Hemsingfestivalen 2025
Torsdag
Dag 1, 20. februar
Musikkhage Music garden
Om
I denne framsyninga får vi møte dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynten. Når Berit spelar på langeleiken sin, begynner både små og store dokker å danse. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken, som vekker dei til live? Og er det eigentleg noko gøy å vere ei dansedokke, når du berre får danse når andre bestemmer det?
«Danse mi dokke, springe min hest» er basert på ein fleire hundre år gammal tradisjon: dansedokker (marionettar) til langeleikspel. Historia i framsyninga spinn rundt Berit på Pynten, ein berømt langeleikspelar som levde i Valdres på 1800-talet. Berit budde på ein liten husmannsplass i Vestre Slidre og brukte å underhalde folk som kom reisande forbi. Ho spelte langeleik, song og dansa – og var kjend for å bruke dansedokker, som ho festa i ein tråd i handa når ho spelte langeleik. Etter Berit finst det mange spennande historier og nedskriven musikk – blant anna frå den berømte komponisten Edvard Grieg, som var på besøk hos henne på ei av reisene sine.
Meistermøte FRAMR folkemusikk
FRAMR (“Forward” program) Masterclass
Open meisterklasse med Bengan Janson (trekkspel) og Ingrid Lingaas Fossum (langeleik) for talent i FRAMR
FRAMR for klassisk musikk og folkemusikk er Hemsingfestivalens eige talentprogram. FRAMR rettar seg mot unge talent der dei møter utøvarar frå begge sjangrar og får innsikt i kva rolle folkemusikken har for den klassiske musikken, og omvendt. Hovudelementa er: audition, seminar om og med klassisk musikk og folkemusikk og danserytmar i folkemusikken, opne meisterklassar med instruktør, deltaking som musikarar i utvalde verk på konsertar.
FRAMR er det første programmet i sitt slag som omfattar talent både innanfor klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein open audition-runde. Fem unge talent er inviterte til festivalen i 2025, og tilbodet er gratis for deltakarane.
Open master class with Bengan Janson and Ingrid Lingaas Fossum.
FRAMR (“Forward”) is Hemsing Festival’s exciting talent programme. FRAMR is a unique discovery programme for young musicians from both classical and folk music aimed at giving them insight into the role of folk music in classical music and vice versa. The objective is for the young students selected to experience classical music and folk music together as well as how to incorporate dance rhythms in folk music. Participants experience open master classes with instructors, and participate in concerts.
FRAMR is the first and only program of its kind that includes talent in both classical music and folk music. Following a national, audition-based selection open to anyone, five young musicians have been invited to the festival in 2025.
FRAMR (“Forward”) is Hemsing Festival’s exciting talent programme. FRAMR is a unique discovery programme for young musicians from both classical and folk music aimed at giving them insight into the role of folk music in classical music and vice versa. The objective is for the young students selected to experience classical music and folk music together as well as how to incorporate dance rhythms in folk music. Participants experience open master classes with instructors, and participate in concerts.
Rakfisk Forte Fortissimo
Om:
Konserten startar kl. 13.00 og blir etterfølgd av lunsj på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikarar bidreg med musikalske godsaker. Etter dette kan ein gi seg hen til dei mange rettane og variantane frå Noraker Gård.
About:
Concert and lunch at Noraker Gård. The freshest ingredients and expert preparation are hallmarks of both food and music at this delectable event. Outstanding young musicians and our world-class performers contribute musical treats. After the concert, you will have the opportunity to experience Noraker Gård's many amazing dishes and offerings.
Artistar:
Eldbjørg Hemsing (fiolin)
Thibaut Garcia (gitar)
Adrien La Marca (bratsj)
Bengan Janson (trekkspel)
Musikarar frå FRAMR talentprogram
Program
Telemann: Frå Fantaisie i C-dur TWV
Adrien La Marca (bratsj)
Mozart: Duo for fiolin og bratsj i B-dur, 1. Sats
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Adrien La Marca (bratsj)
Framføring ved FRAMR
FRAMR er Hemsingfestivalens talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk.
