Artistar 2015

Zemlinsky Quartet

Zemlinsky Quartet har spelt i lag sidan 1994, og dei er i dag blant dei leiande strykekvartettane i Europa og eit framifrå eksempel på den høgt prisa tsjekkiske kvartettradisjonen. Gjennom åra har kvartetten motteke mange høgthengjande europeiske prisar, sist og ikkje minst 1. Grand Prize i Bordeaux International String Quartet Competition i 2010.

Zemlinsky Quartet har sidan starten deltake på mange festivalar og turnert på prestisjefylte scener i Europa, m.a. i England, Tyskland, Frankrike, Irland, Belgia og no på Hemsingfestivalen.
Kvartetten har hittil gitt ut 19 CDar, og dei har hausta topp kritikkar i dei viktigaste internasjonale musikkmagasina. For ein 4-CD boks med strykekvartettar av Dvorak fekk dei den ettertrakta «Diapason d´Or».

Namnet sitt har kvartetten etter den austerrikske komponisten og dirigenten Alexander Zemlinsky (1871 – 1942).

Eli Kristin Hanssveen

Sopranen Eli Kristin Hanssveen blir rekna som ein av dei leiande, unge sopranane på den norske operascenen i dag. Ho har vore fast tilsett ved Den Norske Opera sidan 2007 og har sidan hatt ei rekkje leiande sopranroller der. Eli Kristin er ein allsidig musikar med erfaring frå fleire musikksjangrar som pop, rock og vise før ho valde den klassisk musikken.

I 2013 ga ho ut det første albumet sitt med operamusikk, «Sempre libera». Dette er eit album med kjende operaarier som har vorte særs godt take imot både av kritikarar og publikum.

Eli Kristin har vakse opp på Biri i Oppland, og ho bur framleis i fylket.

Tor Espen Aspaas

Pianisten Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte pianistane og musikkformidlarane i sin generasjon. Han vart i 2006, som ein av dei yngste i landet, professor ved Norges musikkhøgskole. Han har blitt tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar, og han har vore solist med alle dei norske og fleire internasjonale symfoniorkestre.

Tor Espen har ofte oppdrag på festivalar og i konsertseriar, norske og utanlandske. I 2013 debuterte han i USA med ein solorecital i Carnegie Hall i New York.

I løpet av karrièren har Tor Espen gjeve ut eit titals CDar, og fleire av dei er rost i internasjonale musikkmagasin, mellom anna solo-CDar med verk av Beethoven, Schönberg, Berg og Webern. 

Tor Espen akkompagnerer Ragnhild Hemsing på debutplata hennar, «YR», og dei opptrer ilag på recitalar innanlands og utanlands.

Aksel Kolstad

Pianist og humorist Aksel Kolstad tok mastergraden ved Norges musikkhøgskole under professor Slåttebrekk i 2008 med fordjupning i klaverkonsertane til George Gershwin. Det låg etter dette til rette for ei tradisjonell karriere som konsertpianist. Men slik ville ikkje Aksel Kolstad det. Han ville kombinere briljant klaverspel med humor, og i dag er det nettopp denne kombinasjonen han er kjend for. Han framfører ei humoristisk «stand up act» kombinert med virtuost klaverspel. Han blir av mange kalla «den nye Victor Borge» og Gøteborgsposten har kalla han «vår tids Franz Liszt». Aksel har med konseptet sitt fått klassisk musikk til å bli populærmusikk blant unge.

Minken Fosheim

Skodespelar og forfattar Minken Fosheim var tilsett i Fjernsynsteatret i tidsromet 1978 – 83. Ho debuterte som Hilde i «Fruen fra havet» av Ibsen. Minken hadde fleire store roller medan ho var i Fjernsynsteatret. Etter at ho slutta der, hadde ho store roller på fleire teaterscener. Ho har utmerka seg som ein allsidig kunstnar som kan gjere alt frå dramaroller til farsar.

Minken har nådd eit stort publikum gjennom barneprogram på TV, og gjennom bøkene sine om store komponistar som til dømes «Eventyret om Mozart» og tilsvarande eventyr om Beethoven, Grieg, Vivaldi og Bach. Historiene er spelt inn på CD, og ho er blitt nominert til Spelemannsprisen fire gonger i kategorien for barneplater.

Helene Byhring Fosheim

Helene Byhring Fosheim spelar dokka Amadeus Marcellus Octavian Rosenstjert Larsen i "Eventyret om Mozart". Ho har arbeida med barneteater i 30 år, som dokkespelar på Riksteatret, ved Annes dokketeater i Frognerparken, som borneteaterinstruktør og som regissør. Rosenstjert og Minken er umoglege å skilje frå kvarandre når dei reiser rundt og fortel om dei store komponistane våre innanfor den klassiske musikken.

Valdresstrykerne

Valdresstrykerne er eit barne- og ungdomsorkester som vart stifta i 2002. Leiarane av orkesteret er Eivind Dølerud og Susanne Engelmann. Elevane kjem hovudsakleg frå Nord-Aurdal, Vestre og Øystre Slidre, og orkesteret øver ukentleg på Fagernes. I profilen til orkesteret blir det lagt vekt på å fremje samarbeid mellom folkemusikk og klassisk musikk, og dei har også samarbeidd med lokale kor.

