Hemsingfestivalen 2024

Tor Espen Aspaas

Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte pianistane og musikkformidlarane i sin generasjon av norske musikarar.

I 2006 vart han professor – ein av dei yngste i landet – ved Noregs musikkhøgskole. Ved sida av undervisning og rettleiing driv han med eit forskingsprosjekt om improvisasjonens rolle i Beethovens kreative prosessar og verk.

I 1996 mottok Aspaas solistdiplomet sitt ved Noregs musikkhøgskole, og året etter debuterte han i Oslo, til strålande kritikkar. Han er tildelt ei rekke prisar og utmerkingar (blant dei nylegaste kan nemnast De Unges Lindemanpris, Levinprisen og Nils Larsens legat), og han har vore solist med fleire internasjonale symfoniorkester i tillegg til alle norske. Blant dirigentane Aspaas har samarbeidd med som solist, finst namn som Brüggen, Sinajskij, Plasson, Karpe, Eggen, Engeset, Gupta og Engegård. Med sistnemnde som dirigent for Trondheim symfoniorkester urframførte han i 2011 Olav A. Thommessens klaverkonsert nr. 3. Med same orkester, dirigert av Daniel Blendulf, urframførte han i februar 2016 Terje Bjørklunds første klaverkonsert.

Ved sida av konsertar og verdsomspennande turnear er Aspaas jamleg engasjert ved norske og internasjonale festivalar og seriar. Hausten 2010 fekk han mykje omtale for ein serie framføringar av Debussys 24 preludium komplett, m.a. i Den Norske Opera. I mars 2013 fekk han sin USA-debut med ein solokonsert i Carnegie Hall, NY.

Tor Espen Aspaas har eit titals CD-utgivingar bak seg, blant desse internasjonalt kritikarroste solo-CD-ar med verk av Beethoven, Schönberg, Berg og Webern og dessutan Paul Dukas’ samla klaververk.

Aspaas var ein av initiativtakarane til Vinterfestspill i Bergstaden på Røros og kunstnarisk leiar for kammermusikkfestivalen i åra 1999–2008 og i 2014. Aspaas (f. 1971) kjem opphavleg frå Røros.

Previous
Previous

Stephen Waarts

Next
Next

rØyst