Hemsingfestivalen ynskjer å støtte Kreftforeningen

Vår pappa, Endre Hemsing, døydde av kreft 20. november 2013. Det har vore ein tung stund for oss, men me er veldig takksame for alt som vart gjort for han og for oss gjennom ein sjukdomsperiode på 1 ½ år.

Me samla inn pengar til Kreftforeningen i pappas gravferd, og me ynskjer å kunne gje meir. Derfor vil ein del av inntektene frå konserten "Kammarkveld" i Aurdal kyrkje fredag i festivalveka, der også pappa er bisett, gå til viktig kreftforsking. Me synest det er fint at publikum også kan vera med og støtte denne viktige saka.

Kjøp billettar på ticketmaster.no. Takk for støtta!