To unge handplukka talent er klare for festivalen
Pianisten Harald Ramm Haugland og Njord Kårason Fossnes, som spelar bratsj og fiolin, vart plukka ut blant fleire unge musikarar til å delta på festivalen. Dei er begge 18 år og spelar på Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo. Hemsingfestivalen arrangerte konkurransen i samarbeid med musikkinstituttet. No skal dei begge få sjansen til å vise seg fram i Aurdal i slutten av månaden.
– Eg synest det er kjempestas. Det er ein veldig god sjanse til å kome ut og møte nye mennesker, flotte musikarar og få vise seg fram. Eg gler meg veldig til å delta, seier Harald Ramm Haugland.
Han og kameraten, Njord Kårason Fossnes, skal spele saman med dei andre artistane under opningskonserten onsdag kveld og musikalsk lunsj på Nythun fredagen. I tillegg får dei meisterklasse med Ragnhild Hemsing og pianisten Julien Quentin. Her speler dei og får tilbakemeldingar av dei erfarne musikarane og det er opent og gratis for publikum i Frikar-Smia torsdag klokka 15.
– Å få vere med på festivalen er ein veldig god moglegheit til å lære av andre musikarar. Under meisterklassen får vi jobbe med proffe musikarar, få tilbakemeldingar og lære av dei, seier Ramm Haugland.
18-åringen har ikkje vore på festivalen før, men har vore fleire gonger i Valdres på Jørn Hilme-stemnet og landskappleik. Han gler seg stort til festival.
– Det blir veldig gøy å oppleve denne festivalen. Også er det gøy å reise med Njord, som eg er veldig god venn med, seier Ramm Haugland.