Hemsingfestivalen 2022

Dag 3

Laurdag 26. februar

 
Morgonstemning
feb
26

Morgonstemning, frukostkonsert på Nythun

09:00
500,- (for dei som ikkje har overnatting på Nythun)
Bestill direkte med Nythun Ei morgonstund med gull i munn! Det blir ein minikonsert med Ragnhild Hemsing, Bjarke Mogens, Amanda Noor Vatn og Sophia Mina Friedensburg. Programleiar: Erling Dahl Jr.

Morgonstund kan nokon gonger ha ull i munn, men her skal dykk få møte musikare og musikk som har «gull i munn»! I tillegg til instrument me er vand med og forventar på ein kammermusikkfestival, får me óg eit spennande musikalsk møte med akkordeon - det vil si eit trekkspel tilpassa bruk i konsertsamanheng. Trekkspelet har ikkje berre akkordar på bass-sida, men også enkelttonar - melodibass.

Konserten er gratis for dei som bur på Nythun.

Trykk her for program

♫ Grieg: Frå Peer Gynt, “Morgenstemning”
Ragnhild Hemsing, Bjarke Mogensen,


♫ Unge talent, Hemsing Akademiet


♫ Carl Nielsen: “Alladdin”, 2.sats, 1. Aladdins Dream & Dance of the Morning Mists
2. Hindu Dance
Bjarke Mogensen

♫ Rued Langaard: Andante Religioso
♫Schnittke: “Suite Im Alten Stil”
Ragnhild Hemsing, Bjarke Mogensen

 
Guida-skitur
feb
26

Guida skitur (ca 13km) frå Nythun til "Musikksporet" i Aurdal Fjellkirke

10:00
Gratis
Påmelding

Guida skitur i lett, flott fjellterreng med guide Morten Sollie.

Bakeriet i Valdres står for sal av bakevarer og varm drikke utanfor Fjellkyrkja frå kl. 12.00. Det blir transport attende til Nythun etter konserten.

Trykk her for meir info

Oppmøte kl. 10.00 på Nythun. Turen startar kl. 10.30 med guide Morten Sollie. Det blir transport attende til Nythun etter konserten "Musikksporet".

NB! Påmelding til skituren og transport, til vertskap på Nythun, innan kl. 20.00 fredag 25. februar. Nythun bestiller maxitaxi frå fjellkyrkja til Nythun. Transport kr. 200,-


 
Utsal av bakevarer
feb
26

Utsal av bakevarer ved Bakeriet i Valdres utanfor fjellkyrkja

12:00
-

Her kan du få gode bakevarer frå Bakeriet i Valdres og noko varmt i koppen.

 
Musikksporet
feb
26

Musikksporet, matinékonsert i Aurdal Fjellkirke på Aurdalsåsen

13:00 / 45 min
490
Kjøp billett

Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, sette frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før du kan ta på deg skia og halde fram med skituren. Det blir organisert transport tilbake til Nythun ved påmelding direkte til vertskapet.

Kafè med Bakeriet i Valdres utenfor Fjellkirka frå kl 12.00.

Trykk her for program

♫ Antonin Dvorak: 5 Bagatellar op.47 for to fiolinar, cello & trekkspel
  1. Allegretto scherzando
  2. Tempo di minuetto. Grazioso
  3. Allegretto scherzando
  4. Canon. Andante con moto
  5. Poco Allegro
    Bjarke Mogensen, Ragnhild Hemsing, Amanda Noor Vatn, Andreas Brantelid

♫ Fantasi over en Bornholmsk Folkesang
    Bjarke Mogensen

♫ Trad. folkemusikk + Grieg
    Ragnhild Hemsing, Bjarke Mogensen

♫ Mozart: Duo i B-dur, k.424
    Eldbjørg Hemsing, Nils Mönkemeyer

 
Familiedag Hemsingfestivalen
feb
26

Hemsingfestivalen Familie: Eventyrdag

13:00 / 2t
Gratis | Påmelding
Påmelding

Uteaktivitetar med eventyrtema for heile familien og konsert inne etterpå med Mari Maurstad og Valdresstrykerne.

I samarbeid med Barnas Turlag Valdres.

Trykk her for program

Me startar med ei løype med forskjellige aktivitetar ute for barn og vaksne som aking på akematter, gjettekonkurranse, kasting på blink og eventyr-quiz. Me får óg besøk av sau og hestar for kos og klapp. Til slutt venter ein premie. Det er valgfritt kva for aktivitet ein er med på. Turlaget har varme pølser på bålpanna!

Kl 15.00 inviterer me alle som vil inn i Frikar-Smia til familiekonserten. Lengd: 1 t.

Sal av pølse og lompe og drikke før konserten.

 
Familiedag Hemsingfestivalen
feb
26

Familiekonsert: "Eventyrstund, Reveenka og Pannekaka" med Mari Maurstad og Valdresstrykerne

15:00 / 1t
Gratis
Påmelding

Kl 15.00 inviterer me alle som vil inn i Frikar-Smia til familiekonsert i form av ei eventyrstund i regi av Mari Maurstad.

Sal av pølse og lompe og drikke før konserten.

Trykk her for program

Konsert og forteljing i regi av Mari Maurstad saman med Valdresstrykerne, det lokale barne-og ungdomsorkesteret.

 
Smak med tonar på Nythun
feb
26

Smak med tonar på Nythun

19:00
1750,-
Bestill direkte med Nythun

Mat og musikk av ypparste kvalitet.Oppmøte kl. 18:30.

Det blir skjemt og alvor med musikk av topp-musikarar innimellom fire rettar med kvalitetsmat med lokale råvarer - med andre ord ein fornøyeleg og fordøyeleg kvel

Trykk her for program

Forrett
♫ Schostakovitch: Drei Duette, «Preludium», «Waltz», «Gavotte»
Ragnhild Hemsing, Eldbjørg Hemsing, Enrico Pace

♫ Folkemusikk ved Ole og Knut Aastad Bråten

♫ Desenclos: “Aria and Rondo” for double bass and piano, 12 min
Olivier Thiery, Julien Quentin

Fyrste hovudrett
♫ Max Bruch: Kol Nidrei
Andreas Brantelid, Bjarke Mogensen

♫ Gliére: Duos 6
Ragnhild Hemsing, Andreas Brantelid

♫ Beethoven: Bagatellen op 126, nr 3 og 4.
Enrico Pace

♫ Bizet: “Toreadors Sang”, frå operaen Carmen
Johannes Weisser, Enrico Pace

Andre hovudrett
♫ Piazzolla: Cafe 1930
Eldbjørg Hemsing, Bjarke Mogensen

Mari Maurstad: «Jordange» og «Ferdaminne» av Halldis Moren Vesaas

♫ Dvorak: Trio Miniatures, Op 75A
    1. Cavatina
    2. Capriccio

Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Nils Mönkemeyer

Dessert
♫ Ralph Vaughan Williams: Pianokvintett i C-moll, 1. sats “Allegro con fuoco”
Ragnhild Hemsing, Nils Mönkemeyer, Victor Julien-Lafferière, Olivier Thiery, Julien Quentin

Forrige dag

feb

25

Neste dag

feb

27