Program 2017

Velkomen til Hemsingfestivalen 2017, 22. - 25. februar! Billettsalet opnar fyrste veka i oktober. 

Til femårsjubileet vårt i 2017 har me utvida festivalen til arrangement på dagtid, i tillegg til dei tradisjonelle konsertane om kvelden. 

Me har 15 arrangement totalt på desse fire dagane. Det blir ei festivalløype alle dagar som alle kan vera med på, eller ein kan velja seg nokre arrangement. I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kyrkje og i SMIA har me tilbod om kunstutstilling, guida skitur, lunsj med minikonsertar, middagar med musikk, foredrag og omvising. I programmet under finn du ei oversikt over alle arrangementa og kvar ein bestiller billettar.

 

Til femårsjubileet vårt i 2017 har me utvida festivalen til arrangement på dagtid, i tillegg til dei tradisjonelle konsertane om kvelden. Me har 15 arrangement totalt på desse fire dagane. Det blir ei festivalløype alle dagar som alle kan vera med på, eller ein kan velja seg nokre arrangement. I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kyrkje og i SMIA har me tilbod om kunstutstilling, guida skitur, lunsj med minikonsertar, middagar med musikk, foredrag og omvising.

I programmet under finn du ei oversikt over alle arrangementa og kvar ein bestiller billettar.

Bestillingar og kodar

* Billettar til alle konsertane merkte «T» (opnar 1. oktober): Festivalpass eller billettar til einskilde konsertar kan kjøpast hjå www.ticketmaster.no eller på telefon 815 33 133. Publikum kan òg kjøpe billettar direkte ved inngangen eller hente ut reserverte billettar på alle utsalsstadene til Narvesen og 7-Eleven.

* Bestilling/betaling av arrangement merkte «IR»: Send e-post til Inger Raagholt: inger@hemsingfestival.com

* Bestilling av hotell eller arrangement merkte «D»: Send e-post til Danebu Kongsgaard: post@danebu.no eller tlf. 613 57 600

* Bestilling av arrangement merkte «Ope hus»: Inga førehandsbestilling, betaling ved inngang.

Festivalpass Festivalpass til alle dei åtte konsertane, kr 1500 (gjeld desse konsertane: Festopning, Kyrkjekonsert, I kveldsetun med Ingrid Bjørnov, Musikksporet kl 12.00 eller kl 14.00, Familiekonsert, Konsertkåseri, Virtuosen og Konsertquiz).

onsdag 22.02
  • 19:00 "Smak med tonar"

    Ein treretters middag med musikk på Danebu Kongsgaard. Me tjuvstartar festivalen med god mat og musikk spelt av artistar frå festivalen på Danebu Kongsgaard.

    Kr 695. Påmelding og betaling til Danebu Kongsgaard (D). Sjå heimesida deira for kart og annan info, www.danebu.no.

    Danebu Kongsgaard kan med rette seiast å liggje midt i hjartet av det vakre og ville Valdres. Med den unike plasseringa nærare 1000 moh., med ei fantastisk panoramautsikt over Jotunheimen og Hemsedalsfjella, har hotellet likevel kort veg til alle fasilitetar, aktivitets- og kulturtilbod i heile regionen. Danebu Kongsgaard er eit historisk hotell med ei spennande gjestebok som inneheld namn på både norske og utanlandske kongelege og idrettsstjerner gjennom tidene. Du kan bu godt i kongsgarden, som har 32 rom med alle moderne fasilitetar. Kjøkkenet deira haustar gode tilbakemeldingar og nyttar seg av lokale råvarer frå Valdres og nabodalføra.

torsdag 23.02
  • 17:00 Middag (majel) og foredrag på Frydenlund Skysstasjon, Aurdal

    Me inviterer til ein forsmak med mat og foredrag med tittel "Aurdal i Valdres og Valdres i verda på 1800-talet" før opningskonserten i Aurdal kirke kl. 19.30. Foredragshaldarar: Bente Hemsing og Ole Aastad Bråten.