Svenske folketonar
Bengan Janson (trekkspel)
Jules Massenet: Andante religioso frå Thaïs
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Thibaut Garcia (gitar)
Paganini: Caprice nr 24
Thibaut Garcia (gitar)
Gjennom mange hundreår har vi sett korleis mat og musikk går godt saman. Musikken kan vere anten aperitiff eller dessert, men ofte er han hovudrett. Når Hemsingfestivalen landar på Noraker, blir det først musikk og så rakfisk i mild, lagra eller vellagra variant. Eller nokre andre variantar, gjerne serverte med den eminente sennepssausen deira.
Før dette kan opplevast, blir det ei musikalsk første bordsetting med kammermusikk frå både det klassiske og det folkemusikalske repertoaret. Den musikalske menyen begynner i barokken hos Telemann, med ein fantasi i C-dur for bratsj. Telemann spelte sjølv minst åtte instrument og publiserte ei rekke fantasiar for forskjellige instrument, som viser kva eigenart dei har. Rett etter dette får bratsjist Adrien La Marca selskap av Eldbjørg Hemsing i 1. sats frå Mozarts duo for fiolin og bratsj. Historia fortel at Mozart skreiv desse for vennen Michael Haydn, som var blitt sjuk og ikkje var i stand til å fullføre ei bestilling på seks duettar for fiolin og bratsj. Slik skulle musikken eigentleg givast ut som musikk av Michael Haydn.
FRAMR er Hemsingfestivalens satsing på eit talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk der utøvarane kjem frå begge sjangrar. Programmet har som mål å gi innsikt i kva folkemusikken har å seie for den klassiske musikken, og omvendt. Det blir musikalske smakebitar frå noko av det dei unge musikarane har jobba med dei siste dagane.
Når svenske Bengan Janson kjem med trekkspelet sitt, blir det svenske folketonar, som er hans spesialitet. Men liknar den svenske folkemusikken på den vi kjenner frå Valdres?
Og så byr vi på ein av dei store klassikarane frå fiolinrepertoaret. Operaen Thaïs handlar om munken Athanaël som prøver å få den seksuelt utagerande Thaïs til å slutte å leve eit liv i synd og rikdom. Operaen har ein berømt fiolinsolo i andre akt som er kalla Andante religioso. Meditasjonen inntreffer etter at Athanaël har bedd Thais om å gi opp det syndige livet. Og etter fiolinsoloen går Thaïs med på å gå i kloster. For ein vedunderleg verknad musikken kan ha på sjelslivet!
Nicolo Paganinis 24 kaprisar eller etydar for fiolin har vore ein prøvestein for mange fiolinistar heilt sidan dei vart publiserte i 1820. Den aller siste kaprisen, nr. 24, består av eit tema i a-moll etterfølgt av 11 variasjonar. Stykket er så godt skrive at det har blitt arrangert for mange instrument. For gitaristar er det også blitt ein del av repertoaret, sjølv om det er svært krevjande å spele, sidan gitaren er eit mykje større instrument enn fiolinen.
Festopning Opening concert
Programleiar / host: Tor Espen Aspaas
Opningstalar: Eldbjørg og Ragnhild Hemsing
Om:
Hemsingfestivalen 2025 ønskjer velkomen til opningskonsert med dansbare og fyrige rytmar og fengande melodiar. Johanna Falkinger vann songkonkurransen Aria Borealis i Bodø i 2022 og har etter den tid nådd å bli ein svært etterspurd solist innanfor tidleg musikk. Den lekre koloraturen og fleksible klangen har alt gledd mange konsertgjengarar over heile verda. Gitarist Thibaut Garcia har gjesta festivalen før og er ein av dei leiande yngre gitaristane i vår tid. Saman med barokkorkesteret Barokkanerne, bratsjisten Adrien La Marca, cellisten Benedict Kloeckner, pianisten Tor Espen Aspaas og fiolinistane Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er det duka for ein festleg, vakker og svingande opningskonsert.
