Artistar 2017

Tor Espen Aspaas, klaver

Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte pianistane og musikkformidlarane i sin generasjon av norske musikarar. I 2006 vart han professor – ein av dei yngste i landet – ved Noregs musikkhøgskole, der han ved sida av undervisning og rettleiiing arbeider med eit forskingsprosjekt på improvisasjonens rolle i Beethovens kreative prosessar og verk (www.nmh.no). I 1996 mottok Aspaas solistdiplomet sitt ved Noregs musikkhøgskole, og han debuterte i Oslo året etter, med strålande kritikkar. Han er tildelt ei rekke prisar og utmerkingar; blant dei nylegaste kan nemnast De Unges Lindemanpris, Levinprisen og Nils Larsens legat. Aspaas har vore solist med fleire internasjonale symfoniorkester i tillegg til alle dei norske. Blant dirigentane han har samarbeidd med som solist, finst namn som Brüggen, Sinajskij, Plasson, Karpe, Eggen, Engeset, Gupta og Engegård. Med sistnemnde som dirigent for Trondheim symfoniorkester urframførte han i 2011 Olav A. Thommessens klaverkonsert nr. 3. Med same orkester, dirigert av Daniel Blendulf, urframførte han i februar 2016 Terje Bjørklunds første klaverkonsert. Ved sida av konsertar og verdsomspennande turnear er Aspaas jamleg engasjert ved norske og internasjonale festivalar og seriar. Hausten 2010 gjorde han seg gjeldande med ein serie framføringar av Debussys 24 preludium komplett, m.a. i Den Norske Opera. I mars 2013 fekk han USA-debuten sin med ein solokonsert i Carnegie Hall, NY. Aspaas har eit titals plateutgivingar bak seg, blant desse internasjonalt kritikarroste solo-CD-ar med verk av Beethoven, Schönberg, Berg og Webern og dessutan Paul Dukas’ samla klaververk. Han var ein av initiativtakarane til Vinterfestspill i Bergstaden på Røros og kunstnarisk leiar for festspela i åra 1999–2008 og i 2014 (www.vinterfestpill.no).

Ingrid Bjørnov, humorist og pianist

Ingrid Bjørnov er den leiande humorpianisten i Noreg. Ho har underhalde det norske folket i 35 år, først som popartist i duoen Dollie saman med Benedicte Adrian, seinare som musikkarrangør og kapellmeister, dei siste 15 åra som soloartist, forfattar og programleiar. I 2015 komponerte ho musikken til musikalen Halve Kongeriket, som hadde premiere i september 2015 og spela for fulle hus på Det Norske Teatret godt inn i 2016. Dessutan stakk ho av med Komiprisen for Årets sceneframsyning. I tillegg har ho reist land og strand rundt i sprudlande samarbeid med  Øystein Sunde, og dei har lagt bak seg nesten 100 utselde konsertar på vegen. Ingrid Bjørnov spelar klassisk musikk baklengs, ho gurglar «O mio babbino caro» i originaltoneart, og ho påstår at Benny Andersson og Edvard Grieg er éin og same person. Bjørnov står bak fire prisvinnande og svært suksessfulle soloshow, tre bøker og to soloalbum, og ho er fast innslag i Herreavdelingen på NRK P1. Men aller mest viser ho ein enorm musikalitet som tek publikum med storm.

Victor Julien-Laferrière, cello

Vinnaren av fyrstepremien (og to spesialprisar) ved Prague Spring International Music Competition i 2012, Victor Julien-Laferrière, er fødd i Paris i 1990 og spelar cello. Han studerte ved Paris Conservatory (CNSM) frå 2004 til 2008. Frå 2009 studerte han ved universitetet i Wien med Heinrich Schiff. Frå 2005 til 2011 deltok han ved Seiji Ozawa International Music Academy Switzerland. Julien-Laferrière har spela med Orchestre Philharmonique de Radio France under Peter Oudjian som del av Prague Spring Festival, og også med Hermitage State Orchestra ved St. Petersburg Olympus Festival og likeins med Pilsen Radio Philharmonic, South Bohemian Philharmonic, Czech Chamber Philharmonic Pardubice, Academy of St. Martin in the Fields, ofl. Innanfor kammermusikk har han vore gjest hos KKL Luzern, Théâtre des Champs Elysées, Auditorium du Louvre i Paris, Mecklenburg-Vorpommern Festival, Festival de Pâques d’Aix en Provence, Tonhalle Zürich, Gstaad Sommets Musicaux, Al Bustan Festival, Lugano Ticino Musica og Prague EuroArt Festival. Vidare har han vore invitert til å spela ved Kuhmo Festival (Finland), Berne, Autunno Musicale Caserta (Italy), Besançon, Deauville festivals, Nantes Folle Journée, i Cité de la Musique og Salle Gaveau i Paris, og i Auditorium i Dijon. I 2016 gav plateselskapet Mirare ut ein cd der Julien-Laferrière spelar sonatar av Debussy, Franck og Brahms saman med pianisten Adam Laloum. Han har òg delteke i mange radio- and TV-show, for France Musique, BBC in London og MezzoTV. Mellom andre har han spela saman med musikarar som Augustin Dumay, Renaud Capuçon, Christian Ivaldi, Alain Planès og Vladimir Mendelssohn. I 2009 starta Julien-Laferrière trioen les Esprits saman med pianisten Adam Laloum og fiolinisten Mi-Sa Yang. Dei spela inn ein cd med arbeid av Beethoven og Schumann, og nyleg spela dei Beethoven Triple Concerto i Salle Gaveau og ein triokonsert i Théâtre des Champs-Elysées.

