Hemsingfestivalen 2025

Anne Sofie von Otter

Mezzosopranen Anne Sofie von Otter kan smykke seg med ei eineståande liste med prisvinnande plateinnspelingar. Allsidig som ho er, har ho samarbeidd med legendariske artistar frå Carlos Kleiber, Claudio Abbado og Giuseppe Sinopoli til Elvis Costello, Brad Mehldau og Rufus Wainwright.

Svenskfødde von Otter har heile tida utvikla repertoaret sitt, og det har vore avgjerande for å halde ved like ein internasjonal profil. Framføringane spenner frå ei eineståande tolking av Octavian (Rosenkavaleren), med framføringar over heile verda, til den lovpriste tolkinga av Leonora i verdspremieren av Thomas Adès’ The Exterminating Angel ved Salzburger Festspiele og Royal Opera House, Covent Garden. I nyare tid har ho hatt roller som grevinna i Spardame på La Monnaie, Adelaide (Arabella) på Teatro Real, og i førre sesong gav ho liv til Gaby i verdspremieren til Mikael Karlssons Melancholia ved Kungliga Operan i Stockholm.

Von Otter er også rekna som ein framståande konsertsongar, og gjennom karrieren har ho opptredd jamleg på dei viktigaste scenene over heile verda. På repertoaret har ho verk av Mahler, Berlioz, Bach og Kurt Weill, og ho har spelt inn på plate lieder av Schubert, Schumann, Wolf og Mahler, og mindre kjende verk av Cécile Chaminade, Korngold, Peterson-Bergen og Stenhammar.

Anne Sofie von Otter begynte sesongen 2024–2025 med å framføre Mikael Karlssons songsyklus And so we will vanish med DR Symfoniorkestret og Sveriges Radios Symfoniorkester, begge under leiing av Jukka-Pekka Saraste. Ho spelar rolla som Justine i Karlssons Fanny og Alexander, som har verdspremiere på La Monnaie i Paris. Vidare er ho å sjå i verdspremieren på Philippe Manourys nye stykke Die letzten Tage den Menschheit på Oper Köln, og ho har rolla som fru Sedley i operaen Peter Grimes på Opéra de Lyon.

I dag er Anne Sofie von Otter ein av artistane som har flest plateinnspelingar bak seg, gjennom ein karriere som strekker seg over fire tiår. Gjennom eit langt og eineståande samarbeid med Deutsche Grammophon har ho produsert ei mengd innspelingar som har hausta mange lovord, mellom andre Mahlers Des Knaben Wunderhorn, som fekk Grammy-prisen. På albumet For the Stars samarbeidde ho òg med poplegenda Elvis Costello. På Naïve Classique fekk ho Grammy-prisen 2015 for beste klassiske album med vokal solo for dobbelt-CD-en Douce France, som inneheld melodiar og chansonar. Elles har ho udødeleggjort mange av operakarakterane sine på plate, mellom andre Octavian, og på dvd: Cherubino (Figaros bryllaup); La clemenza di Tito og Orfeus og Evridike; og Ariadne på Naxos.

Previous
Previous

Ragnhild Hemsing

Next
Next

Thibaut Garcia