Engasjement som administrator for Hemsingfestivalen

10.05.2017

Er du ein entusiastisk person som vil vere med å utvikle Hemsingfestivalen til nye høgder?

Du treng ikkje bu i Valdres eller Oppland fylke for å søkje.

Har du lyst til å bli ein del av leiarteamet til Hemsingfestivalen?

Me ser etter pågangsmot og ein som kan arbeide sjølvstendig med interesse for klassisk musikk. Me lyser i fyrste omgang ut eit engasjement i 25 % i 10 månadar frå 1.juni 2017 til 1.mars 2018, men me håpar å kunne utvide engasjementet etter kvart. Engasjementet inneber tett samarbeid med festivalsjef Ragnhild Hemsing og dei kunstnarlege leiarane Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.

Arbeidet vil omfatte koordinering, logistikk og andre administrative oppgåver som blir nedfelt i eigen avtale etter nærare drøfting med festivalsjefen. Hemsingfestivalen er ein fem år gamal klassisk internasjonal musikkfestival med artistar på høgt nivå. Festivalen er i Aurdal i Valdres i veke 8 i februar kvart år. Det er ikkje nødvendig at personen me søkjer i engasjementet bur i Valdres.

Søknadsfrist: 26. mai 2017 til styret ved Ragnhild Hemsing, epost: ragnhild@hemsingfestival.com

Tlf: 97 18 76 29.

For meir informasjon om festivalen og administrator-engasjementet, sjå www.hemsingfestival.com