Anna Fedorova, klaver

Anna Fedorova er ein av dei fremste unge pianistane i verda. Frå ho var ganske ung, viste ho ei medfødd musikalsk modenheit og framståande tekniske ferdigheiter. I september 2013 framførte Fedorova Rakhmaninovs 2. klaverkonsert i store sal i The Royal Concertgebouw i Amsterdam. På eitt og eit halvt år er opptak av denne konserten sett over 3 000 000 gonger på YouTube. Fedorova har opptredd i nokre av dei mest prestisjetunge konsertsalane i Europa, Nord- og Sør-Amerika og Asia, mellom andre The Royal Concertgebouw, Carnegie Hall og Tonhalle Zürich. Ho har òg delteke på mange musikkfestivalar, mellom anna på The Verbier Festival (Sveits), Menuhin Festival Gstaad (Sveits) og Ravinia Festival (USA). Med det formidable konsertrepertoaret ho meistrar, spelar Fedorova med orkester over heile verda. Høgdepunkt i engasjementa hennar framover er framføringar med The Hong Kong Philharmonic Orchestra, Die Nordwestdeutsche Philharmonie og Krakow Philharmonic Orchestra. Ho skal spele i prestisjefylte konsertsalar som Concertgebouw i Amsterdam, Sala Verdi di Milano, Operahuset i Oslo og Victoria Symphony Society i Canada. Fedorova vart utpeika til å vere artist in residence i Edeshe Concert hall i Ede, Nederland, for sesongen 2015–2016. Hausten 2014 kjem for Anna til å vere hausten då ho gav ut dei to første albuma sine: ein solo-cd med arbeid av Brahms, Liszt og Chopin på plateselskapet DiscAnnecY, og ein Rakhmaninov-cd med pianoklassikarar.

Dionysis Grammenos, klarinett

Dionysis Grammenos er klarinettist og dirigent, og er vidgjeten som ein av dei mest karismatiske artistane i den unge generasjonen. Internasjonalt slo han gjennom i 2008, då han vann Eurovisions konkurranse for unge musikarar og tittelen «European Young Musician of the Year» – den fyrste blåsaren som har fått tittelen. Grammenos vart utvald av ECHO til å vera «Rising Star» (‘stigande stjerne’) 2013–2014, og skreiv då ein eksklusiv avtale med plateselskapet naïve classique. Han viser virtuositeten og den musikalske intelligensen sin på nokre av dei mest prestisjefylte stadene i verda, som Carnegie Hall i New York, Concertgebouw Amsterdam, Wiener Konzerthaus, Londons Barbican, Paris’ Auditorium Musée du Louvre & Cité de la Musique, Kölner Philharmonie, Madrids Auditorio Nacional, BOZAR i Brussel og St. Petersburgs Philharmonic Hall. Den 24 år gamle solisten spelar jamleg med orkester som Wiener Symphoniker, det norske Kringkastingsorkesteret, Radio-Symphonieorchester Wien, Festival Strings Lucerne, Qatar Philharmonic, Wiener KammerOrchester, Sofia Philharmonic, Maggio Musicale Fiorentino Camerata, Polish Chamber og Royal Northern Sinfonia. Grammenos er ein entusiastisk kammermusikar og samarbeider med Philharmonia Quartett Berlin. Alt då han var 21 år, debuterte Grammenos som dirigent for Wiener KammerOrchester. Etter det har han arbeidd med orkester som Deutsche Staatsphilharmonie Rheinland-Pflaz, Sinfonia Finlandia Jyvaskyla og St. Michael Strings. Sommaren 2015 leidde han ein gallakonsert på Mozart-festen i Würzburg. Grammenos mottok den internasjonale Leonardo da Vinci-prisen for framifrå kunstnarlege evner, og han har fått gullmedalje frå Athen by for det han har gjort innanfor musikk. I 2010 vart han utnemnd til kunstnarleg leiar for Corfu-festivalen for kunst. Grammenos studerte klarinett på Hochskule für Musik Franz Liszt i Weimar under professor Martin Spangenberg med eit stipend frå Onassis-fondet. No arbeider han med ein mastergrad i dirigering ved musikkhøgskulen i Würzburg. Den fyrste plata hans med Radio-Symphonieorchester Wien og Ari Rasilainen (Spohr, Nielsens konsertar og Debussys rapsodi) kom på naïve i oktober 2013.

Eivind Holtsmark Ringstad, bratjist

 

Eivind Holtsmark Ringstad er fødd i 1994 og bur i Oslo. I femårsalderen begynte han å spela fiolin, men gjekk over til bratsj i ein alder av 14 år. For tida er han student ved Barratt Due musikkinstitutt, der han studerer med Soon-Mi Chung og Henning Kraggerud.

I mars 2012 gjekk Ringstad til topps i den prestisjetunge musikkonkurransen «Eurovision Young Musician», og etterpå har han etablert seg som eit av dei mest spennande unge musikktalenta i Noreg. Dei siste åra har han fått Arve Tellefsens Musikerpris, Øivind Berghs minnepris, Karolineprisen og Statoil-prisen. Nyleg vart det kjent at Ringstad var ein av dei som i år får Borletti-Buitoni-stipend. Dette året har han òg vore deltakar i mentorprogrammet Crescendo, eit program for framståande musikarar som er i ferd med å slå gjennom internasjonalt. Programmet er eit samarbeid mellom Festspillene i Bergen, Oslo-Filharmonien og Barratt Due musikkinstitutt, og formålet er å la unge musikarar med eit spesielt solistpotensial møte internasjonale utøvarar på toppnivå, gjennom rettleiing, framføring og personleg kontakt. Våren 2016 vart Crescendo-artistane rettleidde av Leif Ove Andsnes og Janine Jansen.

