Hemsingfestivalen 2025

Barokkanerne

Barokkanerne, med den nye kunstnariske leiaren, luttenisten Jadran Duncumb, er ein av hovudpilarane i det norske tidlegmusikkmiljøet. I 2018 fusjonerte ensemblet med Norsk Barokkorkester. Begge ensembla vart grunnlagde på slutten av 1980-talet som dei aller første sjølvstendige profesjonelle barokkorkestera på originalinstrument i Skandinavia. Sidan 2020 har Barokkanernes vokalensemble kome til som ein viktig del av den kunstnariske profilen til ensemblet, som no dekkjer eit rikhaldig repertoar frå 1600- til tidleg 1800-tal.

Barokkanerne har dei siste åra opptredd ved Tage Alte Musik Regensburg, Stockholm Early Music Festival, Helsinki Early Music Festival, Georgian Concert Society Edinburg og Nordic Lights Festival i Berlin. I Noreg har ensemblet hatt sin eigen konsertserie i Oslo med festivalen Oslo Early som ein viktig arena. I tillegg har Barokkanerne gjesta Festspillene i Bergen, Olavsfestdagene i Trondheim, Glogerfestspillene på Kongsberg, Festspillene i Nord-Norge, Oslo kammermusikkfestival og Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival.

Barokkanerne har gjort fleire produksjonar for NRK radio og TV og gitt ut seks cd-produksjonar: Bellezza Crudel Vivaldi-kantater med sopranen Tone Wik (2L), Empfindsamkeit med symfoniar og konsertar av Carl Philipp Emanuel Bach, Totally Telemann med orkestermusikk av Georg Philipp Telemann, Recordare Venezia med blokkfløytevirtuosen Ingeborg Christophersen og Er heißet Wunderbar! – advents- og julekantatar av Johann Sebastian Bach og hans samtidige. Dei fire siste har kome på LAWO Classics. Den nyaste cd-en, Vivaldi, the Norwegian Seasons frå 2024, er eit resultat av eit samarbeid med Ragnhild Hemsing, der ho spelar hardingfele, mens Barokkanerne spelar på barokkinstrumenta sine.

Barokkanerne samarbeider med ulike framståande utøvarar som gjestande kunstnariske leiarar og solistar, som Alfredo Bernardini, Kati Debretzeni og Alessandro dei Marchi. I mange år har ensemblet også gått nye vegar for å setje barokkmusikk i relieff og invitere publikum til å kome nær innpå, ved å bryte med sjangerforventningar og presentere musikken på nye måtar. Samarbeid på tvers av musikksjangrar viser seg gjennom produksjonar med folkemusikarar som Benedicte Maurseth, popgruppa No.4 og samtidsmusikk. I februar 2024 gjennomførte Barokkanerne ein turné for Den kulturelle skulesekken med ein fusjon av hiphop og barokkmusikk saman med rapparane Pats Nichols og Maria Lotus Karlsen på fleire vidaregåande skular i Oslo.

Previous
Previous

Brigitte Blomlie

Next
Next

Johanna Falkinger