Konsertarena
Ballsalen i Sorenskrivargarden
Ragnhild Hemsing har opna heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.
Sorenskrivargarden har røter tilbake til 1600-talet og hovudbygningen vart oppført i 1846.
På 1800-talet var Aurdal sentrum i Valdres-regionen, og rett nedanfor Sorenskrivargarden var endestasjonen på Valdresbanen. Sorenskrivargarden fungerte både som skatteoppkrevar og domstol, og var ein mykje brukt festplass for borgarskapet. Spelmennene laut lære seg kunstmusikk som franchaise og fandango i tillegg til dei lokale dansane, og slik var bygningen ein arena for kulturmøte. Knut Hamsun som budde på nabogarden fekk stipend av sorenskrivarfrua då han skreiv boka «Victoria». I “Aurdalsbyen” er sveitserstilen dominerande og Sorenskrivargarden er det einaste bygget i utprega empirestil her. No er Ballsalen restaurert attende i 1800-tals stil, og ekteparet Hemsing Hansegård gler seg til å opne dørene til ulike kulturarrangement.
The artist Ragnhild Hemsing opens her home in Aurdal and the newly restored Ballroom in Sorenskrivargarden in Aurdal from the 19th century.
Sorenskrivargarden has roots back to the 17th century and the main building was built in 1846.
In the 19th century, Aurdal was the center of the Valdres region, and directly below Sorenskrivargarden was the terminus of the Valdresbanen. Sorenskrivargarden functioned as both a tax collector and a court, and was a much-used place where people gathered for culture meetings and activities. The local folk musicians were allowed to learn art music such as franchaise and fandango in addition to the local dances, and so the building was an arena for cultural meetings. Knut Hamsun, who lived on the neighboring farm, received a scholarship from the magistrate's wife when he wrote the book "Victoria". In "Aurdalsbyen" the Swiss style is dominant and Sorenskrivargarden is the only building in a distinctly empire style. Now the Ballroom has been restored in eighteenth-century style, and the Hemsing Hansegård couple are happy to again open the doors to various cultural events.