    Frydenlund Skysstasjon ligg i Aurdal sentrum og er frå 1860-åra. Denne praktfulle sveitserbygningen var ein av mange skysstasjonar mellom aust og vest. Mange kjente personer har hatt tilknyting til Frydenlund, m.a. Grundtvig, og Nina og Edvard Grieg. Knut Hamsun budde her i to periodar. Han skreiv boka Victoria i Aurdal, og statuen av Victoria står ved Frydenlund. Seinare vart bygningen brukt som postkontor og telegrafstasjon. Det er eit Hamsun-museum og eit skulemuseum i huset.

    Kr 150 (T eller IR)

    Aftenpostens A-kort, kr 124 (T)

  • 19:30 Festopning

    Festivalens opningskonsert med verk av m.a. Tsjajkovskij, Bartok og Chopin i solo- og kammermusikkformat. Opningstale ved Stortingspresident Olemic Thommessen. 

    Konsertprogram

    Edvard Grieg: Drømmesyn

    Tor Espen Aspaas

     

    Franz Schubert: “ Arpeggione”, sonate arrangert for bass og klaver,

    1.sats “Allegro moderato”

    Nicholas Schwartz, Anna Fedorova

     

    Frederic Chopin: Waltz i Ass-dur, Op. 34 No. 1

    Anna Fedorova

     

    Bela Bartok: Trio for klarinett, fiolin og piano "Contrasts" 1.sats. 6 min

    Janusz Wawrowski, Dionysis Grammenos og Tor Espen Aspaas

     

    Pjotr Tchaikovsky: String Sextet “Souvenir d´florence” Op 70 in D minor 35 min

    1. Allegro con spirito

    2. Adagio cantabile e con moto

    3. Allegretto moderato

    4. Allegro con brio e vivace

    Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Lea Hennino, Eivind Holtsmark Ringstad, Victor Julien-Laferrière, Anastasia Kobekina

     

    Lengd: 80 minutt. 

    Kr 320 / 220 (T)

    Aftenpostens A-kort, kr 256 (T)

fredag 24.02
  • 11:30 Besøk i Galleri Hilsen

    Dalens mest anerkjente biletkunstnar, Eva Laila Hilsen tek imot oss i sitt «Livets hus», fortel om arbeidet sitt og viser fram måleri, grafikk og teikningar. For meir informasjon om galleriet, sjå www.evalailahilsen.no.

    Ope hus. Gratis inngang.

    Parkering ved gamle Elkjøp viss det er fullt utanfor Galleriet.

  • 13:00 Minikonsert med lunsj på Noraker Gard

    Minikonsert med festivalens artistar på Noraker Gard med lunsj inkludert. Nils Noraker kåserer om garden og rakfisken. Glaskunstutstilling ved Brit Noraker. Buffé med spesialitetar og kortreist mat. For meir info om garden, sjå www.noraker.no

    Artistar

    Ragnhild Hemsing, Dionysis Grammenos, Eivind Holtsmark Ringstad, Victor Julien-Laferrière

     

    Kr 490 (IR)

  • 17:00 "Musikkaperitiff"

    Musikkaperitiff på Danebu Kongsgaard. Musikalsk smakebit med noko attåt før kveldens konsertar i Aurdal. Me samlast til hyggeleg samvære, og det vil bli servert drikke og litt å bite i. Pakketilbod for fredag kveld: To konsertar, Aurdal kyrkje kl 18.30 og I kveldsetun med Ingrid Bjørnov i SMIA kl 21.30. Drikke og enkel servering. Buss ned frå Danebu til konsertane, og buss opp til Danebu etter konsert i SMIA.

    Kr 500. Påmelding og betaling til Danebu Kongsgaard (D)

  • 18:30 Kammerkveld, kyrkjekonsert

    Kyrkjekonsert i Aurdal kyrkje. De vil m.a få høyre urframføring av eit nytt stykke komponert til Eldbjørg og Ragnhild Hemsing av Olav Anton Thommessen. 

