Hemsingfestivalen 2025

Brigitte Blomlie

Brigitte Blomlie (f. 1992) frå Valdres er dansar, songar, skodespelar og adjunkt. Grunnlaget for rørslematerialet hennar hentar ho frå folkedansen, og ho kombinerer dette med eige materiale for å skape ei levande uttrykksform. Ho er oppteken av å skape sterke visuelle uttrykk og nyttar heile kjensleregisteret i formidlinga si. 

I dag er ho medskapande dansar i framsyningane Livmødre (2022) og The Dancers’ Brew med Mamelukk dansekompani. I tillegg er ho dansar, skodespelar og idéutviklar i eigne prosjekt i framsyningane Snøsong (2024) og Danse mi dokke (2023), og dessutan dansar og songar i showframsyninga HallingStreet

Tidlegare har Brigitte Blomlie hatt engasjement som dansar og skodespelar ved Västanå Teater. Medverknaden hennar i ei rekkje korkonsertar, musikalar, teaterframsyningar og showkonsertar viser at ho er svært allsidig. Som valdris er ho stolt forvaltar av halling og tradisjonsdans frå dalføret og har gått i lære hjå ei rekkje av Noregs fremste folkedansarar, på Frikarakademiet, og gjennom Lea de – Bygda Dansar. Utover engasjementet som scenekunstnar tek ho også på seg oppdrag som solist og held kurs i folkedans for folk alle aldrar.

Previous
Previous

Adrien La Marca

Next
Next

Barokkanerne