Artistar 2016

Anna Fedorova, piano

Anna Fedorova er ein av dei fremste unge pianistane i verda. Frå ho var ganske ung, viste ho ei medfødd musikalsk modenheit og framståande tekniske ferdigheiter. I september 2013 framførte Fedorova Rakhmaninovs 2. klaverkonsert i store sal i The Royal Concertgebouw i Amsterdam. På eitt og eit halvt år er opptak av denne konserten sett over 3 000 000 gonger på YouTube. Fedorova har opptredd i nokre av dei mest prestisjetunge konsertsalane i Europa, Nord- og Sør-Amerika og Asia, mellom andre The Royal Concertgebouw, Carnegie Hall og Tonhalle Zürich. Ho har òg delteke på mange musikkfestivalar, mellom anna på The Verbier Festival (Sveits), Menuhin Festival Gstaad (Sveits) og Ravinia Festival (USA).

Med det formidable konsertrepertoaret ho meistrar, spelar Fedorova med orkester over heile verda. Høgdepunkt i engasjementa hennar framover er framføringar med The Hong Kong Philharmonic Orchestra, Die Nordwestdeutsche Philharmonie og Krakow Philharmonic Orchestra. Ho skal spele i prestisjefylte konsertsalar som Concertgebouw i Amsterdam, Sala Verdi di Milano, Operahuset i Oslo og Victoria Symphony Society i Canada. Fedorova vart utpeika til å vere artist in residence i Edeshe Concert hall i Ede, Nederland, for sesongen 2015–2016. Hausten 2014 kjem for Anna til å vere hausten då ho gav ut dei to første albuma sine: ein solo-cd med arbeid av Brahms, Liszt og Chopin på plateselskapet DiscAnnecY, og ein Rakhmaninov-cd med pianoklassikarar.

Benedict Klöckner, cello

Benedict Klöckner, fødd i 1989, har vunne prisar i internasjonale konkurransar som Den europeiske kringkastingsunionens (EBUs) pris i Bratislava, Grand Prix Emanuel Feuermann cellokonkurranse i Berlin, Animato International Soloist Competition i Zürich og «Nicolas Firmenich Prize» på The Verbier Festival (Sveits). Vidare fekk han «Den europeiske kulturprisen» gjeven av Det europeiske kulturfondet. Klöckner har vore solist med orkester over heile verda, som Deutsche Radio Philharmonie, Die NDR Radiophilharmonie, Deutsche Staatsphilharmonie og Das MDR Sinfonieorchester, Kremerata Baltica Slovakian Radio Orchestra og kammerorkestera i Amsterdam, Berlin og Praha. Han har opptredd på stader som Berliner Philharmoniker, Konzerthaus Berlin, Festspielhaus Baden-Baden, Tonhalle Zurich, Laeizhalle Hamburg, «Mozarteum» Salzburg, Gewandhaus Leipzig, Concertgebouw Amsterdam, Rudolfinum Prag og Seoul Arts Center. Han har spela kammermusikk med Anne-Sophie Mutter, Gidon Kremer og András Schiff, og blir ofte invitert til kjende musikkfestivalar som The Verbier Festival, Schleswig-Holstein Musik Festival, Ludwigsburger Schlossfestspiele og Schwetzinger SWR Festspiele.

