Hemsingfestivalen 2025

Jadran Duncumb

Jadran Duncumb har engelske og kroatiske røter, men flytte til Noreg då han var ni og vaks opp nær Oslo. Han bestemte seg for å studere musikk då han vann fiolinklassen og kom til finalen i BBC Young Musician of the Year.

Duncumb begynte å utforske barokkmusikken mens han studerte ved Royal College of Music i London, der han studerte gitar under Gary Ryan og lutt under Jakob Lindberg. Etter den tid har han vore svært aktiv som akkompagnatør for forskjellige europeiske ensemble. Han er òg etterspurd som solist, der han først og fremst spelar barokklutt og barokkgitar. Han er medlem av Barokkanerne og Oslo Circles.

Han har halde kammerkonsertar med musikarar som Amandine Beyer, Rolf Lislevand, Mario Brunello og spelar jamleg med Lina Tur Bonet og Musica Alchemica, og Giuliano Carmignola i programma «Carmignola and Friends». I lag med broren, pianisten Emil Duncumb, har han utforska program med stykke som passar for kombinasjonen piano og gitar, både på eldre og moderne instrument. I mange år har han samarbeidd med bratsjisten André Lislevand, og det førte til albumet Forqueray Unchained (saman med harpisten Paola Erdas) på Arcana i 2021. For det albumet vann dei Diapason Dècouverte i mai 2021.

Duoen han har saman med fiolinisten Kinga Ujszàszi, Repicco, vart vald til å vere med i Creative Europe’s EEEmerging Artists Programme. Dei heldt konsertar og klassar i Romania, Latvia, Italia og på Ambronay Festival, der dei også fekk publikumsprisen for konserten sin. Seinare vart dei inviterte til å halde fleire konsertar i Europa dei komande sesongane, og til å vere mentorar i Ambronay Baroque Academy 2017. Debutinnspelinga Assissini, assassinati kom på  Editions Ambronay hausten 2017.

Duncumb opptrer jamleg med fiolinisten Johannes Pramsohler. Dei turnerer med musikk for barokklutt og -fiolin av Bach og Weiss og deira samtidige. I 2017 gav dei ut ein cd med duettar og solostykke av J.S. Bach og Sylvius Weiss på Audax Records.

I 2015 fekk Duncumb førstepremien i den internasjonale luttkonkurransen Maurizio Pratola i L’Aquila, Italia. Han fekk også ei utmerking for masterframføringa si på lutt og andre eldre instrument. Året etter fekk han ei anna utmerking for bassakkompagnering ved Hochschule für Musik in Trossingen, Tyskland, der han studerte under Rolf Lislevand.

Etter det har han jamleg halde solokonsertar og er etterspurd som lærar for meisterklassar, særleg i barokklutt og barokkgitar. Han har spelt inn to soloalbum for Audax Records: Weiss & Hasse: Lute Sonatas i 2018 og Bach: Works for lute i 2021. Det året var han for første gong dirigent for ein konsert med ariar med Rachel Redmond, konsertar med kammermusikk og konsertar med lutt med Barokkanerne.

Andre prosjekt er innspeling av og turné med A ma guitare (Alpha) med sopranen Giulia Semenzato, med musikk av Sor, Rossini og Giuliani, og ein ny cd med Bachs Lute Works med Audax.

Previous
Previous

Ingrid Lingaas Fossum

Next
Next

Bengan Janson