Hemsingfestivalen 2024

Hallgrim Hansegård

Kunstnarleg leiar Hallgrim Hansegård stifta FRIKAR i 2006 for å gje folkedans og andre subkulturar større kunstnarlege moglegheiter.

Hallgrim Hansegård (f. 1980) er ein norsk koreograf, dansar og gründer som er kjent for modige og leikne prosjekt på tvers av fysiske, mentale og kulturelle grenser. Han har gjort den relativt ukjente lokale dansetradisjonen halling dagsaktuell gjennom verdsomspennande dataspel og tv-program. Verka hans er framførte i meir enn 30 land, sensurerte av den katolske kyrkja i Italia og sett av meir enn 100 millionar på YouTube.

I 2006 etablerte han FRIKAR, eit dansekompani som skapte nye moglegheiter og arbeid for dansarar innanfor halling, break dance, capoeira og nysirkus. I 2012 etablerte han Frikar-Akademiet AS som organiserer den pedagogiske verksemda til FRIKAR. Hansegård grunnla i 1999 Fjelleik-prosjektet ved Valdres vidaregåande skule, som framleis er eit viktig spenningsalternativ til det høge forbruket av narkotika i regionen. I 2016 starta han opp Toppidrett FRIKAR ved same skule. I 2017 starta han talentutviklingsprogrammet FRIKAR X i samarbeid med Talent Norge. Programmet følgjer ti profesjonelle og semi-profesjonelle sjangeruavhengige dansekunstnarar i tre år.

Hansegård har også engasjert seg for flyktningar og mot rasisme gjennom kunstprosjekt og kronikkar i Aftenposten.

Kjelde: http://www.frikar.com/no/kompani/om-frikar/hallgrim/

Previous
Previous

Jo Asgeir Lie

Next
Next

Maxwell Quartet