Hemsingfestivalen 2025

Leif Kaner-Lidström

Leif Kaner-Lidström er ein britisk-svensk pianist og komponist. Han er kjend for evna til å spele med eit mjukt, kontrollert og uttrykksfullt anslag, og for å lage ein syngande tone som fangar lyttarane. Fordi han har ei open og improviserande tilnærming til klassisk musikk, er han svært allsidig, og det gjer at han lett tilpassar seg andre sjangrar. Lidström er klassisk utdanna pianist, men er djupt engasjert i jazzscena i Storbritannia. Der er han òg medlem av det grensesprengande Levitation Orchestra, som er kjent for å utforske nye grenser i jazz gjennom kollektiv komponering. I innspelinga Leif arbeider med no for tida, In Search of Beauty, hentar han fram originale komposisjonar for piano, elektrisk gitar, bass, trommer og saksofon.

Saman med far sin, Mats Lidström (Leo Stern-professor i cello ved Royal Academy of Music), arbeider Leif Kaner-Lidström med ei innspeling av The Swan på Hyperion Records. Prosjektet dreier seg om arbeid som er inspirerte av Camille Saint-Saëns’ The Swan. Kaner-Lidström har arbeidd med songaren Celeste, som er nominert til Academy Award-prisen. Han er òg jamleg på turné med Grammy-vinnaren Anne Sofie von Otter, og han er ein sentral medlem av det vidgjetne Jess Gillam Ensemble.

Under pseudonymet Erik Sigurd har Leif Kaner-Lidström gitt ut ein god del improvisert pianomusikk, som har blitt strøymd av millionar over heile verda. Dessutan har han komponert mykje for filmindustrien. Der har han samarbeidd med produksjonskompani som Netflix, BFI Film Network og Film4.

Previous
Previous

Bengan Janson

Next
Next

Fabian Fredriksson