Hemsingfestivalen 2025

Thibaut Garcia

Den fransk-spanske gitaristen Thibaut Garcia (f. 1994) vart fødd i Toulouse, der han fekk utdanninga si hos Paul Ferret før han heldt fram med utdanninga ved CNSMD i Paris, under Olivier Chassain. Han tok også timar med Judicaël Perroy.

I 2015 vann han førstepremie i den prestisjetunge konkurransen Guitar Foundation of America (USA), han var BBC New Generation Artist (2017–2019), «Révélation Instrumentale» i Victoires de la Musique Classique i 2019 og vinnar av Mecklenburg Vorpommern Festival i 2023. På den måten har Thibaut Garcia gradvis etablert seg som ein av dei mest gåverike gitaristane i sin generasjon.

No har Thibaut Garcia oppdrag i dei fleste store konserthallar og festivalar i verda. Debutkonserten hadde han med Orchestre National du Capitole de Toulouse i 2016. I 2023 var han der igjen, no for å framføre gitarkonserten El Bihr av Benjamin Attahir. Garcia har elles samarbeidd med fleire store orkester i Frankrike, England og Tyskland. 

Høgdepunkt i 2024–2025-sesongen er mellom anna konsertar med Philharmonisches Orchester Kiel og Orchestre Philharmonique de Strasbourg, og å kome tilbake til Mecklenburg-Vorpommern Festival (som prisvinnar av «WEMAG Soloist»). I april kuraterer han «Guitarmania» ved Philharmonie de Paris. 

Når det gjeld kammermusikk, spelar Thibaut Garcia saman med Edgar Moreau, Raphaël Sévère, Elsa Dreisig, Marianne Crebassa, Lucienne Renaudin-Vary, Anastasia Kobekina og Quatuor Arod. Han spelar også duettar med Philippe Jaroussky (A sa guitare), Félicien Brut (Vol de Nuit) og Antoine Morinière (Goldberg Variations).

Thibaut Garcia har vore artist på Warner Classics / Erato sidan 2016, då han gav ut Leyendas. I 2018 kom Bach Inspirations, i 2020 Aranjuez, og i 2021 À sa guitare, der han spelar saman med Philippe Jarrousky. Hausten 2023 sleppte han albumet El Bohemio, tileigna komponisten Agustin Barrios Mangoré.

Previous
Previous

Anne Sofie von Otter

Next
Next

Benedict Kloeckner