Hemsingfestivalen 2025

Benedict Kloeckner

Benedict Klöckner er fødd i 1989 og er ein av dei framståande artistane i sin generasjon. Han har vunne ei mengd konkurransar og prisar. Den siste så langt er OPUS Klassik 2021. Han opptrer som solist med kjende orkester over heile verda og samarbeider med vidgjetne dirigentar. På turneane har han opptredd i konserthus både i Europa, USA og Asia.

I sesongen 2022–2023 framførte Klöckner alle dei seks Bach-suitane i Berliner Philharmonie og i Alte Oper Frankfurt. I 2023–2024 debuterte han med Philharmonie de Paris og Kölner Philharmonie. Dessutan var han på Europa-turné med Romanian Chamber Orchestra under leiing av Cristian Măcelaru, og han spelte for første gong med Armenian National Orchestra under leiing av Vladimir Fedoseyev.

Klöckner er ein ivrig kammermusikar og har opptredd med artistar som Emanuel Ax, Lisa Batiashvili, Yuri Bashmet, Christoph Eschenbach, Vilde Frang, Gidon Kremer, Anne Sophie Mutter og sir András Schiff.

Elles samarbeider Benedict Klöckner jamleg med store samtidige komponistar. I 2018 var han solist i urpremieren på Wolfgang Rihms dobbeltkonsert for to celloar og strykarar. Ved Seoul Arts Center framførte Klöckner for første gong Eun Hwa Chos cellokonsert saman med Korean Chamber Orchestra under leiing av Christoph Poppen. Med Mozarteum Orchestra Salzburg under Peter Tilling framførte han den austerrikske premieren på Dai Fujikuras cellokonsert i Salzburg.

Klöckners CD-innspelingar har fått svært gode kritikkar i internasjonal presse og har vunne mellom anna OPUS Klassik award og Supersonic Award. Han har gjort innspelingane saman med artistar som Gidon Kremer, dirigentane Heinrich Schiff og Michael Sanderling, pianistane Danae Dörken, Anna Fedorova, Yu Kosuge, Mario Häring, Ragna Schirmer og José Gallardo, fiolinistane Kirill Troussov og Ragnhild Hemsing, og komponisten Wolfgang Rihm. I 2023 gav han ut ein CD med Brahms’ cellosonatar med YU Kosuge på Sony.

I 2014 stifta Benedict Klöckner International Music Festival Koblenz, der han seinare har vore kunstnarleg leiar.

Benedict Klöckner studerte under Martin Ostertag ved Karlsruhe University of Music, og under Frans Helmerson og Gary Hoffman ved Kronberg Academy Masters, der han hadde Angela Winkler-stipend. Han har gitt meisterklassar over heile verda og undervist ved Hochschule für Musik Karlsruhe.

Klöckner spelar på celloen «Ex Maurice Gendron» laga av Francesco Ruggeri (Cremona, 1680).

Previous
Previous

Thibaut Garcia

Next
Next

Adrien La Marca