Hemsingfestivalen 2024

Brighde Chaimbeul

B righde Chaimbeul (Bree-chu Chaym-bul) er ein framståande utøvar av eksperimentell keltisk musikk og spelar på den skotske sekkepipa som blir kalla «smallpipe»: ei belgblåst sekkepipe med ein dobbel basstone. Ho har funne opp ein heilt unik måte å arrangere musikk for sekkepipe, ein spelemåte som understrekar dei rike, strukturelle basstonane i instrumentet. Den konstante lyden skaper ein transeliknande atmosfære når ho spelar med sin forlokkande, virtuose flyt.

Chaimbeuls fengslande spel har gjort henne kjend i mange land. Ho har også fått Young Folk Award og Horizon Award, begge frå BBC Radio 2, og i 2021 spelte ho for statsleiarar frå heile verda ved opningsseremonien til det årlege klimatoppmøtet COP 26 i Glasgow.

Stilen til Chaimbeul har utspring i morsmålet hennar, gælisk, men gjennom måten ho spelar på, utvidar ho grensene for instrumentet og klangen sin. Det ferskaste albumet hennar, Carry Them With Us, der også den kjende saksofonisten Colin Stetson er med, har fått mykje omtale og er nyleg meldt i The Guardian, The Irish Times, Stereogum og Dazed & Confused. Chaimbeul er også med på Caroline Polacheks banebrytande album Desire, I Want To Turn Into You.

Brighde Chaimbeul har samarbeidd med velrenommerte musikarar frå Skottland, Irland og andre stader, som Aidan O’Rourke, Radie Peat (Lankum), Gruff Rhys, Carlos Nunez, Ross Ainslie og Cormac Begley.

Chaimbeuls sekkepiper er laga av dei velkjende instrumentmakarane Fin Moore og Hamish Moore.

Previous
Previous

Mario Häring

Next
Next

Ragnhild Hemsing