Program og billettar 2023 — ute no!
Velkomen til Hemsingfestivalen 2023!
Det er ei stor glede for oss å ynskje velkomen til ein ny Hemsingfestival og 10-årsjubileum 22.–26. februar 2023, der store internasjonale stjerner frå heile verda kjem til den vesle fjellbygda vår, Aurdal, med rundt 700 innbyggjarar. Me gler oss til å presentere eit spennande og variert program med fantastiske musikarar.
Ynsket vårt er som mottoet vårt, nemleg å skape intime møte med stor musikk! Den magiske stemninga i tette møte mellom publikum og oss musikarane gir oss mykje. Me ser fram til å gi gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede.
Festivalprogrammet for 2023 inneheld 17 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. De får høyre musikk framført av flotte musikarar på topp internasjonalt nivå som Goldmund Quartet, Anna Fedorova, Martin Stadtfeld og Adrian la Marca, i tett samspel. Det blir eit hyggeleg gjensyn med fleire av artistane som har vore på festivalen tidlegare, som TrondheimSolistene, Gjermund Larsen og Andreas Brantelid, og nye bekjentskap med spennande musikarar som Marja Mortensson, Terje Isungset og Thibaut Garcia. Alle artistane på festivalen vil opptre på fleire av konsertane iløpet av dei fem festivaldagane.
Nytt av året er eit nytt konsertkonsept med iglokonsertar utanfor Frikar-Smia torsdag og fredag med den internasjonalt kjente pioneren innan is-musikk, Terje Isungset. Han skapte det musikalske konseptet som ei utviding av hans interesse for å lage lyd frå natur-materialar. Ved å oppsøke ulike typer is og spele på dei både akustisk og med elektronikk, har Terje med suksess foredla teknikkane som krevs for å la isen 'synge', som publikum vil få oppleva i eit unikt konsertkonsept med iglokonserter på Frikar-Smia. Terje spelar også på isinstrument innandørs ilag med fleire av musikarane på festivalen.
Laurdag kveld blir det i år konsert i Frikar-Smia i Aurdal, nemleg ein «Draumekonsert» med festivalens artistar, der publikum kan sende inn ynskje om musikkstykke i forkant.
Det blir også eit ope kurs for alle i tradisjonsdansane springar og halling, ved Hallgrim Hansegård frå FRIKAR.
I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke og Frikar-Smia kan besøkjande også hyggje seg med Smak med tonar på Nythun, Musikkaperitiff på Frydenlund skysstasjon, konsertlunsjen Rakfisk Forte Fortissimo på Noraker Gård og matinékonserten Musikksporet i Aurdal fjellkirke. Det blir også i år ein Eventyrdag for heile familien. På Aurdalsåsen laurdag kan de får oppleve hundekjøyring, eller benytte dei fine skiløypene i området ved guida skiturar.
Me gler oss også til at de får oppleva dei unge talenta på festivalen i 2023 som ein del av Hemsingfestivalen sitt eige talentprogram, Hemsing Akademi. Det er det einaste og fyrste programmet i sitt slag som omfattar talent både innanfor klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein ope audition-runde. De vil få høyre fleire av talenta opptre på festivalen i ulike samansetningar.
Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.
Me ynskjer dykk fine opplevingar og magiske augneblikk. Velkomen til innhaldsrike festivaldagar!
Venleg helsing,
dei kunstnarlege leiarane Eldbjørg Hemsing og Ragnhild Hemsing og resten av festivalteamet