Som solist har Ringstad opptredd med orkester som Oslo-Filharmonien og Kringkastingsorkestret.

Ringstad er ein produktiv kammermusikar og har alt vore etterspurd i Noreg i fleire år. I seinare tid har han mellom anna vore invitert til kammermusikkfestivalane i Elverum, Oslo, Stavanger og Risør, og han har vore jamleg gjest ved Festspillene i Bergen. Der har han spela saman med namn som Akiko Suwanai, Henning Kraggerud, Lars Anders Tomter, Tanja Tetzlaff, Itamar Golan, Håvard Gimse, Christian Ihle Hadland og Leif Ove Andsnes.

Høgdepunkt i sesongen 2015–2016 var debuten med Copenhagen Phil og med Bergen Filharmoniske Orkester saman med fiolinist Guro Kleven Hagen, der dei framførte Mozart’s Sinfonia Concertante. Våren 2016 hadde han engasjement ved Trondheim Symfoniorkester og Festspillene i Bergen. Han skal òg tilbake til Oslo-Filharmonien for å spela Waltons fiolinkonsert.

Eivind Holtsmark Ringstad spelar på ein Guadagnini-bratsj frå 1768, utlånt av Dextra Musica.

 

 

Ole Aastad Bråten, langeleik

Ole Aastad Bråten kjem frå Valdres og har spelt langeleik sidan han var 16 år gamal. Aastad Bråten er som spelemann knytt til ei rekkje tradisjonsliner, frå det arkaiske og alderdommelege spelet i tradisjon etter Ola Brenno (1865–1957) til det virtuose og forførande i form etter Olav Snortheim (1911–1988). Dei viktigaste læremeistrane har vore Oddrun og Gunvor Hegge. Saman med broren Knut har han bidrege til eit løft for langeleikmusikken i Noreg dei siste ti åra. Seks gonger har han vunne Landskappleiken, seinast i 2014, då han også tok med seg det gjævaste trofeet, Kongepokalen. Aastad Bråten har deltatt på kappleikar og konsertar i 20 år og han har medverka på ei rekke plateinnspelingar. I år er han aktuell med den kritikarroste plata «Til Ragna», saman med broren Knut, som vann kongepokalen i 2006. Ole Aastad Bråten er direktør ved Valdresmusea. Han har hovudfag i etnolog frå Universitetet i Oslo, og med historie og kunsthistorie i fagkretsen. I studietida arbeidde han ved Det kongelege slottet. Ole Aastad Bråten er leiar av Rådet for folkemusikk og folkedans. Han bidreg jamt i det offentlege ordskiftet om tema som kulturminnevern, kulturarv og museum. Aastad Bråten leia i 2013 utstillingsprosjektet «Folkemusikk og nasjonalisme» – nominert til prisen Årets museum same året. Dei siste åra har han arbeidd med utstillinga «Langeleiken – heile Noregs instrument» som handlar om dei eldste strengeinstrumenttradisjonane i Noreg.

Knut Aastad Bråten, langeleik

Knut Aastad Bråten er redaktør, forfattar og folkemusikar, og han skriv jamt i dei meiningsberande avisene i landet. Bråten var tidlegare redaktør i bladet Folkemusikk, i dag i allmennkulturtidsskriftet Syn og Segn. Bråten spelar langeleik, og har seks individuelle sigrar frå Landskappleiken. I 2015 gav han ut si fyrste soloplate «Til Ragna». Han er medforfattar på bøkene, New York – 100 unike opplevelser (2013) og Wien – 100 unike opplevelser (2016), båe på Kagge Forlag. Bråten er 1. vara i Nord-Aurdal kommunestyre for Venstre, og medlem i den norske fagkomiteen for UNESCOs internasjonale lister for immateriell kulturarv. Han har saman med broren Ole produsert vandreutstillingane om skihopparen Johanne Kolstad (2013) og Margit Sandemo (2015).

