia (gitar), Jadran Duncumb (lutt), Adrien La Marca (bratsj) og Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele).

De vil få høyre mellom anna dette: Frå Histoire du tango av Piazzolla, fransk barokkmusikk av Marais og Marini, rumenske folkedanser av Bartok og sjølvsagt kjente ballader av Grieg.

 
vinsmaking24
feb
21

Smak med tonar Gourmet musical dinner

20:00
2050,-

Moglegheit for vinpakke utanom.
Programleiar / host: Tor Espen Aspaas

Om
Mat og musikk av ypparste kvalitet.
Det blir skjemt og alvor med musikk av topp-musikarar innimellom fire rettar med kvalitetsmat med lokale råvarer – med andre ord ein fornøyeleg og fordøyeleg kveld. Booking av billettar direkte til Nythun ved post@nythun.com

About
Enjoy food and music of the highest quality, Hemsingfestivalen-style.
Each of four gourmet locally-sourced courses across the evening will be punctuated by fabulous musical interludes from our world-class musicians.
Booking of tickets directly to Nythun, post@nythun.com

Musikarar frå festivalen som opptrer:
Johanna Falkinger, sopran
Tor Espen Aspaas, klaver
Eldbjørg Hemsing, fiolin
Benedict Kloeckner, cello

Publikum vil få høyre dette repertoaret i løpet av kvelden:

David Bowie: «Life on Mars», arr. for solo piano av
Tor Espen Aspaas (klaver)

Pablo de Sarasate: Zigeunerweisen
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Tor Espen Aspaas (klaver)

Edvard Grieg: Sonate for cello og klaver, 2. sats
Benedict Kloeckner (cello), Tor Espen Aspaas (klaver)

Ilmari Hannikainen: Miksi laulat lintuseni
Johanna Falkinger (sopran), Tor Espen Aspaas (klaver)

Popper: Dance of the Elves
Benedict Kloeckner (sopran), Tor Espen Aspaas (klaver)

Leonard Bernstein: "I can cook too"
Johanna Falkinger (sopran), Tor Espen Aspaas (klaver)

Händel-Halvorsen: Passacaglia
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Benedict Kloeckner (cello)

Franz Schubert: "Pause" (die schöne Müllerin)
Johanna Falkinger (sopran), Eldbjørg Hemsing (fiolin), Tor Espen Aspaas (klaver)

Forrige dag

feb

20

Neste dag

feb

22