Kunngjering: 5 talent er handplukka til FRAMR

Fem unge artistar er handplukka for å delta på Hemsingfestivalens talentprogram FRAMR.

Programmet er det fyrste og einaste i sitt slag som omfattar deltakarar både innan klassisk musikk og folkemusikk.

Dette året er fem ungdommar i alderen 17-20 år plukka ut til å ta del i talentprogrammet FRAMR under Hemsingfestivalen i februar.

Dei fem talenta er Frida Leanne Rogn frå Vestre Slidre i Valdres (cello), Bjørg Pas frå Elverum (fiolin), Andreas Grimstad frå Levanger (bratsj), Ane Stakston Aasen frå Brøttum (fele) og Ragna Valde Sletten frå Vågå (fele).

FRAMR si målsetjing er at unge talent får høve til å møte utøvarar frå begge sjangrar og få innsikt i kva rolle folkemusikken har for den klassiske musikken og omvendt.

Framr talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk

Øverst t.v.: Andreas Grimstad, Frida Leanne Rogn, Bjørg Pas
Nederst t.v.: Ane Stakston Aasen, Ragna Valde Sletten

Les meir om talentprogrammet her

Previous
Previous

NRK Musikklivet: Draumekonsert i Frikar-Smia

Next
Next

Sjekk ut festivalområdet