Hemsingfestivalen har engasjert ein administrator!

29.08.2017

Hemsingfestivalen vart arrangert for femte gong i 2017. Både publikum og artistar har støtta opp om festivalen som har vokse frå år til år. Behovet for å styrke festivalen med løna administrasjon har auka i takt med veksten. Før sommarferien i år vart eit engasjement for administrator i 25 % av eit årsverk lyst ut. Me fekk heile 40 søkjarar, mange svært godt kvalifiserte. Etter at intervju var gjennomførte, vart Mia Haaland engasjert. Ho har Master i Creative and Cultural Entrepreneurship ved Goldsmiths University of London med fordjuping i musikk, og ho starta i engasjementet for Hemsingfestivalen i august. Mia har ein bachelor i Kulturprosjektledelse frå Høgskolen i Lillehammer. Ho har omfattende praktisk erfaring frå kulturfeltet mellom anna frå festivaler som prosjektleiar for Jazzincubator for DølaJazz, programkoordinator ved Amandusfestivalen (største filmfestivalen i landet for ungdom) og frivillig ved Norsk litteraturfestival.

Me ser fram til samarbeidet med Mia og me ynskjer ho velkomen i festival-leiinga!