Hemsingfestivalen 2025
Oskar Ekberg
Oskar Ekberg er utdanna konsertpianist med diplom frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han arbeider som solist, kammermusikar og orkesterpianist. I konsertane sine nasjonalt og internasjonalt har Ekberg gjerne lyfta fram det mindre kjende eller bortgløymde repertoaret og musikken som fortener ein renessanse. Med dette for auge har han spelt inn fleire cd-ar med svensk musikk. Blant soloalbuma hans kan nemnast førstegongsinnspelingar av Johan Helmich Romans klaversuitar (Grammy-nominert for beste klassiske album), alle pianoverk av Elfrida Andrée og dessutan pianostykke av Adolf Fredrik Lindblad.
I mange år har Ekberg vore spesielt interessert i Olivier Messiaen og hans musikk, og han har framført fleire av Messiaens større verk for solopiano og kammermusikkverk. Ekberg var initiativtakar og hovudprodusent for jubileumsfestivalen i Stockholm i 2008, ein av dei største Messiaen-festivalane i verda, ved 100-årsjubileet til komponisten og organisten Olivier Messiaen.
Sidan 2016 har Oskar Ekberg vore professor i piano på Marie Cederschiöld högskola.
About Oskar Ekberg
Since his debut with Sweden's Radio Symphony Orchestra in 2004, Oskar Ekberg has been highly in demand as a soloist, chamber musician and orchestral musician, nationally and internationally. He has received great appreciation for his commitment to Swedish music, with several notable solo recordings on CD with music by Elfrida Andrée, Adolf Fredrik Lindblad and the complete keyboard suites by Swedish baroque composer Johan Helmich Roman (Grammy nominee for Best Classical Album). His repertoire choices are often characterized by an interest in highlighting the forgotten but fantastic. He is also vivid ambassador for Olivier Messiaen's piano music, which he performs extensively.
In addition to a rich concert schedule, he in 2016 was employed as a professor of piano at Marie Cederschiöld College in Stockholm.