Artistar 2018

Artistlista for 2018 blir offentleggjort etter kvart.

Stephan Koncz, cello

Stephan Koncz er rekna for å vere ein av dei mest allsidige musikarane i sin generasjon og har ein svært variert karriere som solist, kammermusikar, komponist/arrangør, dirigent og medlem av Berliner Philharmoniker

Koncz er ein ivrig kammermusikar og har samarbeidd med mellom andre Leonidas Kavakos, Lisa Batiashvili, Janine Jansen, Antoine Tamestit, Nils Mönkemeyer, Gautier Capuçon, Gerald Finley, Thomas Hampson, Anna Prohaska, Rudolf Buchbinder, Emmanuel Pahud og Andreas Ottensamer. Han er medlem i «The 12 Cellists of the Berlin Philharmonic» og i «Philharmonix», eit unikt ensemble som er starta av medlemmer av Wiener og Berliner Philharmoniker, og som er på utkikk etter alle typar musikalske eventyr, som tradisjonell ungarsk/rumensk sigøynarmusikk, wiensk musikk, klezmer og latinsk jazz. Saman med Ray Chen, Noah Bendix-Balgley og Amihai Grosz er han òg med i eit spennande nytt prosjekt for strengekvartett: «Made in Berlin».

I 2015 debuterte Koncz som dirigent på påskefestivalen til Berliner Philharmoniker i Baden-Baden, der han dirigerte ein kammeroperaversjon av «Der Rosenkavalier» med medlemmer av Berliner Philharmoniker.

Konczs interesse for arrangering og komponering har ført til at mange av arrangementa hans er blitt innspela av plateselskap som Deutsche Grammophon og Sony Classical Music og er framførte av Berliner Philharmoniker, Mariss Jansons, Andreas Ottensamer, Yannick Nézet-Séguin, Leonidas Kavakos, Janine Jansen, Renaud Capuçon, Thomas Hampson, Rotterdam Philharmonic Orchestra, Nils Mönkemeyer og Emmanuel Pahud.

Stephan Koncz vart fødd i Wien i 1984 i ein austerriksk-ungarsk musikarfamilie og begynte å ta cellotimar med Valentin Erben (Alban Berg Quartett) ved musikkhøgskulen i Wien då han var åtte. I 2000 heldt han fram med studia hos den fremste cellisten ved Wiener Philharmoniker, Róbert Nagy, og han tok dessutan eit dobbelt hovudfag i dirigering og komposisjon. Vidare har han hatt masterklassar med Steven Isserlis, Daniel Barenboim og Heinrich Schiff. Frå 2006 til 2008 fekk Stephan Koncz stipend frå Orchestra Academy of the Berlin Philharmonic, der han studerte med den fremste cellisten, Ludwig Quandt.

Etter å ha vore medlem av Wiener Staatsopernorchester / Wiener Philharmoniker frå 2008 fekk Koncz ei stilling i Berliner Philharmoniker, der han har vore medlem sidan 2010.

Stephan Koncz spelar på ein cello laga av Jean-Baptiste Vuillaume (Paris) i 1840.

Svein Erik Sagbråten, tenor

Svein Erik Sagbråten er fødd og oppvaksen i Aurdal og utdanna songar frå Østlandets musikk-konservatorium og Statens Operahøgskole. Han har arbeidd som profesjonell songar i 30 år, m. a. som fast tenorsolist ved Den Norske Opera 1994-2015. Han har sunge meir enn 80 ulike rollerinnan opera, operette og musikal, m. a. Laca i Jenufa, David i Meistersongarane i Nürnberg, Mime i Siegfried og Rhingullet, Prinsen i Smilets Land og Narraboth i Salome. Han har også gjennom mange år vore aktiv innan kyrkjemusikk, og har sunge ei lang rekke ulike oratorier og messer.

Allereie som 17-åring vart han fast dirigent for Aurdal Sanglag, og dirigerte ulike kor i Oslo-området fram til 1993, då han valde å satse for fullt på ei songarkarriere. I dei siste åra har han teke oppatt si verksemd som kordirigent og kombinerer dette med si verksemd som aktiv songar. Sidan 2013 er han dirigent for Øystre Slidre Sanglag, og i 2017 starta han opp Valdres Kammerkor.

Dana Zemtsov, fiolin

Dana Zemtsov bur i Nederland og er ein av dei mest lovande internasjonale fiolinsolistane i sin generasjon. Ho har vunne ei rekke konkurransar og er i ferd med å gjere ein framifrå karriere. Blant høgdepunkt dei siste sesongane var Zemtsovs framføring av Bartoks fiolinkonsert i Concertgebouw Amsterdam, kammermusikk-konsertar med Janine Jansen og Martin Frost under Utrecht Chamber Music Festival og ein solokonsert i Carnegie Hall, New York.

I 2012 signerte ho ein eksklusiv platekontrakt med Channel Classics Records om tre innspelingar. To av dei, «Enigma»  og «Romantic Metamorphoses», har fått svært god omtale.

Zemtsov har vunne førstepremie i fleire konkurransar i Luxembourg, Italia, Austerrike, Tyskland, Portugal og Nederland. I 2010 vann ho den nederlandske konkurransen «Evening of the Young Musician», blei «Young Musician of the Year» og representerte Nederland i «Eurovision Young Musicians Competition» i Wien.

Zemtsov opptrer jamleg på dei viktigaste internasjonale scenene, mellom andre Royal Concertgebouw (Amsterdam), De Doelen (Rotterdam), St. Petersburg Philharmonic Hall, The Opera Hall i Tel Aviv og Carnegie Hall (New York). Ho har spela kammermusikk med Janine Jansen, Giovanni Sollima, Martin Frost, Ilya Gringolts og pianisten Boris Berezovsky. Som solist har Dana spela med Ukrainian National Philharmonic Orchestra (Ukraina), Holland Symfonia, Sweelink Symphony Orchestra, Sinfonia Rotterdam (Nederland) og F. Busoni Chamber Orchestra (Italia).

Internasjonale oppdrag har ført henne til Danmark, Peru og USA. Ho deltok i turneen «Stars of Tomorrow» i Tyskland saman med dei mest lovande unge talenta i Europa. Vidare har ho deltatt i dei største festivalane i Nederland, som Delft Chamber Music Festival, Storioni Festival, Grachten Festival, International Chamber Music Festival Utrecht og Three Day Music Festival The Hague. Ho har òg spela på festivalar i Tyskland, Italia og Storbritannia.

Dana Zemtsov blei fødd i Mexico City i 1992. Då ho var fem år, fekk ho den første musikkundervisninga av bestemora og foreldra, som begge er fiolinistar (Mikhail Zemtsov og Julia Dinerstein). Ho har følgt masterklassar hos kjende lærarar som Bruno Giuranna, Atar Arad og Sven Arne Tepl, og for tida er ho elev hos den kjende fiolinvirtuosen Michael Kugel.

Zemtsov spelar med ein vakker Sartory-boge som ho har fått av det nederlandske musikkinstrumentfondet.