Benedict Klöckner samarbeider jamleg med samtidskomponistar som Wolfgang Rihm – han framførte Rihms cellokonsert «Temptation» i München – og Howard Blake, som har komponert ein cellosonate for Klöckner. Då Howard Blake feira 75-årsdagen, inviterte han Klöckner til å spele inn heile repertoaret hans for cello og piano, saman med han sjølv, for Genuin i samarbeid med SWR (Südwestrundfunk). Dette skjedde etter at Klöckner hadde fått mykje lovord for ei innspeling for same plateselskap av Schumanns konsert med Deutsche Streicherphilharmonie dirigert av Michael Sanderling. På invitasjon frå Gidon Kremer spela Benedict Klöckner inn ein cd med italienske konsertar av Roberto Molinelli og Gian Carlos Menotti med Kremerata Baltica, dirigert av Heinrich Schiff. Saman med den faste kammermusikkpartnaren Anna Fedorova har han gitt ut ei innspeling av Poulenc og Franck hausten 2015 for Piano Classics. Klöckners innspeling av arbeid av Rihm, Strauss og Poulenc for Movimentos Edition vart nominert til «topplista» i den prestisjefylte evalueringa «Deutsche Schallplattenkritik».Han har òg gjort innspelingar for Hänssler Classic; sjeldne arbeid av spanske komponistar med José Gallardo.
 Benedict Klöckner spelar på ein italiensk cello av Francesco Rugeri (Cremona 1680) som han har fått låne frå Deutsche Stiftung Musikleben.

Josef Spacek, fiolin

Den unge tsjekkiske fiolinisten Josef Špaček, som er i ferd med å stå fram som ein av dei fremste fiolinistane av sin generasjon, har fått undervisning hos høgt verdsette pedagogar som Ida Kavafian ved The Curtis Institute of Music og Itzhak Perlman ved The Juilliard School. For tida kombinerer han ein blømande solokarriere med stillinga som konsertmeister for The Czech Philharmonic Orchestra. I 2012 var han finalist i The International Queen Elisabeth Competition i Brussel, og i 2009 vann Špaček The Michael Hill International Violin Competition (New Zealand). Høgdepunkt den siste tida omfattar soloframføringar med The Czech Philharmonic Orchestra, The Rotterdam Philharmonic Orchestra og The Netherlands Philharmonic Orchestra, debuten hans i Der Musikverein i Wien, ein fem dagars konsertturné i Storbritannia og konsertar i USA og Australia. Framtidige engasjement omfattar mellom andre framføringar med The Shanghai Symphony Orchestra og The Tokyo Metropolitan Symphony Orchestra, og likeins framføringar rundt omkring i Europa ved Rudolfinum i Praha, Das Konzerthaus i Wien og i Schloß Elmau, i Asia og i USA (mellom anna i Kennedy Center, Washington).

Špaček er jamleg invitert til musikkfestivalar, og har opptredd ved The Dvorák Prague Festival, Ravinia Festival, Bohuslav Martinu Festival og The Moravian Autumn Music Festival. I 2013 gav plateselskapet Supraphon ut Špačeks første soloinnspeling, som har hausta strålande kritikkar. Saman med pianisten Miroslav Sekera framfører han arbeid av Janáček, Smetana og Prokofjev. I 2014 spela han inn den andre cd-en for dette plateselskapet, fiolinkonsertane til Dvořák og Janáček, og likeins Suks Fantasi for fiolin og orkester i g-moll, med The Czech Philharmonic Orchestra og Jiří Bělohlávek. The Forbes Magazine i Tsjekkia hadde med Josef Špaček på 2014-lista over dei viktigaste «30 under 30». Josef Špaček spelar på ein fiolin som er bygd i 1855 i verkstaden til Jean-Baptiste Vuillaume.

Frida Fredrikke Waaler Wærvågen, cello

Frida Fredrikke Waaler Wærvågen er ein norsk cellist med ei lang og imponerande liste over prestasjonar. Ho har studert med professor Aage Kvalbein ved Barratt Due musikkinstitutt, professor Truls Mørk ved Noregs musikkhøgskole, professor Frans Helmerson i fleire år, og professor Torleif Thedéen ved Edsberg Slott, Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Sidan ho var 11 år, har Frida Fredrikke vunne ulike internasjonale og nasjonale prisar og stipend: «Young Musician» i Tallin, Antonia Janigro International Cello Competition i Porec, Arve Tellefsens Musikerpris, RWE Dea Music Scholarship, fått stipend frå Järnåkerfonden og mange fleire. Ho har markert seg som solist med fleire orkester heime og i utlandet, til dømes Oslo-Filharmonien, det norske Kringkastingsorkestret, Münchner Rundfunkorkester, Das Zürcher Kammerorchester, Kaunas Philharmonic og Göteborgs Symfoniker. Frida Fredrikke har arbeidd som solocellist i Kungliga Hovkapellet i Stockholm og er no frilans cellist busett i Oslo, med mange engasjement både som solocellist med orkester og som kammermusikar. Ho er òg gruppeleiar i strykeorkesteret Ensemble Allegria.