Eldbjørg Hemsing, fiolin

Eldbjørg Hemsing har etablert seg som ein av dei mest spennande fiolinistane i sin generasjon. Frå ho debuterte som solist med Bergen Filharmoniske Orkester som 11-åring, har ho alt opptredd med orkester som Oslo-Filharmonien, Wiener Symphoniker, Zürcher Kammerorchester, MDR Sinfonieorchester Leipzig, NDR Sinfonieorchester Hannover, Shanghai Philharmonic Orchestra, Hong Kong Philharmonic Orchestra, RTÉ National Symphony Orchestra Ireland, Netherlands Symphony Orchestra, Poznan Philharmonic Orchestra, Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester, Kringkastingsorkestret, Czech National Symphony Orchestra, Ukrainian National Philharmonic Orchestra og mange fleire. Hemsing har etablert eit nært samarbeid med den kjende komponisten og dirigenten Tan Dun. Han inviterte henne til å spela hans «Hero Concerto» med Netherlands Symphony Orchestra og med MDR Sinfonieorchester Leipzig, der ho òg urframførte den nye komposisjonen hans «Triple Resurrection». Det same spela ho i Shanghai med Shanghai Philharmonic Orchestra. I 2010 urframførte ho Tan Duns fiolinkonsert «The Love» med Trondheim Symfoniorkester på World Expo 2010 i Shanghai. Høgdepunkt blant komande engasjement i sesongen 2015–2016 blir Eldbjørg Hemsings platedebut med Wiener Symphoniker og dirigent Olari Elts, der ho framfører Sjostakovitsj’ fiolinkonsert no. 1 og Borgströms fiolinkonsert. Ho er invitert til å spela fire konsertar med The Hong Kong Philharmonic og Tan Dun, og likeins konsertar med Shanghai Philharmonic Orchestra. Ho skal framføre Mendelssohns fiolinkonsert i Noreg og Sverige og ha ei rekkje solistframføringar i Tyskland, Nederland, Spania og Noreg, mellom anna ein konsert i Operahuset i Oslo. For tredje gong er ho invitert til å spela med MDR Sinfonieorchester Leipzig. Vidare skal ho spela på Lech International Music Festival i Austerrike, Koblenz International Festival i Tyskland og likeins på Nordlysfestivalen i Tromsø og på Rørosfestivalen. Ho skal òg spela inn eit reint tsjekkisk album for BIS Records med Royal Flemish Philharmonic Orchestra og Alan Buribayev. Blant høgdepunkta Eldbjørg Hemsing har opplevd dei siste sesongane, var det å opptre ved overrekkinga av Nobels fredspris, som vart kringkasta til alle europeiske land. Vidare spela ho med RTÉ National Symphony Orchestra Ireland og Kringkastingsorkesteret og likeins med Trondheimssolistene i Mariinsky Hall i Russland, på Brno International Chamber Music festival i Tsjekkia og i Noreg. Ho opptredde også med Staatstheater Orchestra Kassel og med NDR Radio Orchestra i Hannover. På ny vart ho invitert til MDR Radio Orchester Leipzig av Kristjan Järvi, vidare vart ho invitert til Norrköping Symphony Orchestra for tredje gong, til RTE Concert Orchestra Dublin og til Czech National Symphony Orchestra, der ho framførte Dvoraks fiolinkonsert med Libor Pešek på Prague Proms. Ho vart òg invitert til å framføre ei rekkje konsertar i Kina med Shenzhen Symphony Orchestra og Tan Dun, og til solokonsertar i Skandinavia and Ukraina. Dessutan har ho spela i Kennedy Center i Washington D.C. Eldbjørg Hemsing er etterspurd på internasjonale festivalar, og dei siste åra har ho vore på Verbier Festival, AlpenKlassik i Tyskland, internasjonale kammermusikkfestivalar i Oslo, Stavanger and Bergen, Bellerive Festival, Bad Kissingen Festival og på Nordic Cool Festival i Washington D.C. Hemsing blir stadig rost for evna til å få kontakt med publikum. Ho har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom dei lyttarprisen på Verbier Festival i 2006, førsteprisen og lyttarprisen på Virtuos-konkurransen i Noreg og lyttarprisen i finalen på «Young Musicians 2008» i Wien, med stemmer frå Tyskland, Austerrike og Sveits. Vidare har ho fått Kringkastingsorkesteret sin pris til lovande unge artistar, Den norske solistprisen og Statoil-prisen «Heroes of tomorrow». Eldbjørg Hemsing er ein velkjend artist på norsk radio og tv. Saman med systera Ragnhild Hemsing spela ho inn ein timelang dokumentar om livet til Ole Bull – eit program som vart sendt på NRK. Dokumentaren vann sølvprisen på Circom Festival, European Championship for tv-program og Gullrosa på Rose d'Or Festival i Luzern. Eldbjørg Hemsing begynte å spela fiolin då ho var fem, og har studert ved det prestisjetunge Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og likeins med den kjende professoren Boris Kuschnir i Wien. Ho spelar på ein GB Guadagnini-fiolin frå 1754 som er utlånt frå Dextra Musica.