    Hemsingfestivalen støttar Kreftforeningen, og 20 kr av kvar billett til denne konserten går til viktig kreftforsking. Mange takk for støtta!

    Konsertprgram

    Gustav Mahler, pianokvartett i a-moll

    Janusz Wawrowski, Eivind Holtsmark Ringstad, Victor Julien-Laferrière, Tor Espen Aspaas

     

    Olav Anton Thommessen: “ Schulwerk bei Spohr”, urframføring av duo for to fioliner

    Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing

     

    Franz Schubert, pianokvintett i A-dur "Trout" D.667 

    1. Allegro vivace

    2. Andante Scherzo: Presto

    3. Andantino – Allegretto

    4. Allegro giusto 

    Eldbjørg Hemsing, Lea Hennino, Anastasia Kobekina, Nicholas Schwartz, Anna Fedorova

     

    Lengd: 75 minutt.

    Kr 290 / 200 (T)

    Aftenpostens A-kort, kr 232 (T)

  • 21:30 "I kveldsetun" med Ingrid Bjørnov

    I kveldsetun med Ingrid Bjørnov, SMIA i Aurdal. Med som gjesteartistar er musikarar frå festivalen.

    Ingrid Bjørnov er Noregs leiande humorpianist. Ho har underhaldt Noreg i 35 år, fyrst som popartist i duoen Dollie, seinere som musikalkomponist og kapellmester, og dei siste 15 åra som musikalsk stand-up-artist, programleiar og forfattar. Ingrid Bjørnov spelar klassisk musikk baklengs, ho gurgler O mio babbino caro i originaltoneart, og ho påstår at Benny Andersson og Edvard Grieg er ein og same person.

    Lengd: 75 minutt

    Kr 300 / 200 (T)

    Aftenpostens A-kort, kr 240 (T)

laurdag 25.02
  • 11:00 Guida skitur

    Guida skitur frå Danebu til Bjørgovarden. Turen endar opp ved Aurdal fjellkyrkje og konserten «Musikksporet» kl. 14.00. Turguide: Gerda Grøndahl. Møtestad for skitur: Parkeringa ved Danebu Kongsgaard. Ta med eigensmurt nistepakke.

    (bestilling: IR)

  • 12:00 "Musikksporet" kl 12.00

    Musikksporet, Aurdal fjellkyrkje på Aurdalsåsen. Matinékonsert med verk av m.a Mozart og Grieg.

    Ski Classic får eit nytt innhald: Det nye konsert-konseptet «Musikksporet» er ein føremiddagskonsert i Aurdal fjellkyrkje laurdag 25. februar. Her kan publikum gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå seg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i fullt skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før dei tek på seg skia att og fortset skituren.

    Konsertprogram

    W. A. Mozart Clarinet Quintet in A Major K. 581. 

    1. Allegro

    2. Larghetto

    Dionysis Grammenos, Janusz Wawrowski, Eldbjørg Hemsing, Lea Hennino, Anastasia Kobekina

     

    Hardingfele, trad.

    Andris Hemsing

     

    Edvard Grieg String Quartet in G Minor Op 27, 3. og 4.sats

    Eldbjørg Hemsing, Janusz Wawrowski, Lea Hennino, Anastasia Kobekina

     

    Lengd: 45 minutt

    Kr 260 / 150 (T)

    Aftenpostens A-kort, kr 212 (T)

  • 14:00 "Musikksporet" kl 14.00

    Same konsert og artistar som Musikksporet kl 12.00.

    Lengd: 45 minutt

    Kr 260 / 150 (T)

    Aftenpostens A-kort, kr 212 (T)

  • 14:00 "Familiekonsert"

    Musikarar for framtida.

