Hemsingfestivalen 2024

Eldbjørg Hemsing

Eldbjørg Hemsing er ein av dei fremste utøvarane av den rike norske musikktradisjonen og har skapt seg eit namn i heimlandet etter at ho debuterte som solist med Bergen Filharmoniske Orkester då ho var 11. I dag er ho ein av dei leiande fiolinistane i den yngre generasjonen. 

Denne sesongen skal ho spele med orkester som Royal Philharmonic Orchestra, Hallé Orchestra og Islands symfoniorkester. Høgdepunkt frå førre sesong var konsertar med Bergen Filharmoniske Orkester ved opninga av Festspillene i Bergen 2020 og med Vancouver Symphony Orchestra, Zürcher Kammerorchester, MDR Sinfonieorchester Leipzig, NDR Radiophilharmonie Hannover, Shanghai Philharmonic Orchestra, Hong Kong Philharmonic Orchestra og RTÉ National Symphony Orchestra. Ho var solist på dei kinesiske, sveitsiske, kanadiske og tyske premierane av Borgstrøms fiolinkonsert, som lenge har vore gløymd, og som Hemsing gjenoppdaga. Det har derfor blitt ei viktig oppgåve for henne å få konserten fram att på scener over heile verda.

I mars 2018 sleppte Eldbjørg Hemsing debut-cd-en sin på det svenske plateselskapet BIS, med fiolinkonsertar av Hjalmar Borgstrøm and Dmitrij Sjostakovitsj, spelt inn saman med Wiener Symphoniker og Olari Elis. Den så langt siste innspelinga hennar – Griegs sonatar på BIS – har hausta svært gode kritikkar.

Eldbjørg Hemsing meistrar eit vidt repertoar frå Bach, Beethoven og Bartók til Tan Dun. Samarbeidet med Tan Dun har ført til mange konsertar i Europa og Asia. Hemsing urframførte og spela inn Tan Duns nye fiolinkonsert «Fire Ritual – A Musical Ritual for Victims of Wars» med Oslo Filharmoniske Orkester.

Eldbjørg Hemsing

Hemsing er ein ivrig kammermusikar og har vore med på framføringar på Mozartwoche Salzburg, Dialoge Festival Salzburg, Musikwoche Bad Berleburg og på sin eigen festival, Hemsingfestivalen. Høgdepunkt dei siste sesongane var mellom anna konsertar på National Center for Performing Arts i Beijing, Dresdner Musikfestspiele og Verbier Festival.

I tillegg til eit travelt program som utøvar er Eldbjørg Hemsing involvert i fleire samfunnsprosjekt. Ho er ambassadør for det musikalske utdanningsprosjektet CJD Panorama i Tyskland og samarbeider fast med W20 Network og dessutan med fleire internasjonale kunstrelaterte konferansar som Abu Dhabi Culture Summit og Nordic Arts & Audience conference. Som kunstnarleg leiar og mentor for SPIRE-programmet får ho oppfylt ønsket om å støtte unge talent i kunstnarleg og personleg sjølvutvikling i den klassiske musikkverda.

Eldbjørg Hemsing er fødd i Valdres og begynte å spele fiolin då ho var fem. Ho studerte ved det kjende Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og med den kjende professor Boris Kuschnir i Wien.

Eldbjørg Hemsing spelar på ein fiolin av Antonio Stradivari, «Rivaz, Baron Gutmann» frå 1707, som er utlånt frå Dextra Musica.

Next
Next

Jo Asgeir Lie