Ragnhild Hemsing, fiolin

Ragnhild Hemsing skil seg ut blant dei nye talenta i Noreg som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen i Noreg, og det gjer henne til ein av dei første artistane som på ein vellykka måte smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og fullt ut moderne måte. Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir uvanlege og kompliserte arbeid skrivne for hardingfele. Innanfor samtidsmusikk er samarbeidet med den unge norske koreografen Hallgrim Hansegård det mest interessante ho har gjort. Saman har dei framført «Yr» av den norske komponisten Lasse Thoresen, over heile Noreg. I etterkant har Hemsing spela inn dette verket på plate – den første soloplata hennar – på plateselskapet Simax. Denne cd-en og innspelinga hennar av Halvorsens «Fossegrimen» op. 21 for Chandos med Bergen Filharmoniske Orkester og Neeme Järvi fekk framifrå omtale frå kritikarane. Etterpå inviterte Järvi Ragnhild Hemsing til å spela med Estonian National Symphony Orchestra i februar 2012. I 2013 spela Hemsing for første gong mellom anna i Kennedy Center i Washington D.C., i Mariinsky Concert Hall, Beethovenfest Bonn, Moravian Autumn i Brno, med Göteborgs Symfoniker og med NDR Radiophilharmonie i Hannover. I 2014 spela ho med Tampere Philharmonic, MDR Sinfonieorchester Leipzig og med Tonhalle-Orchester Zürich, og ho spela igjen med Oslo-Filharmonien og på Festspillene i Bergen. I 2015 opptredde ho for første gong med mellom andre Philharmoniches Orchester Freiburg (Fabrice Bollon), National Orchestra of Belgium (Ion Marin) og Düsseldorfer Symphoniker med eit «carte blanche»-program. I 2016 debuterte ho med WDR Köln og ved Schwetzinger SWR Festspiele. Ragnhild Hemsings nye plateinnspeling med pianisten Tor Espen Aspaas kjem ut tidleg neste år på plateselskapet 2L, og har eit tvers gjennom nordisk repertoar. Då ho var berre 14, debuterte Hemsing med Bergen Filharmoniske Orkester, der ho framførte Mendelssohns fiolinkonsert. Same år spela ho med Trondheim Symfoniorkester. Året etter vart ho invitert til å spela med Oslo-Filharmonien. Etter det har ho spela med alle dei større norske orkestera, og med blant andre Minnesota Orchestra (Andrew Litton), DR SymfoniOrkestret, Residentie Orkest The Hague (Santtu-Matias Rouvali), Nordic Symphony Orchestra (Anu Tali) og Ukrainian National Philharmonic Orchestra. Ragnhild Hemsing har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Noreg, mellom andre Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, kammermusikkfestivalane i Oslo, Stavanger og Trondheim, Nordlysfestivalen i Tromsø, Hardingtonar og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, der ho har kombinert folkemusikk med eit klassisk repertoar. Ho har òg opptredd i Wigmore Hall og på festivalane Cheltenham, Verbier, Bellerive og AlpenKlassik. Hemsing har motteke mange prisar, mellom anna First Prize og European Union Prize under Kocian International Violin Competition. I 2012 fekk ho den prestisjetunge Arve Tellefsens Musikerpris. Etter debuten ved Beethovenfest Bonn 2013 fekk ho Beethoven-ring av foreininga «Borgarar for Beethoven». Ragnhild Hemsing er ein velkjend artist på norsk radio og tv. Saman med systera Eldbjørg Hemsing spela ho inn ein timelang dokumentar om livet til Ole Bull – eit program som fekk ein EBU-pris. Ragnhild Hemsing vart fødd i Valdres i 1988, i hjartet av Folkemusikk-Noreg. Ho begynte å spela fiolin då ho var fem, og studerte ved det prestisjetunge Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og deretter med professor Boris Kuschnir i Wien. Ho spelar på ein fiolin bygd av Francesco Ruggeri (Cremona, 1694) som er utlånt frå Dextra Musica.

Lèa Hennino, bratsj

Léa Hennino er rekna som ein av dei mest lovande bratsjistene i sin generasjon. Ho er lagd merke til på prestisjefylte internasjonale arenaer og festivalar i heile verda, der ho har delt scena med kjende musikarar som Gauthier Capucon, Modigliani quartet, Adam Laloum, Thorleif Tedeen, Anton Sorokow, Anna Fedorova, David Kadoush, Alexandra Soumm, Edgar Moreau, Alina Pogotskina, Alena Baeva, Nicholas Angelich, Jérôme Pernoo, Lars Anders Tomter, Nelson Goerner, Kirill Troussov, Valery Sokolov, Guy Braunstein, Christian Poltera, Marc Coppey, Anne Queffelec og Martin Beaver. I 2014 var ho med på ein turné i Europa saman med Renaud Capucon, Clemens Hagen, Alina Ibragimova og Gérard Caussé, der dei framførte Mozarts samla verk for strykekvintettar. Hennino er ein lidenskapleg kammermusikar og er jamleg invitert til å spele med ulike ensemble, som Igiardini, Les Dissonnances, Variances, Le Balcon, og ho danna nyleg Ulysse Quartet med Amaury Coeteaux, Gilles Perceval og Victor Julien-Laferrière. Ho var òg med på Paris kammermusikksenter, som cellisten Jérôme Pernoo leidde to år på rad. I 2016 spela Hennino Rapsodi-konserten av Martinü med Philharmonic Orchestra of Hradec Králové i Tsjekkia, og neste sesong er ho invitert til Armenian Philharmonic Orchestra. Ho har vore utvald til å delta i prestisjetunge hendingar som Krzyzowa Music for Europe, Kronberg «Cello Plus», Ravinia's Steans Music Institute, Verbier Festival Academy, IMS og Open Chamber Music of Prussia Cove, Aurora Chamber Music, Encuentro de Santander, og har spelt både solo- og kammermusikk i konsertar og masterclass med kjende artistar som Tabea Zimmermann, Kim Kashkashian, Antoine Tamestit, Lars Anders Tomter, Thomas Rieble, Veronika Hagen, Pamela Frank, Miriam Fried, Ferenc Rados, Gabor Takacs-Nagy og Hatto Beyerle. Desse erfaringane har vore viktige for henne som artist, og Hennino har fått prisar i fleire konkurransar i Frankrike, Luxembourg, Tyskland. I tillegg er ho prisvinnar i Yamaha Music Foundation of Europe, French Meyer Foundation og Adami. Ho var òg semifinalist i Tokyo international competition i 2015. Hennino er fødd i 1991, og studerte ved Paris Conservatory med Sabine Toutain, og seinare med den japanske bratsjisten Nobuko Imai i Genève. Ho har òg arbeidd med den engelske bratsjisten Lawrence Power i Zürich i to år. Léa Hennino spelar på ein fiolin laga til henne av Charles Coquet i Paris i mai 2014.

