Hemsingfestivalen 2024

Ingvild Tennfjord

I ngvild Tennfjord er ein norsk journalist, forfattar og vinmeldar, fødd i Bergen i 1977. Ho tok medievitskap ved Universitetet i Bergen før ho fullførte journalistutdanning ved Høgskulen i Volda 2000–2002.

Med arbeidserfaring frå Bergens Tidende, Dagens Næringsliv og Dagbladet gjorde ho seg for alvor bemerka med portretta sine i Dagbladet Magasinet, der ho i 2008–2012 hadde sitt eige intervju. I 2006 mottok ho Arne Hestenes-prisen for den leikne skrivestilen sin.

I ei årrekke var ho kåsør for Norgesglasset på P1. Det vekte derfor oppsikt då Tennfjord i 2012 sa opp jobben for å bli «den beste vinjournalisten i verda». På den tida kunne ho ingenting om vin. No er ho Noregs meste lesne vinjournalist med WSET Diploma. Ho har skrive åtte vinbøker. Den første boka, Skål (2013), vart nominert til Brageprisen for beste sakprosabok same år. Bøkene hennar har alle lege på «Bokhandlernes bestselgerliste».

Ingvild Tennfjord er ein ettertrakta foredragshaldar. Kvar veke held ho vinkurs over heile landet. Ho er også ein hyppig brukt konferansier og har leidd Nyttårskonsertene med Bergen Filharmoniske Orkester, Lysfesten i Bergen og Haugalandskonferansen.

Tennfjord er ein hyppig gjest i media. Vi kan blant anna nemne Nytt på Nytt (2016), Lindmo (2015) Sommer i P2 (2015) og den faste vinspalta hennar som når nær ein million lesarar gjennom Stavanger Aftenblad, Aftenposten, Bergens Tidende og Fædrelandsvennen. Ho gjestar jamleg God morgen, Norge og Nyhetskanalen på TV 2 og blir ofte brukt som ekspertkommentator i nyheitssendingar og NRKs radiokanalar.

Få veit at Ingvild også har tidlegare arbeidserfaring som budeie, teaterleiar og spelar skranten fiolin i lystig lag.

Previous
Previous

Maxwell Quartet

Next
Next

Valdresstrykerne