Frida Fredrikke spelar på ein Nicolas Lupot-cello frå 1823. Celloen låner ho frå Dextra Musica, Noreg. 


Ole & Knut Aastad Bråten, langeleik

Ole Aastad Bråten kjem frå Valdres og har spelt langeleik sidan han var 16 år gamal. Aastad Bråten er som spelemann knytt til ei rekkje tradisjonsliner, frå det arkaiske og alderdommelege spelet i tradisjon etter Ola Brenno (1865–1957) til det virtuose og forførande i form etter Olav Snortheim (1911–1988). Dei viktigaste læremeistrane har vore Oddrun og Gunvor Hegge. Saman med broren Knut har han bidrege til eit løft for langeleikmusikken i Noreg dei siste ti åra. Seks gonger har han vunne Landskappleiken, seinast i 2014, då han også tok med seg det gjævaste trofeet, Kongepokalen. Aastad Bråten har deltatt på kappleikar og konsertar i 20 år og han har medverka på ei rekke plateinnspelingar. I år er han aktuell med den kritikarroste plata «Til Ragna», saman med broren Knut, som vann kongepokalen i 2006. Ole Aastad Bråten er direktør ved Valdresmusea. Han har hovudfag i etnolog frå Universitetet i Oslo, og med historie og kunsthistorie i fagkretsen. I studietida arbeidde han ved Det kongelege slottet. Ole Aastad Bråten er leiar av Rådet for folkemusikk og folkedans. Han bidreg jamt i det offentlege ordskiftet om tema som kulturminnevern, kulturarv og museum. Aastad Bråten leia i 2013 utstillingsprosjektet «Folkemusikk og nasjonalisme» – nominert til prisen Årets museum same året. Dei siste åra har han arbeidd med utstillinga «Langeleiken – heile Noregs instrument» som handlar om dei eldste strengeinstrumenttradisjonane i Noreg.

Knut Aastad Bråten er redaktør, forfattar og folkemusikar, og han skriv jamt i dei meiningsberande avisene i landet. Bråten var tidlegare redaktør i bladet Folkemusikk, i dag i allmennkulturtidsskriftet Syn og Segn. Bråten spelar langeleik, og har seks individuelle sigrar frå Landskappleiken. I 2015 gav han ut si fyrste soloplate «Til Ragna». Han er medforfattar på bøkene, New York – 100 unike opplevelser (2013) og Wien – 100 unike opplevelser (2016), båe på Kagge Forlag. Bråten er 1. vara i Nord-Aurdal kommunestyre for Venstre, og medlem i den norske fagkomiteen for UNESCOs internasjonale lister for immateriell kulturarv. Han har saman med broren Ole produsert vandreutstillingane om skihopparen Johanne Kolstad (2013) og Margit Sandemo (2015).

