Velkomen til Hemsingfestivalen 2018!

Det er ei stor glede å invitere til Hemsingfestivalen 21.–25. februar 2018 med 13 konsertar fordelt på fem dagar.

Velkomen til intime møte med stor musikk!

Hemsingfestivalen er ein internasjonal kammarmusikkfestival for klassisk musikk i Aurdal i Valdres med musikarar på det høgste nivå. Festivalen vart etablert av musikarsystrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing i heimbygda i 2013 og blir arrangert kvart år i veke 8 i februarmånad med omlag 13 konsertar over fem dagar. 

Dei hadde lenge hatt ein draum om å etablere eigen festival og skape noko i heimbygda som mange kunne ha glede av for det var viktig at festivalen skulle arrangerast i februar månad. Det er ei tid på året der det elles ikkje er mange tilbod om klassisk musikk og festivalar generelt. 

Hemsingfestivalen er ein kompakt festival med gangavstand mellom dei fleste arrangementslokala, og det er ein festival der publikum kjem tett på artistane. I tillegg til konsertane tilbyr festivalen også andre aktivitetar på dagtid som lunsjkonsertar, foredrag og guida skitur til matinékonsertar på Aurdalsåsen som me har kalla "Musikksporet". Dette er ein unik anledning til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivelsar og med utsikt mot Jotunheimen.

Dei fleste konsertane blir arrangert i Aurdal kyrkje, Frikar-Smia (ein tidlegare gymsal ombygd til konsertarena og produksjonslokale) og Aurdal fjellkyrkje på Aurdalsåsen. Publikumskapasiteten lokala har ligg mellom 100 og 300. I tillegg har me eit samarbeid med lokale aktørar som Frydenlund Skysstasjon og Noraker gard i Aurdal, Galleri Hilsen, Nythun Høyfjellstue og Valdres Folkemuseum på Fagernes der festivalen arrangerer konsertar.

 

Velkomne til intime møte med stor musikk!

 

Beste helsing

Eldbjørg og Ragnhild,

kunstnarlege leiarar