Hemsingfestivalen 2025

Bengan Janson

Tangentkunstnaren og spelemannen Bengt-Åke, Bengan Janson vart fødd i Vällingby, men flytte til Hälsingland i tenåra. Han begynte å spele trekkspel som åtteåring. Då han var ti, spelte han med bassisten Sture Nordin og den legendariske Count Basie-trommisen Sonny Paige. Tidleg vart han også påverka av jazzpianisten Gösta Svensson, for Bengan og bror Tore spelte dansemusikk saman med han på dansegolv i Hälsingland. Eit møte med riksspelemannen Björn Ståbi på eit korstemne i 1989 gjort eit sterkt inntrykk på den unge trekkspelaren. Det førte til eit langt samarbeid i gjensidig respekt. Folkemusikkgenet var planta og gjorde heilt sikkert til at Bengan saman med Per Gudmundson kunne motta ein Grammis i kategorien folkemusikk i 2019.

Det er uråd å plassere den glade spelemannen Janson i éin kategori. Med omsynslaus lyst gir han seg over i verda til jazzen, visa, folkemusikken og musikk-komikken, alt kan spelast. Gjennom ein nær kontakt med publikum og eit uvanleg musikalsk talent handterer han både tangentar og publikum på ein merkverdig lett og gåverik måte.

«Møte med andre musikantar er drivkrafta mi!» seier Bengan Janson, og det kan verkeleg merkast på merittlista hans.

På 90-talet laga han ca. 100 timar live-tv med musikk med bandet Östen med Resten. Han har spelt revy med Thomas von Brömsen og Ulla Skoog, hatt mange års samarbeid og turnering internasjonalt med sopranen Anne-Sofie von Otter, turnert i mange år med Kalle Moreaus, og turnert og gitt ut plate med Kristina Lugn og Allan Edwall. Vidare har han samarbeidd med Putte Wikman, Dogge Doggelito, Marie Fredriksson, Jan Lundgren, Totta Näslund, Lisa Nilsson, Janne Åström, Jill Jonsson, Lill Lindfors, Charlotte Pirelli, Thomas Di Leva, Sven Bertil Taube, Claes Janson, Loa Falkman og mange fleire.

Etter 30 års musisering og samarbeid med andre var det på tide for trekkspelvirtuosen å ta scenerommet åleine. I januar 2020 hadde Under kepsen på Bengan Janson – en dragspelevinks betraktelser premiere på Regina teatern i Uppsala. Så kom koronaen, men også eit stipend frå Monika Zetterlund Sällskapet.

Framover har Bengan Janson planar om å turnere med si eiga framsyning, og han har eit nytt og spennande samarbeid med Tina Ahlin.

Previous
Previous

Jadran Duncumb

Next
Next

Leif Kaner-Lidström