 

Lech Antonio Uszynski, bratsj

Lech Antonio Uszynski, fødd i 1986, stod tidleg fram som eit av dei lovande talenta i sin generasjon. Han har vore solist på stader som Konzerthaus Berlin, Liederhalle Stuttgart, Laieszhalle Hamburg, Herkulessaal München, Szczecin Philharmony, Tonhalle Zürich, Wiener Konzerthaus, Théâtre des Champs-Élysées og mange fleire. Som kammermusikkpartnar har han arbeidd med utøvarar som Vilde Frang, Thomas Demenga, Julian Rachlin, Dmitri Sitkovetsky, Antoine Tamestit, Ingolf Turban, Zakhar Bron, Mayuko Kamio, Avi Avital, Maximilian Hornung, Danjulo Ishizaka, José Gallardo og Yulianna Avdeeva. Frå 2010 har Lech Antonio Uszynski vore bratsjisten i Stradivari Quartett. Han har vore invitert til internasjonale festivalar som Schleswig-Holstein Musik Festival, Rheingau Musik Festival, Kissinger Sommer, Stradivari festival Cremona, Interlaken Classics og NCPA May festival.

I 2015 spela Uszynski inn solo-cd-en Progetto Gibson, saman med The Warsaw Philharmonic. I oktober same år kom den nye innspelinga hans saman med Stradivari Quartett, med Mozarts prøyssiske strykekvartettar. Dei siste åra har han jamleg vore invitert som gjestelærar til festivalar og konservatorium der han kan få undervise, noko han likar svært godt. Mens han studerte med professor Ana Chumachenco og professor Zakhar Bron, oppdaga Lech Antonio Uszynski i ein alder av 13 at bratsjen var hans instrument. Maestro Rudolf Barshai og professor Michel Rouilly underviste han. Lech Antonio Uszynski spelar på ein av dei ni Stradivari-bratsjane, "Gibson" frå 1734, som han får låne frå Habisreutinger-Stradivari Foundation.

Eldbjørg Hemsing, fiolin

Eldbjørg Hemsing har etablert seg som ein av dei mest spennande fiolinistane i sin generasjon. Frå ho debuterte som solist med Bergen Filharmoniske Orkester i ein alder av 11 år, har ho alt opptredd med over førti orkester over heile verda, mellom andre Oslo-Filharmonien, Wiener Symphoniker, Shanghai Philharmonic Orchestra, Zürich Chamber Orchestra, Netherlands Symphony Orchestra, Das MDR Sinfonieorchester Leipzig, RTÉ National Symphony Orchestra Ireland, Shenzhen Symphony Orchestra og mange fleire. Høgdepunkt blant komande engasjement i sesongen 2015–2016 blir Eldbjørgs Hemsings platedebut med Wiener Symphoniker og dirigent Olari Elts, der ho framfører Sjostakovitsj’ fiolinkonsert no. 1 og Borgstrøms fiolinkonsert. Ho er invitert til å spele fleire konsertar med The Hong Kong Philharmonic og Tan Dun, og til å framføre Mendelssohns fiolinkonsert i Noreg og Sverige. Ho skal ha ei rekkje solistframføringar i Tyskland, Spania og Noreg, mellom anna ein konsert i Operahuset i Oslo. Vidare skal ho spele på Lech International Music Festival i Austerrike og likeins på Nordlysfestivalen i Tromsø og på Rørosfestivalen. Ho skal òg spele inn eit reint tsjekkisk album for BIS Records med The Royal Flemish Philharmonic Orchestra og Alan Buribayev. Eldbjørg Hemsing blir stadig rost for evna til å få kontakt med publikum. Ho har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom dei Statoil-prisen og Den norske solistprisen. Eldbjørg Hemsing spelar på ein GB Guadagnini-fiolin frå 1754 som er utlånt frå Dextra Musica.