    Konsert med Juniorensemblet Barratt Due frå Oslo med Sigyn Fossnes som dirigent. Solist, Bjørg Pas (fiolin), Hannah Lund (cello) og Ragnhild Hemsing (fiolin). Medverkande på konserten er Valdresstrykerne under leiing av Susanne Engelmann og Eivind Dølerud.

    PROGRAM

    Andrea Holzer-Romberg: Schorschi`s Schräg Räg

    Mark Williams: Fiddles on Fire

    Valdresstrykerne 1 og 2

     

    Sturla Eide: “Kast” med Sindre Tronrud som hardingfele solist

    Franz Liszt: Ungarsk Rapsodi nr.2, arrangert av Jamin Hoffmann

    Valdresstrykerne 3

     

    Jean Sibelius: Andante festivo

    Juniorensemblet Barratt Due

     

    Wilhelm Stenhammar: Sentimentale Romanze op 28 for fiolin og orkester. Solist: Ragnhild Hemsing

    Juniorensemblet Barratt Due

     

    Antonio Vivaldi: Concerto Grosso i d-moll for 2 fioliner, cello og orkester, "Adagio Largo e Spiccato" og "Allegro".  Solistar: Bjørg Pas, Hannah Lund og Ragnhild Hemsing

    Juniorensemblet Barratt Due

     

    Joseph Bologne, Chevalier de St George (1745 - 1799): Symfoni IX nr 2: Allegro Presto, Andante, Presto

    Juniorensemblet Barratt Due

     

    Modeste Mussorgsky: Night on Bald Mountain

    Heitor Villa-Lobos: O Canto do Pajé

    Leroy Anderson: Plink, Plank, Plunk

    Valdresstrykerne og Juniorensemblet Barratt Due

     

    Lengd: 60 minutt

    Kr 240 (vaksne), kr 0 under 16 år (T)


    Aftenpostens A-kort, kr 196 (T)

  • 14:00 Omvising i langeleikutstillinga på Valdres Folkemuseum

    Omvising i langeleikutstillinga på Valdres Folkemuseum. Det særnorske instrumentet langeleik har vore spelt i store delar av Noreg, men Valdres er den einaste staden med ein ubroten levande tradisjon. Langeleikutstillinga på Valdres Folkemuseum presenterer ny kunnskap og stor variasjon i utforminga av instrumentet. For meir informasjon om museet, sjå www.valdresmusea.no.

    Kr 100 / 50, betaling ved inngang

  • 15:00 "Konsertkåseri" med Tor Espen Aspaas

    Konsertkåseri i festsalen på Valdres Folkemuseum. «Vi må forplikte oss til å føle ungt!», eit konsertkåseri om evigunge Edvard Grieg (1843–1907), hans liv og musikk – og om kunst som «overskudd av lengsel», av og med Tor Espen Aspaas.

    Lengd: 45 minutt

    Kr 150 / 50 (T eller billett ved inngang)

    Aftenpostens A-kort, kr 124 (T)

  • 19:00 "Virtuosen"

    «Virtuosen», SMIA i Aurdal. 
Programleiarar: Ole og Knut Aastad Bråten. Virtuos musikk og kjente klassiske perler.

    Lengd: 70 minutt Kr 290 / 200 (T). Aftenpostens A-kort, kr 232 (T)

    NB! Pakketilbod for laurdag kveld for Virtuosen og Konsertquiz, kr 350. Aftenpostens A-kort for pakketilbod, kr 285 (T)

  • 21:00 "Konsertquiz"

    Avslutning på festivalen i SMIA i Aurdal. Uformell og artig avslutningskonsert på festivalen. Bente Hemsing er programleiar, og alle artistane på festivalen opptrer. 

    Sal av lokal mat og drikkevarer i SMIA fredag og laurdag kveld.

    Lengd: 70 minutt

    Kr 250 / 150 (T). Aftenpostens A-kort, kr 204 (T)

    NB! Pakketilbod for laurdag kveld for Virtuosen og Konsertquiz, kr 350. Aftenpostens A-kort for pakketilbod, kr 285 (T)