Andris Hemsing, hardingfele

Andris Hemsing har gått i lære på hardingfele heime i Valdres. Han har også vore elev ved Talentskolen ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og vore med i eit talentprogram for jazz og improvisasjon ved Norges Musikkhøgskole. Andris har flere topplasseringar som hardingfelespelar på Landskappleiken og andre kappleikar, og han har vore invitert til Festspillene i Bergen, Fjelljazzen på Beitostølen og Dølajazz på Lillehammer. Han har også vore gjest i NRK Folkemusikktimen, og han fekk tildelt Eckboes stipend for unge folkemusikkutøvarar på Telemarkfestivalen 2011. Andris var invitert til Førde International Festival i prosjektet «Talent 2014», og han var musikar for FRIKAR på deira kritikarroste oppsetjing, Gotoguta, i 2015. Det er musikalsk allsidigheit som kjenneteiknar Andris.

Juniorensemblet Barratt Due, strykeorkester

Juniorensemblet Barratt Due er etablert som orkesteret på «Unge Talenter» før Juniororkesteret, og rettar seg mot aldersgruppa mellom 12 og 16 år. Dyktige yngre strykarar kan takast opp tidlegare. Dirigentar har vore Bård Monsen og Ole Eirik Ree (2007–2011) og Sigyn Fossnes (2006–2007 og frå 2011). Det er likevel verdt å nemne at orkestertilbodet for denne aldersgruppa går tilbake til 1985, då Soon-Mi starta Juniororkesteret. Men då 2006-generasjonen i Juniororkesteret tok dette namnet med seg vidare, vart det nye Juniorensemblet etablert. Juniorensemblet har ei lang merittliste frå dei siste åra: I 2012 spela dei med Oslo-Filharmonien, og dei har hatt fleire produksjonar saman med Den norske opera: Brundibar (2005 og 2006), Cinderella (2010, 2011 og 2014) og ei Astrid Lindgren-framsyning (2016). Juniorensemblet har spela ved ei rekkje større arrangement: Berlin-turné i 2014, Festspillene i Bergen i 2011, Mozart-jubileet i Aulaen i 2006, London-turné i 2006, konsertar med barokkspesialistane Susie Carpenter-Jacobs (2007) og Walter Reiter (2011–2015). Orkesteret har òg spela med celebre solistar, ikkje minst frå eigne rekkjer: Guro Kleven Hagen, Sandra Lied Haga, Birgitta Oftestad ofl. Orkesteret øver tre timar kvar laurdag. Juniorensemblet er òg ein del av Barratt Dues unge symfoniorkester, BARDUS, som utgjer ein del av semesterplanen. I tillegg til øvingane er det mykje konsertverksemd, turnear og også huskonsertar der medlemmene får spela solostykke. Styret i Juniorensemblet består av dirigent, foreldre i orkesteret og ein kontaktperson frå Barratt Due musikkinstitutt.

Nicholas Schwartz, kontrabass

Nicholas Santangelo Schwartz spelar kontrabass og har alt skilt seg ut som ein av dei beste bassistane i sin generasjon. Han har vunne mange internasjonale konkurransar, mellom anna er han den yngste som nokon gong har vunne konkurransen til International Society of Bassists (då han var 19). Han er òg den einaste bassisten på 40 år som har vunne Stulberg International String Competition og Bach-prisen. I etterkant har han vunne International Music Competition i USA og vore opningsartist på International Society of Bassists Convention i San Francisco, og likeins på Texas Double Bass symposium, der han stilte for Joel Quarrington på kort varsel. Schwartz har eit engasjement ved Royal Concertgebouw Orchestra i Amsterdam, kjent som eit av dei beste orkestera i verda, og tidlegare var han medlem av Karajan Akademie ved Berliner Philharmoniker. Han spelar ofte med Camerata RCO, eit lite ensemble som består av medlemmer av Concertgebouw Orchestra. Han er òg gjesteartist på ei rekkje internasjonale kammermusikkfestivalar rundt omkring i verda med utøvarar som Anna Fedorova, Alexei Ogrintchouk, Eldbjørg Hemsing, Olivier Patey, Benedict Kloekner og Maximilian Hornung i Nederland, Noreg, Tyskland, Russland, Brasil, Italia, Frankrike og USA. Saman med pianisten Anna Fedorova har han danna Oyster Duo for å fremje kontrabassen som soloinstrument. Schwartz har røter i andre sjangrar, som jazz og folkemusikk. Som 15-årig jazzbassist vann han den fyrste store konkurransen då han fekk hovudprisen i den internasjonale kammermusikktevlinga til Chamber Music Foundation of New England i Carnegie Hall med Midday Jazz Quartet. Samtidig var han ein engasjert skateboarder som konkurrerte og to gonger vann klassa for 15 år og under i Boston. Opphavleg er Schwartz frå Brookline, Massachusetts (USA), men no bur han i Amsterdam. I tillegg til at han har halde ei mengd konsertar, likar han å undervise privat og gi masterclass-leksjonar. Lærarane hans har vore Matthew McDonald frå Berliner Philharmoniker og Edwin Barker frå Boston Symphony. Schwartz er sponsa av Pirastro strings og spelar på instrument av Gaetano Antoniazzi (1872, Milano) og James Cole, som er utlånte frå Stichting Donateurs Koninklijk Concertgebouworkest.