Per Arne Glorvigen, bandoneon

Per Arne Glorvigen kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneon-spelarane i sin generasjon. Han gjekk ut frå Noregs Musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og reiste deretter til Paris der han framleis er busett. Det var også her han møtte den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini som vart Glorvigen sin læremeister på det nye instrumentet. Etter tre år med omskolering/studiar hjå Mosalini og etter fleire opphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist. Møter med Tango-legender som Astor Piazzolla, Horacio Salgán, Osvaldo Pugliese og Horacio Ferrer vart avgjerande. I tillegg til å spela tango har Glorvigen freista å utvide bandoneon-repertoiret med barokk, kletzmer, pop og ikkje minst samtidsmusikk. Komponistane Willem Jeths (Nederland), Bernd Franke (Tyskland), Luis Naon (Frankrike/Argentina) og Henrik Hellstenius har alle komponert konsertar for bandoneon og orkester tinga av Glorvigen (Urframføringar i Concertgebouw 2001, Gewandhaus 2003, Radio France 2005 og Ultimafestivalen 2008). I mai 2003 urframførte den legendariske Alban Berg-kvartetten og Glorvigen eit verk av Austerrikaren Kurt Schwertsik for strykekvartett og bandoneon.

Glorvigen har spelt med mellom anna Giora Feidman (klarinett), Gøran Søllscher (klassisk gitar), Nicolas Altstaedt (cello), Apollon Musagète Quartet, Leipziger Streichquartett, Staatskapelle Dresden, BBC Symphony Orchestra, Orchestra Guiseppe Verdi Milano, Det Russiske Nasjonalorkester, Les Solistes de l’Orchestre de Paris og dei viktigaste symfoni og kammerorkestra i Skandinavia. Den viktigaste samarbeidspartnaren hans har likevel vore fiolinisten Gidon Kremer. Dei har spelt inn 4 CDar ilag (mest med musikk av Astor Piazzolla) og har gjeve eit hundretals konsertar verda rundt. I Noreg har Glorvigen vore jamnleg gjest ved dei viktigaste festivalane, og han var Festspelmusikar ved Festspela i Bergen i 2006. Han har hatt stor suksess med framsyningane Tangotanko, Tungetango og Diktango der hans eigne humoristiske tekstar gjerne dreier seg om kulturskilnader mellom Dovre og Buenos Aires og spesialiteten er språksketsjar. Komposisjonsstudiar med Eric Tanguy og Guillaume Connesson I Paris har ført til at Glorvigen no meir og meir spelar eigenkomponert musikk. Innspelingar mellom anna for Emi Classics, Sony Classical, Deutsche Grammophon, Nonesuch, Simax og Teldec. I August 2015 skreiv Klassekampen etter ein konsert ved Oslo Kammermusikkfestival: “Slik Glorvigen spillte mandag er han Norges beste musiker uansett kategori”.

Berit Cardas, fiolin & bratsj

Berit Cardas, som vart fødd i Noreg i 1969, begynte å spele fiolin då ho var åtte. Ho studerte ved Noregs musikkhøgskole i Oslo, ved Die Hochschule für Musik und Theater i Hannover, Tyskland, og ved The University of Minnesota, USA. Berit Cardas spelar både fiolin og bratsj, og er ofte brukt som solist på begge instrument. I kvartetten sin har ho veksla mellom å spele førstefiolin, andrefiolin og bratsj. Cardas grunnla Vertavokvartetten (Vertavo String Quartet) i 1984, og gruppa gjer det framleis svært bra, med ein interessant og stabil karriere. Mellom anna besøker kvartetten jamleg spennande festivalar og store arrangement som The Wigmore Hall og The Amsterdam Concertgebouw. Som medlem av kvartetten har Berit Cardas vunne Griegprisen, Den Nordiske Kammermusikk-konkurransen og aller viktigast: førsteprisen, lyttarprisen og radiolyttarprisen ved 2nd Melbourne International Chamber Music Competition i 1995. Cardas er ein aktiv kammermusikklærar, og kursa ho held, der ho kombinerer bakgrunnen sin frå teaterimprovisasjon og kammermusikk, har blitt svært populære. Ho er også ein ettertrakta leiar for kammerorkester med det originale og kompromisslause synet ho har på musikkskaping.

"Vesleblakken", Peder Opstad & Markus Tønseth

Vesleblakken er ein co-produksjon mellom Teater Grimsborken og Teater Innlandet.

