Familiedag med «Beethoven på ski»
Laurdag under festivalen blir det arrangert familiedag i Aurdal. På jordet utanfor Frikar-Smia kan både ungar og vaksne vere med på uteaktivitetar og konkurransar frå klokka 13. Det er første gong Hemsingfestivalen arrangerer dette og det er i samarbeid med Aurdal IF.
– Det blir ulike postar og aktivitetar med ski på føtene. Mellom anna kasting på blink, kims leik, aking og anna. Også skal vi grille pølser, seier Bente Anti i Aurdal IF.
Temaet for dagen er Beethoven og etter uteaktivitetane er alle invitert inn i Frikar-Smia til familiekonserten «Eventyret om Beethoven». Her skal blant andre Arve Tellefsen, Valdresstrykarane og Liv Bernhoft Osa vere med. Heile arrangementet er gratis og passar for alle.
– Det er veldig artig å få vere med på dette. Vi driv med lågterskeltilbod for alle, og eg tenker dette er ein fin måte å kombinere ski- og uteaktivitetar med kultur. Vi håpar det kjem så mange som mogleg på dette, seier Anti.