Hemsingfestivalen 2025

Follofeler

Follofeler er ei gruppe som består av 18 unge musikarar i alderen 9–20 år, og som spring ut frå kulturskulane i Follo.

Gruppa vart etablert sommaren 2016 og spelar musikk frå ulike sjangrar med vekt på det sceniske. Folkemusikk, klassisk, pop og koreografi er kjenneteiknande. Follofeler har delteke i ei rekke arrangement, for eksempel NRKs Sommertoget og Desembertoner i Oslo domkirke, som vart sendt på TV2. Gruppa har dessutan hatt fleire samarbeid med folkemusikkbandet Majorstuen med Jorun Marie Kvernberg i spissen. Sommaren 2022 spelte Follofeler på Oslo kammermusikkfestival og i oktober på Foreningen Nordens språkprisutdeling, der H.M. Dronning Sonja delte ut prisen til H.M. Dronning Margrethe. 

Follofeler har fleire gonger delteke på Landskappleiken, seinast sommaren 2023 i Lom, og gruppa er ambassadør for folkemusikk frå Akershus og Østfold. I mai 2024 hadde Follofeler konsert i Sverige saman med ungdomsgruppa DalaViolinisterna, som gav inspirasjon til å starte gruppa. Follofeler har også hatt fleire konsertsamarbeid med den veletablerte pianisten Aksel Kolstad. Leiar for ensemblet er Elisabet Olhans.

 

Previous
Previous

Bente Hemsing

Next
Next

Valdresstrykerne