Peder Opstad / skodespelar Dagleg- og kunstnarleg leiar i Teater Grimsborken. Utdanna ved The Arts Educational London Schools (1993–96). Aktuell i: SITT STILLE!!!, Steinene, Bjørnson unplugged, Geitekillingen som kunne telje til ti og Vesleblakken. Han har tidlegare medverka i: Kainos sang, Den Kjempestore Krokodillen, Terje Vigen, Balladen om den gamle sjømannen, Helt på tuppa!, Burobengens Orkester og Tabu.

Markus Tønseth / skodespelar. Utdanna ved Guildford School of Acting (1992–95) Aktuell i: SITT STILLE!!!, Bjørnson unplugged og Vesleblakken. Han har tidlegare medverka i: Kainos sang, Terje Vigen, Balladen om den gamle sjømannen og Burobengens Orkester.

Om hesten Vesleblakken som reddar livet til sin aller beste ven: Vesleblakken er ei dramatisering av ei novelle med same namn av Rendalsforfattaren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeve ut i samlinga Prestegårdshistorier (1914) og er på sett og vis gjort udødeleg då Nordahl Rolfsen tok ho med i Lesebok for folkeskulen. Mange vil også hugse historien om Vesleblakken gjennom melodien til Erling Stordahl som vart ei landeplage i 1955. Historien framstillast som eit autentisk barndomsminne frå forfattarens oppvekst: ein bror er dødssjuk, og dei må hente legehjelp frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både gardens raskaste hest og barnas kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok. 

Medverkande:

Skodespelarar: Markus Tønseth og Peder Opstad. Regi: Atle Knudsen. Manus: Atle Knudsen i samarbeid med Peder Opstad og Markus Tønseth, etter ei novelle av Jacob Breda Bull. Musikk: Erling Stordahl, omarrangert av Iver Bjurgren. Scenografi: Britt Elin Østby. Kostyme: Cathrine Gåre Opstad

Harald Herresthal, organist & foredragshaldar

Harald Herresthal er organist, musikkforskar, og professor emeritus ved Noregs musikkhøgskole. Herresthal har frå 1970-åra vore ein av dei viktigaste initiativtakarane innanfor kyrkjemusikalsk verksemd. Han er ein sentral aktør i utviklinga og fornyinga av norsk kyrkjemusikk. Som konsertorganist er han ein viktig formidlar av nyare norsk musikk både på konsertar og gjennom ei rekkje plateinnspelingar, og han kombinerer ofte konsertar med foredrag. Samtidig har han vore aktiv i arbeidet for fornying av salmesong og liturgi. Han var med i siste fase av redaksjonsarbeidet for Norsk salmebok (1985) og har komponert barnesalmar, mellom anna i samlingane Brenn, hjerte, brenn (1979) og Alle store har vært små (1986). Åtte av melodiane hans er med i Norsk salmebok, og fleire er tekne inn i salmebøker i andre land.

Herresthals bøker og artiklar om norsk musikk er utgitt på skandinaviske, tyske og franske forlag. Herresthal fekk i 2001 Lindemanprisen for arbeidet sitt med å formidle kunnskap om og interesse for norsk musikk. I 2003 vart han utnemnd til æresdoktor ved Universität der Kunste i Berlin.

Valdresstrykerne

Valdresstrykerne er eit barne- og ungdomsorkester som vart stifta i 2002. Leiarane av orkesteret er Eivind Dølerud og Susanne Engelmann. Elevane kjem hovudsakleg frå Nord-Aurdal, Vestre og Øystre Slidre, og orkesteret øver ukentleg på Fagernes. I profilen til orkesteret blir det lagt vekt på å fremje samarbeid mellom folkemusikk og klassisk musikk, og dei har også samarbeidd med lokale kor. Valdresstrykerne har elles i ei årrekkje hatt samarbeid med det spanske orkesteret Cemb som held til i Barcelona.