Janusz Wawrowski, fiolin

Janusz Wawrowski er ein polsk fiolinvirtuos som gir ut platene sine på Warner Classics. Han tok eksamen ved Chopin University of Music i Warszawa, der han studerte under professor Mirosław Ławrynowicz. Seinare tok han timar hos Yair Kless og Salvatore Accardo. Wawrowski har spela i Berliner Philharmoniker, Piotr Tchaikovsky’s Conservatory i Moskva, Victoria and Albert Museum i London, De Doelen Concertgebouw i Rotterdam, Tel Aviv Music Center, Teatro Teresa Carreño i Caracas og andre. Han har òg delteke i mange anerkjende festivalar, som Salzburger Festspiele, Festspiele Mecklenburg-Vorpommern, festivalen Chopin and his Europe, Festival Premiers, Transatlantyk Festival og Bebersee Festival. Janusz Wawrowski har vore solist med Warsaw Philharmonic Orchestra, Sinfonia Varsovia, Polish National Radio Symphony Orchestra Katowice (NOSPR), Polish Radio Symphony Orchestra (POR), Amadeus Chamber Orchestra of Polish Radio, Südwestdeutsche Philharmonie, Simon Bolivar Symphony Orchestra i Venezuela og mange andre orkester i Polen, Tsjekkia og Ukraina. Han har arbeidd med Conrad van Alphen, Łukasz Borowicz, Gabriel Chmura, Mykola Diadiura, Agnieszka Duczmal, Michał Dworzyński, Arthur Fagen, Jacek Kaspszyk, Jerzy Maksymiuk, Tomáš Netopil, Vladimir Ponkin og Antoni Wit. Janusz Wawrowski har urframført fleire samtidige fiolinkonsertar: Vivaldi Recomposed av Max Richter (polsk premiere), The Four Seasons av Sukhi Kang (polsk premiere), L.A. Concerto av Tomasz Jakub Opałka (verdspremiereframsyning) og Óneiros concerto av Dariusz Przybylski (plateinnspeling av verdspremiere). I samarbeid med Jan A. P. Kaczmarek urframførte Wawrowski og spela inn musikk til Hollywood-filmane Evening (regissert av Lajos Koltai) og Get Low (regissert av Aaron Schneider). Som student oppnådde Janusz Wawrowski framståande ferdigheiter gjennom å framføre alle dei kjende 24 Caprices av Paganini på éin konsert. I 2007 spela han inn den fyrste cd-en sin, Niccolò Paganini 24 Caprices Op. 1. Syklusen kom nyleg ut på nytt (Warner Classic 2016). I 2014 skreiv Janusz Wawrowski under på ein kontrakt med Warner Classic om å gi ut multi-album. Det fyrste resultatet av samarbeidet er albumet Aurora med musikk av Szymanowski, Lutoslawski, Ravel og Ysaÿe, og det var nominert til Fryderyk 2014. Janusz Wawrowskis innspelingsplanar for dei neste sesongane omfattar BBC Symphony Orchestra og Stuttgarter Philharmoniker med musikk av blant andre Mieczysław Karłowicz og Henryk Wieniawski. Det sist utgitte albumet med Janusz Wawrowski – Sequenza – kom hausten 2016 og tek for seg solorepertoar for fiolin frå det tjuande og det tjuefyrste hundreåret. Utanfor konsertscena er Wawrowski fiolinlærar ved Fryderyk Chopin University of Music i Warsawa og kunstnarleg leiar for kammermusikkfestivalen Spaces of Music. Janusz Wawrowski er ein ivrig utforskar, utøvar og utgivar av manglande eller gløymde arbeid av polske komponistar, som Mieczysław Karłowicz, Karol Lipiński og Zygmunt Noskowski. Det gir glede og tilfredsstilling ikkje berre til kunstnaren, men òg til lyttarane hans. Som ei anerkjenning av det han har oppnådd som kunstnar, fekk Janusz Wawrowski æresmedaljen for arbeidet med polsk kultur av det polske kulturdepartementet.

Anastasia Kobekina, cello

Anastasia Kobekina er fødd inn i ein musikarfamilie og fekk dei første cellotimane då ho var fire år gammal. Ho begynte å studere i heimbyen, Ekaterinburg i Russland, og heldt fram med studia ved Central Music School i Moskva. Frå 2012 til 2016 var Anastasia Kobekina ei av «Young Soloists» ved Kronberg Academy Master i Tyskland, der ho tok timar med professor Frans Helmerson. Frå oktober 2016 har Kobekina vore student hos Jens Peter Maintz ved Universität der Künste i Berlin. Etter orkesterdebuten då ho var seks år gammal, har Kobekina spela med mange orkester, som Moscow Virtuosi, Kremerata Baltica, Wiener Symphoniker, Sinfonia Varsovia, Toulouse Symphony Orchestra og Mariinsky Theater Orchestra – under leiing av Krzysztov Penderecki, Heinrich Schiff, Vladimir Spivakov og Valerij Gergiev. I 2015 vann Anastasia Kobekina førstepremien ved TONALi-konkurransen i Hamburg, og ho kom til semifinalen i Tsjajkovskij-konkurransen i Moskva. I september 2016 fekk ho andrepremien ved George Enescu-konkurransen i Bucureşti. Ein av dei viktigaste aktivitetane og lidenskapane til den unge cellisten er kammermusikk. Ho har delteke i mange festivalar der ho har spela med artistar som Gidon Kremer, Jurij Bashmet, Giovanni Sollima, Denis Matsuev, Fazil Say, Vladimir Spivakov og András Schiff. I 2012 fekk Anastasia Kobekina ein pris oppkalla etter den kjende cellisten Boris Pergamentsjikov. Kobekina spelar på ein cello av Giovanni Baptista Guadagnini, 1743.

