Hemsingfestivalen 2025
Ingrid Lingaas Fossum
Ingrid Lingaas Fossum (f. 1991) frå Valdres er ei av dei fremste unge langeleikutøvarane i landet. Ho har ein bachelor i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet. I haust byrja ho på ein mastergrad i utøvande folkemusikk ved Noregs musikkhøgskole (NMH), som den fyrste i historia med langeleik som hovudinstrument.
Fossum byrja med langeleik i kulturskulen då ho var åtte år, og har sterke røter i den levande langeleiktradisjonen. Ho er oppteken av å lyfte fram det tradisjonelle spelet, samstundes som ho utfordrar langeleikens bruksmåte.
Ingrid Lingaas Fossum har samarbeidd med ei rekkje musikarar i ulike sjangrar. Blant anna har ho budd periodevis i Tanzania, der ho har kombinert norsk og afrikansk folkemusikk. I 2022 vart ho vald til årets Hilmar-talent, som ein av dei mest lovande enkeltutøvarane innanfor folkemusikken.