Aurdal kirke stod ferdig i 1737, men preikestolen og døypefonten er endå eldre. På denne tida, mens byggmeister Svend Trådset sørgde for at kyrkja vart så fin som ho vart, skreiv den engelsk-tyske komponisten Georg Friedrich Händel noko av musikken som vi får høyre på opningskonserten: kammermusikk, utdrag frå eit oratorium og ein ode. Mozart, som avsluttar konserten, kjende godt til Händels verk. Begge er kjende som meisterlege når det gjeld å skrive melodiar som borar seg inn i sinnet etter at ein har høyrt dei. Men Händel gir oss også dansbar musikk i form av ein innleiande passacaglia og ein menuett. Arien «What Passion cannot Music raise and quell!» kjem frå Händels ode til heilage Cecilias dag (22. november). Her er det den vakre musikken og verknaden han har på sjela, som er tema for teksten. Vi byr også på ei musikalsk overrasking som vi ikkje avslører her og no. Eit stikkord er likevel «skandaleprega popstjerne». Gjettar de kven som er opphavsmann til arien som Johanna Falkinger og Barokkanerne framfører?
Langeleikspelaren Ingrid Lingaas Fossum gjestar Hemsingfestivalen for første gong og er oppteken av å løfte fram den rike tradisjonsmusikken for langeleik. Slåttemusikken ho byr på, kjem frå Valdres og blir spelt både solo og i nye arrangement for hardingfele og langeleik saman med Ragnhild Hemsing. Og kjem dansefoten fram i Valdres-musikken, er det grunn til å tru at han også gjer det i gitarmusikken av Isaac Albéniz. «Torre Bermeja» er blitt eit berømt stykke for gitar, fordi det er gjort kjent av legendariske gitaristar som Julian Bream og Andres Segovia. Opphavleg var det eit klaverstykke som henta inspirasjon frå flamencomusikk med spansk melodikk og rytmikk. Tittelen «Torre Bermeja» viser til eit stort forsvarsverk på stranda Playa de la Barrossa i nærleiken av Cádiz i Spania.
Opningskonserten blir avslutta med Klaverkvartett i Ess-dur av Mozart. Han må ha vore både i toppform som komponist og i perlehumør då han skreiv dette verket. Det er gøy for musikarane å spele det, det er fint å høyre på det, og ein feinschmecker kan nikke anerkjennande til komposisjonsteknikken med sonatesatsform og fine melodiar og dramatisk form. Så er verket også blitt ståande som eit av dei mest populære for fiolin, bratsj, cello og klaver, eller klaverkvartett, som det blir kalla. Opphavleg fekk Mozart ei bestilling på tre klaverkvartettar av forleggjaren Hoffmeister. Då den første i g-moll var ferdig, var han så vanskeleg å spele for amatørmusikarane i den tida at bestillinga vart kansellert. Året etter, i 1786, skreiv Mozart likevel klaverkvartetten vi skal høyre i kveld. Vi har trua på at Eldbjørg, Adrien, Benedict og Tor Espen skal klare å møte Mozarts musikalske utfordringar i dette stykket. Velkomen til Hemsingfestivalen!
About:
We would like to welcome you to the Hemsing Festival with a festive evening featuring wonderful musicians, fantastic music, and a warm, inviting setting.
Program:
Händel: Sonata HWV 399 i G-dur, «Allegro», «Passacalle» og «Menuet»
Barokkanerne
Händel: What Passion cannot Music raise and quell!
BS/J. Falkinger Kantata, "Colpirmi ancor un volta"
Johanna Falkinger (sopran), Barokkanerne
Tradisjonelle og nye arrangement for langeleik og hardingfele
Ingrid Lingaas Fossum (langeleik), Ragnhild Hemsing (hardingfele)
Albeniz: Torre Bermeja
Thibaut Garcia (gitar)
Mozart: Klaverkvartett nr. 2 i Ess-dur, K. 493
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Adrien La Marca (bratsj), Benedict Kloeckner (cello), Tor Espen Aspaas (klaver)
Neste dag