Olav Anton Thommessen, komponist

Olav Anton Thommessen er ein profilert komponist og kulturpersonlegdom. Han står i fremste rekkje blant norske komponistar og har motteke bestillingar frå alle dei store norske orkestera og festivalane og frå institusjonar i utlandet. Dei omfattande kunnskapane han har om mellom anna musikkhistorie og filmmusikk, har gjort han ettertrakta som lærar, foredragshaldar og intervjuobjekt. Frå 1987 til 2014 var han professor i komposisjon ved Noregs musikkhøgskole, der han vart tilsett i 1972, og han var lenge forelesar i operahistorie på Statens operahøgskole. I 1980 starta han, saman med Lasse Thoresen, kursa i sonologi ved Noregs musikkhøgskole. Thommessen vart fødd i Oslo i 1946. Som barn av ein diplomat i utanrikstenesta vaks han opp i utlandet, noko som i stor grad har påverka livet og virket hans. Skulegang fekk han ved skular i Tyskland, England og USA. Han begynte musikkstudia sine i 1964 ved The Westminster Choir College i Princeton, New Jersey. Året etter begynte han å studere komposisjon ved Indiana University School of Music, med mellom andre Bernhard Heiden og Iannis Xenakis som lærarar. I 1969 tok Thommessen bachelorgrad i komposisjon. Han heldt fram med å studere med Piotr Perkowski ved musikkhøgskulen i Warszawa i 1970. I 1971–1972 følgde studium med Werner Kaegi og Otto Laske ved Instituut voor Sonologie i Utrecht, Holland. Frå 1972 gjorde han seg meir og meir gjeldande som komponist med framføringar ved festivalar og kjende orkester: Litt lyd vart utteken til ISCM World Music Days i London i 1972, Opp-Ned vart urframført av Oslo Filharmoniske Orkester i 1973, og Gjensidig fekk Samtida Musiks Kvalitetspris og vart framført ved Festspillene i Bergen i 1973. Etter dette gjennombrotet fekk han ei rekkje bestillingar. Stabsarabesk, En Plakatopera, Maldoror, Det Hemmelige Evangeliet, Overtonen og Et Konsertkammer er viktige verk frå denne perioden, og ei tidleg utgåve av Hermafroditen, framført ved VadstenaAkademin i 1976. På 1980-talet begynte Thommessen å bruke kjent stoff og vidgjetne sitat som utgangspunkt for nokre av verka sine. Dei første verka som tilhøyrde konsertoperaen Et Glassperlespill, vart til: Fra et Glassperlespill, med tema frå Beethoven og Verdi, vart urframført av Oslo Filharmoniske Orkester i 1980, Makrofantasi over Griegs a-moll av Bergen Filharmoniske Orkester i 1981 og Beyond Neon av The Minnesota Symphony Orchestra i 1982. Som festspelkomponist i Bergen i 1985 fekk han framført klaververket EingeBACHt og den endelege versjonen av operaen Hermafroditen, som Kungliga Svenska Operan hadde urframført med stor suksess i Stockholm tidlegare på året. Same år skreiv han scenemusikken til Romeo og Julie til opningsframsyninga for nybygget til Det Norske Teatret. The Emerald Tablet vart urframført på Høvikodden, og Gnostic Fragments og The Phantom of Light vart bestilte av Svenska Rikskonserter. I løpet av siste halvdel av 1980-talet vart det stadig større interesse for Thommessens arbeid. Han hadde ei rekkje store bestillingar: Trompetkonserten The Second Creation, operaen Hertuginnen dør, bratsjkonserten Ved Komethodet, synthesizerkonserten Fra Oven og orgel- og cellokonserten Gjennom Prisme. Dette førte til fleire prisar: Kritikerprisen for 1987, Familien Wilhelm Hansens Legat (1987) og Lindemanprisen for 1989. For Gjennom Prisme mottok han Årets Verk 1989 i Norsk Komponistforening, ein andrepris ved Rostrum i Paris og Nordisk råds musikkpris i 1990. Han mottok familien Fegersted pris i 2012. I 2001 vart monodramaet hans Cassandra framført ved Den norske opera med skodespelaren Juni Dahr som resitatør. Fiolinkonserten BULLseye vart framført i Bergen av Peter Herresthal, saksofonkvartettkonserten Tuba Mirum av Oslo-Filharmonien i 2011 og pianokonserten Smykke eller saga i Trondheim. Thommessen var blant initiativtakarane til Norsk Musikkinformasjon, der han var styreformann for senteret i dei viktige etableringsåra 1979–1985.

Valdresstrykerne

Valdresstrykerne er eit barne- og ungdomsorkester som vart stifta i 2002. Leiarane av orkesteret er Eivind Dølerud og Susanne Engelmann. Elevane kjem hovudsakleg frå Nord-Aurdal, Vestre og Øystre Slidre, og orkesteret øver ukentleg på Fagernes. I profilen til orkesteret blir det lagt vekt på å fremje samarbeid mellom folkemusikk og klassisk musikk, og dei har også samarbeidd med lokale kor. Valdresstrykerne har elles i ei årrekkje hatt samarbeid med det spanske orkesteret Cemb som held til i Barcelona.