Valdresstrykerne har elles i ei årrekkje hatt samarbeid med det spanske orkesteret Cemb som held til i Barcelona.

Gjermund Larsen

Gjermund Larsen er felespelar og komponist. Det blir sagt om musikaren Gjermund at han har uvanlege evner, innleving og stor audmjukheit. Han har vakse opp i ein folkemusikkfamilie i Verdal og har spelt og opptrådt med fela sidan han var 5 år. I 2002 vart han den yngste felespelaren i historia som vann A-klassa på Landskappleiken. I 2008 var han den fyrste til å ta eksamen i folkemusikk på vanleg fele ved Norges musikkhøgskole.

På platemarknaden har Gjermund hatt stor suksess. Særleg har utgjevingane med Gjermund Larsen Trio gjort stor lukke, og det er han som har komponert all musikken. Han har vunneSpellemannsprisen fire gonger, og samarbeidet han har med TrondheimSolistene har resultert mellom anna i ein Grammy-nominasjon for CDen «In Folk Style».

Einar Olav Larsen

Einar Olav Larsen er storebror til Gjermund Larsen. Han har musikkutdanning frå Ole Bull-akademiet på Voss, og han seier han er påverka av kjende felespelarar som til dømes Hilmar Alexandersen.

Einar Olav har gjeve ut fleire plateinnspelingar, til dømes CD med P. A. Røstads orkester og “Fjellfiolen” (2011) som han fekk Folkelarmprisen for som produsent og musikar. Med sin eigen trio, Einar Olav Larsen Trio, har han gjeve ut ”Lysblåin” (2011), og ”Turdansar frå Trøndelag” (2012). Saman med bror sin ga han i 2004 ut CDen «Søttenpassingen», og spesielt kan nemnast "Trønderbarokk" med Gjermund og Einar Olav Larsen og TrondheimSolistene som kom ut i 2014. Brørne mottok i saman Osaprisen i 2004, og dei vann tre år på rad gruppespelet på Landskappleiken.

Eldbjørg Hemsing

Eldbjørg Hemsing er oppvaksen i Aurdal i Valdres. I dag har Eldbjørg ein internasjonal karriere med oppdrag på store scener og med kjende orkestere verda rundt.

Høgdepunkt for dei siste sesongane inkluderar opptreden på Nobelpris-utdelinga i Oslo, konsertar på Kennedy Center i USA, konsertar med RTE Nasjonale Orkester Irland og på Prague Proms med Tsjekkisk nasjonalorkester, Kringkastingsorkesteret i Oslo, Staatstheater Orkester Kassel, NDR Radio Orkester Hannover og konsertar med TrondheimSolistene i Mariinsky Hall i Russland, Brno International Chamber Music Festival og i Norge.

For sesongen 14/15 har ho vorte invitert tilbake til Norrköping Symfoni Orkester for tredje gong, og ho opptrer mellom anna med MDR Leipzig Radio Orkester og RTE Konsert Orkester Irland.  Ho spelte også nyleg med Shenzhen Symphony Orchestra i Kina.

Eldbjørg er ein ettertrakta festivalartist og ho har mange store prestisjefylte oppdrag framover. Eldbjørg har motteke fleire prisar og utmerkingar. Ho speler på ein G.B Guadagnini fiolin frå 1754 som ho får låne av stiftelsen Dextra Musica.

Ragnhild Hemsing

Ragnhild Hemsing har etablert seg som solist med ein internasjonal karriere. Hausten 2013 mottok ho den prestisjetunge Beethoven Ring i Bonn, og ein del av prisen var å gje ein recital i Bonn i Tyskland i huset der Beethoven vart fødd. Dette gjennomførte ho sist vår med pianisten Tor Espen Aspaas, og konserten fekk mykje merksemd i tyske media. I tillegg til å ha recital i Tonhalle Zürich i sesongen 2014/2015, spelar Ragnhild med blant andre Tampere Philharmonic Orchestra (dirigent Santtu-Matias Rouvali), MDR Leipzig Radio Orkester (dirigent Kristjan Järvi), Bergen Filharmoniske Orkester (dirigent Eivind Gulberg Jensen), Freiburg Philharmonic Orchestra og Düsseldorf Symphony Orchestra. Ragnhild er også invitert tilbake til Festspilllene i Bergen 2015.

Ragnhild byrja å spele fiolin og hardingfele då ho var fem år gammal. Ho er musikalsk tospråkleg og kombinerer gjerne den klassiske musikken og folkemusikktradisjonan med røter i Valdres. I 2011 ga Ragnhild ut debut CDen sin, "YR". Her kjem nettopp den doble identiteten fram. CDen har fått mykje gode kritikkar både her i landet og i utlandet (td i Gramophone og BBC Music Magazine). Ragnhild spelar på ein Francesco Ruggeri fiolin frå 1694 som ho får låne av stiftelsen Dextra Musica.