Hemsingfestivalen 2024
Sivert Holmen
Hardingfele og hardanger d’amore
Sivert Holmen er ein utøvande og skapande musikar på hardingfele og hardanger d’amore. I musikken hans møter folkemusikk frå Valdres impulsar frå samtidsmusikk og moderne komposisjonsmusikk. Scenisk nærvær og ein lyrisk tone kjenneteiknar spelet hans.
Både duoplata Sumarmorgon (2016) og soloplata Jotunheimen (2021) vart nominerte til Folkelarmprisen. Holmen har mottatt Øivind Berghs minnepris (2017), er vinnar av Fureprisen (2016), og vart kåra til årets unge folkemusikar (2015, med Bjørn Kåre Odde). Han har siger i Fanitulltevlinga 2022 og fleire topplasseringar på Landskappleiken.
Holmen har hatt musikken på framsyningar som Dei gamle er eldst, Hulabaken og Spelejenta og har halde konsert i inn- og utland gjennom både samspels- og soloprosjekt.
Holmen var ferdig med kandidatstudiet i folkemusikk ved Noregs musikkhøgskole i 2016 og tok utøvande master med musikkforsking ved Musikkhøgskolen i 2023, der han fordjupa seg i lydarlæte, klangnyansar og tonekvalitet på hardingfele. Holmen er også dansar i dans hardingfele klasse A.