Festivalprogrammet og artistliste for 2018 er lansert!

01.10.2017

Velkomen til innhaldsrike og varierte festivaldagar i Aurdal i Valdres 21.-25. februar 2018! Hemsingfestivalen tilbyr 15 konsertar og arrangement på fem dagar med 30 spennande internasjonale artistar som Henning Kraggerud, Goldmund Quartet, Alexey Stadler, Eivind Holtsmark Ringstad, Yulianna Avdeeva og Stephan Koncz. Det blir intime møter med stor musikk!

 

 

 

“Årets tema lokalt og universelt oppsummerer programmet og musikarane. Me jobbar mykje både nasjonalt og internasjonalt, og me synes det er spesielt flott å kunne invitere dyktige musikararar heim til oss i Aurdal. Ragnhild og eg har også lyst til at bygdefolk og tilreisande skal få oppleve dei dyktige kollegaene våre som opptrer på dei største scener rundt om i verda”, sier kunstnarleg leiar Eldbjørg Hemsing. 

 

Det blir ellers tilrettelagt for ei festival-løype kvar dag for publikum som vil ha med seg mest mogleg. Her blir det varierte opplevingar frå kveldskonsertane med kammermusikk i Aurdal kirke og i Frikar-Smia til foredrag, mat og musikk, kanefart og konsertquiz. Og me ynskjer å trekke fram Musikksporet-konsertane i fjellkyrkja på Aurdalsåsen fredag og laurdag, der ein kan kombinere skitur og konsert. Me har til og med lagt opp til ein skitur med eigen guide frå festivalhotellet vårt Nythun Høyfjellstue til disse konsertane. Elles gler me oss til å oppleva Frode Fjellheim sin konsert FUNN med sine flotte medmusikarar på konserten "I kveldsetun" i Aurdal kirke, og den fantastiske mezzosopranen Adrian Angelico som blant anna skal opptre med Valdres Kammerkor under leiing av Svein Erik Sagbråten. 

Nytt av året er tilbod om å bestille pakkereise gjennom Westerboe Travel, som blant anna inkluderer overnatting, transport mellom arrangementa og festivalpass. Les meir her: http://www.westerboe.no/uploads/Hemsingfestivalen-3-dager-r3.pdf

 

”Eldbjørg og eg ynskjer å gje noko tilbake til bygda og dalføret Valdres, og å kunne skape noko til glede for alle. I tillegg er det viktig og hyggjeleg for oss å samarbeide med nære aktørar og lokale bedrifter, og å kunne skape noko ilag,” seier festivalsjef og kunstnarleg leiar Ragnhild. Og me har med oss ein fantastisk flott frivillig-gjeng på rundt 50 personar leia av Toril Naustdal. Dei gjer ein kjempestor innsats og er med på å gjere det mogleg å gjennomføre alt som er planlagt i festivalveka.

“Me er stolte av neste års program, og me ynskjer velkomen til vinterfestival i februar!”, seier Ragnhild Hemsing.

 

Sjå programmet på festivalens nettsider: www.hemsingfestival.com/program

Billettsalet har no opna på Ticketmaster: http://www.ticketmaster.no/artist/hemsingfestivalen-billetter/952503

 

 

Vennleg helsing,

Eldbjørg og Ragnhild på vegne av Hemsingfestivalen

 

Kammermusikkfestivalen vart etablert av musikarsystrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing for fem år sidan og arrangerast i Aurdal i Valdres kvart år i veke 8.

Hemsingfestivalen er ein intim festival med klassisk musikk og innslag av folkemusikk der det nære møtet mellom publikum og artistane skapar ein heilt spesiell oppleving. 

 

Video er redigert av Kreativ Videoproduksjon ved Kjell-Einar Kana