Hemsingfestivalen 2025

Bente Hemsing

Bente Hemsing har vore engasjert i Hemsingfestivalen sidan døtrene starta festivalen i 2013. Mellom anna har ho i alle år laga kvissen og vore programleiar for den.

Hemsing spelar både fiolin og hardingfele, og har utdanning frå Østlandets Musikkonservatorium og Universitetet i Oslo og Tromsø. Ho arbeider som kulturskulerektor, pedagog og musikar.

Bente Hemsing har vore aktiv folkemusikar i mange år. Først og fremst har ho fordjupa seg i felemusikk og songtradisjon, med vekt på tradisjonsmusikken frå Valdres. Ho har vore distriktsmusikar i Valdres folkemusikkgruppe, arbeidd som orkestermusikar, og reist på mange turnear for Rikskonsertane, Den kulturelle skolesekken og Den kulturelle spaserstokken (DKS).

I tillegg til å vere aktiv musikar har Bente Hemsing ein del styreverv. I 2014 vart ho tildelt Eckbos Legats kulturpris for innsatsen som kulturformidlar.

Previous
Previous

Tor-Evert Grøndal