Hemsingfestivalen 2025

Adrien La Marca

Adrien La Marca er hylla av Financial Times som «eit reint talent» og kalla «ein ny helt på bratsj» av Le Monde. Spelet hans er karakterisert av eit inderleg uttrykk og tekniske ferdigheiter med ein rik, djup klang. La Marca har ei karismatisk framferd på scena og har evne til straks å få kontakt med tilhøyrarane sine. Derfor er han rekna som ein av dagens mest fengslande musikarar.

Som solist har Adrien La Marca opptredd med kjende orkester i Frankrike, Tyskland, Polen og Hong Kong. Hos Orchestre Philharmonique Royal de Liège var han «artist in residence» i 2018–2019. I 2014 vart La Marca utnemnd til «ny solist av året» av det franske Victoires de la Musique. Etter det har han opptredd i mange kjende konserthus i Paris, London, Amsterdam, Berlin og Wien.

Høgdepunkt i førre sesong var debuten med Elbphilharmonie Hamburg med Ensemble Resonanz og fleire konsertar på internasjonale festivalar med kjende musikarar som Sol Gabetta, Patricia Kopatchinskaja, Bertrand Chamayou, Daniel Hope og Pinchas Zukerman. Denne sesongen skal han ha konsertar i Paris, Berlin og London.

I 2016 kom la Marcas første album, English Delight, på plateselskapet La Dolce Volta. Albumet fekk gode omtalar mange stader, og det fekk ei mengd prisar. Det siste albumet hans, Heroes (2020), inneheld Walton Viola Concerto med Orchestre Philharmonique Royal de Liège, ein verdspremiere av Gwenaël Mario Grisis Viola Concerto, som er skriven særskilt for han, og Prokofjevs Romeo og Julie, som for første gong er innspelt med solofiolin og orkester. Det siste albumet så langt, Chanson Bohème (2021), inneheld eit vidt spekter av stilartar, frå valsar og ukjende verk av Hans Sitt til filmmusikk og franske chansonar.

Adrien La Marca er fødd i 1989 i Aix-en-Provence, Frankrike. Han tilhøyrer ein musikarfamilie og begynte å spele piano og bratsj då han var fire. Då han var 16, begynte han å studere ved konservatoriet i Paris under Jean Sulem. Han fullførte studia i Leipzig med Tatjana Masurenko og seinare i Berlin med Tabea Zimmermann. I 2016 var La Marca den første klassiske musikaren som mottok den prestisjetunge prisen Fondation Lagardère. Han har òg fått fleire andre høgthengande prisar, og han har vunne mange internasjonale konkurransar, blant anna William Primrose Competition, Lionel Tertis Competition og Johannes Brahms Competition.

La Marca spelar på ein framifrå bratsj som er laga av Nicola Bergonzi i Cremona i 1780.

Previous
Previous

Benedict Kloeckner

Next
Next

Brigitte Blomlie